Byen og menneske treng eit kvileskjer der det tek i mot det som vi ikkje sjølv kan skape.

Byen og mennesket treng eit kvileskjer der det tek i mot det som vi ikkje sjølv kan skape.

 

På trykk i spalta “Ettertanke” i Vårt Land torsdag 6. august

Jesus går rett på når synagogeforstandaren forbyd Jesus å lækje på sabbaten. Han peikar på korleis dei alle viser omsorg for krøtera, medan dei ergrar seg over at Herren lækjer ei kvinne på sabbaten. Han spør retoriske spørsmål. Men dei har likevel ikkje skjøna djupna i hykleriet. For å forstå det må disiplane då som no vende seg til den eigentlege meininga med sabbaten.

Det sentrale leddet i forteljinga om sabbaten i fyrste Mosebok er ofte oversett eller gløymd (1. Mosebok 2, 1-3). Når eg spør folk kva Gud gjorde på den sjuande dagen svarar dei fleste at han kvilte. Men det er ikkje heile sanninga. For medan han kvilte signa han den sjuande dagen, og dette er kjernepunktet i teksten. Ein biblist i Freiburg, Adrian Schenker, kallar sabbaten den vitale dagen. For dette er dagen då Gud gjev det som menneska ikkje kan gje seg sjølve. Sabbaten er vår kviledag. Men Gud kviler ikkje. Han signar.

Difor er det ikkje slik at Jesus lækjer kvinna med den dårlege ryggen sjølv om det er sabbat. Det nett på ein sabbat at det høver seg å signe kvinna med fornya vitalitet og helse. Kristus openberrer både meininga med sabbaten og sin eigen identitet som Guds Son.

Dette utfordrar oss på dobbelt vis. For det fyrste ligg det i sjølve ordninga i skapnaden eit bod om at me sjølve tidvis må stoppe opp, slik at Gud kan skape i oss det me sjølv ikkje kan skape. Me skal ikkje kvile på heilagdagen. Me skal halde kviledagen heilag, slik at me opnar oss for Guds heilt unike sabbatssigning. Og som Kristi kropp må me ransake oss sjølve og luke ut falske motiv for eigen fromheit. Held me tilbake dei gåvene me sjølv har mottatt utfrå egoistiske omsyn? Gjev me vidare av signinga Gud har gjeve oss? Viss ikkje er det kanskje me som plutseleg står der med brennheite kinn og skamkjensle i hugen medan orda slår mot oss: Hyklarar.

Advertisements