Interrelligiøs pilegrimsvandring med kulturminister Tohild Widvey.  Foto: Hanne Gjørts, kulturdepartementet.

Interrelligiøs pilegrimsvandring med kulturminister Tohild Widvey.
Foto: Hanne Gjørts, kulturdepartementet.

På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land mandag 3. august

Me har feira Olsok i veka som gjekk, og mange har gått pilegrim mot Nidaros. Sjølv gjekk eg tre dagar saman med kulturminister Torhild Widvey og eit knippe truande av forskjellige konfesjonar; kristne, muslimar og jødar. Me drøfta korleis me kan skape eit betre samfunn for alle, der me tek vare på kvarandre, nedkjempar ekstremisme og hegnar om vårt felles samfunn.

På Hjerkinn møtte den vesle pilegrimsgruppa leiaren for pilegrimssenteret på Dovrefjell, Hans-Jacob Dahl. Han snakka om tre motiv for pilegrimsvandringa: bøn om lækjedom ved dei heilage stadene, botsvandringa for eigne synder og kollektiv syndeskuld, og den meir søkjande, eksistensielle vandringa som særleg pregar vår tid. Alle tre aspekta ved pilegrimsvandringa kan virke styrkande. Etter denne interreligiøse dialogvandringa er det likevel botaspektet som sit djupast i for min eigen del. Ordet bot kjem av verbet å bøte, reparere, og det er mykje som treng lækjedom i både meg som einskild menneske, og i felleskapen i landet vårt.

Eg er nemleg del av eit samfunn som ikkje bryr seg nok, og eg vert sjølv forma av det. Eg tek for lett på religionshetsen og mobbinga av mine muslimske og jødiske systrer og brør. Eg tek ikkje innover meg lidinga og smerta som pregar kvardagen til dei rundt meg. Eg går ikkje i møte dei som treng støtte. Me er mange som kan gjere bot for ukritisk å ha late seg forme av vår individualistiske livsform. Det er tida for å bøte på våre likegyldige haldningar. Lat oss setje oss mål, konkrete målbare mål, lat oss strekkje oss utover komfort-sona i eigne liv og gjere gode gjerningar der me kan.

Slik David sannar sine synder, er også me kalla til fornying og korreksjon av våre faste vanar og frå alle unnlatingssyndene me dreg innover oss. Gjer me det kan også me få kjenne noko av den same jubelen som David kjenner, slit at me som han kan seie: «Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!»

Advertisements