Geertgen_tot_Sint_Jans,_The_Nativity_at_Night,_c_1490På trykk i spalta “Ettertanke” i Vårt Land onsdag 5. august

Etter å ha vore saman med ein av våre statsrådar i fleire dagar i sommar har eg tenkt mykje over forvaltningsapparatet som er sett til å styre landet vårt. Eg skal medgje at eg ofte let meg provosere av politiske avgjerder, og at eg samstundes tenkjer lite over den innsatsen våre politiske leiarar og embetsverket yter for forvaltinga av Noreg. Det er ikkje alltid like lett å ta til seg orda om å underordne seg styresmaktene slik utan vidare. Det sit somme tider langt inne å ære Erna.

Men ser me verda i eit kristosentrisk perspektiv kan eg lettare klare å sjå formaningane i dag i eit friare ljos. Når Kristus, Guds ord, Logos, trer inn i skaparverket, vert også heile samfunnsordninga del av einskapen i Kristus. I Logos får alt retning, alt får meining. Gud Fader openberrar sitt vesen gjennom Sonen, og me vert alle del i Kristi lekam gjennom tru og dåp. Men Kristi lekam, den verdsomspennande kyrkja, er ikkje segregert, som om ho skulle vende ryggen til det øvrige samfunnet. Frelsesbodet ber og i seg konkret målsetting om fred, einskap og eit omsorgsfullt samfunn. Kristus sjølv vende seg utover, og gjekk i aktiv dialog med alle menneske, frå dei fattigaste tiggarane som han gav lækjedom og forløysing, til dei mest sentrale styresmaktene som han korrigerte og formante og oppmuntra.

Som samfunnsborgarar er me med på å trekke samfunnet i ei retning. Som kristne har me ikkje rett til å skrive oss ut av fellesskapen. Lesinga i dag formanar oss tvert imot til å vere medvitne aktørar som tek del i verdiskapinga og slik byggje opp under eit harmonisk samfunn. Me skal halde fast ved Ordet og vedkjenninga, og støtte opp under dei verdiane som tryggjer fellesskapen; kjærleik, age for Gud, respekt for samfunnsleiarane, og å vise ære åt alle. Rettar me desse formaningane mot oss sjølve trur eg dei fleste av oss ikkje treng leite lenge før me finn noko å bryne oss på i våre eigne liv.

Advertisements