glassmaleriPå trykk i spalta “Ettertanke” i Vårt Land tysdag 4. august

Sanninga skal gjere dykk frie seier Jesus. Pilatus i borggården svara Herren: «Kva er sanning?» Han har ofte vorte tolka som den gudsfornektande relativisten som ikkje vil ta stilling, men tek i sanning også del i forløysningsplanen der målet er full innsikt i sanninga og i fridomen i Kristus. Men kva slags sanning?

Er sanninga noko me kan legge fram, med bevis i Bibel og vedkjenningsskriftene, i dogmene og læresetningane? Spørsmåla appellerer til meg som kristen og som dominikanarmunk. Slagordet til preikebrorordenen er nemleg VERITAS – sanning. Det er eit stort og krevjande ord. Sjølvsagt er dogme og læresetningar som spring ut av kyrkja si historiske utvikling bindande. Men for det einskilde mennesket er sanning samstundes noko som berre kan falde seg ut fritt, frå ei erkjenning som veks innanfrå, ikkje noko som kan presse seg på utanfrå.

Sanninga som Kristus vitnar om spring ut frå eit jordsmonn av miskunn, og femner alt: Gud, verda, min neste, og ikkje minst mitt eige indre. Og kva er sanninga om meg? Det er så mangt: dei gode, sterke sidene, kvalitetar og gode eigenskapar. Men det er også det motsette. Det vonde, uviljen, latskapen og alt det vrange. Det avmektige, det me ikkje vil vedstå oss. Me treng mykje miskunn for å orke å sjå inn i det syndige og mangelfulle i oss sjølve, men kanskje endå meir for å klare å sjå heilt inn til den vakre personen som Gud har skapt oss til, og som han ynskjer skal få utfalde seg, slik at me ved Guds nåde finn og vinn vår eigen, Gudgjevne fridom.

Me er kalla til å vise stort mot i møte med sanninga. Kristus kallar oss til å våge å sjå, utan redsle, utan fordøming. Og når me tør å sjå oss sjølve litt meir slik Jesus ser på oss, med stort mål av nådefull miskunn, då fyllest me av sitrande fridom og ei forløyst tru som opnar vårt indre blikk.

Advertisements