AKP(m-l)-arv og klosterliv har meir til felles enn ein skulle tru!

Klassekampen

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 23.07.2015

Den 12. juni i år heldt Klassekampen sin årlege sommarfest. Invitasjonen i beige og lilla med motiv av blomstrande syriner gav lovnad om sjampis, jordbær, mat og musikk. Plakaten minna elles lite om fyrstesida til månadsbladet Klassekampen som kom ut med fyrste nummer februar 1969. Der var det raude faner med hammar og sigd. Eg takka eit forsinka ja til invitasjonen, og spurte meg samstundes: Kva gjer no eigentleg ein munk midt i det gamle partiorganet til AKP(m-l)? Det fyrste hintet fekk eg i den store salen i Kunstnernes hus.

I steikande varme frå glastaket held Bjørgulv Braanen tale for dagen, og når koret stemte opp med Internasjonalen slo allsongen i taket saman med knytta nevar i karismatisk entusiasme. Det slo mest over i bedehusstemning, med eit religiøst sus over salen. Etterpå smilte folk over sjampisglaset. Då Tron Øgrim og Pål Steigan drøfta avisideen på Samvirkelagskafeen hausten -68 var det eit anna alvor, og dei ideologiske kreftene gløda om kapp med dei raudlette kinna til revolusjonsivrig ungdom. Den gongen kjempa venstresida mot kapitalisme og borgarskap, for arbeidaranes rettar og for etablering av eit kommunistisk parti.

Avislanseringa var eit utprega dugnadsprosjekt, eit felles løft der både løn og fritid synest å ha vore framandord.  I boka «Sykle på vatnet» frå 2011 skriv Alf Skjeseth om djupt engasjement og vilje til sjølvoppofring som vekkjer atterklang i munken. Det er tidvis som å lese ein helgenbiografi, og eg kjem i tankar om parallellen mellom Klassekampen og klosterlivet eg sjølv er del av.

Preikebrorordenen, også kalla dominikanarordenen etter grunnleggaren, sprang ut av eit brennande engasjement for Evangeliet. Den heilage Dominikus viste ei særleg vilje til å gå i dialog med samtida. Han skydde ikkje offentlege debattar, og tok modig til orde for det han brann for. Dei fyrste ordensbrørne levde saman i bøn og arbeid, og søkte sanninga om Gud, om verda og om seg sjølv, ei sanning som skal utfalde seg i den einskilde, og som berre let seg femne gjennom miskunn. Det er eit målretta livsprogram som krev disiplin, og difor har kandidatar til klosterkallet alltid avlagt løfter om kyskleik, lydnad og fattigdom. Den asketiske livsstilen som pregar livsforma i klostret er då så visst også del av Klassekampens historie, og bør ikkje verte gløymd, men levd! For det gjeld for journalistar som for munkar, for å vinne fram krevst det målretta disiplin. Ein må halde seg nær den bivrande nerva, den som skapar framdrift, og som alltid triggar det same spørsmålet: Quo vadis?

Det har alltid vore trøkk i dominikanarordenen, ei radikal sprengkraft som har forma teologar som Thomas Aquinas, menneskerettsforkjemparar som Las Casas, og kunstnarar som Fra Angelico. I vår heimelege kontekst kan me nemne namn som Hallvard Rieber-Mohn og tidligare skribent i Klassekampen Arnfinn Haram. Det er noko av det same trøkket eg møter under Klassekampens sommarfest. Det er pakka med folk som kan og veit, som spør og tenkjer. Som skriv. Folk med driv. Det er kan hende ikkje dei ideologiske vyane frå 70-talet som er drivande krefter i Klassekampen i dag, men der er framleis nerve, ei vilje til handling, slik det også sitrar i klosterveggane der eg bur.

Alf Skjeseth skriv om Bjørgulv Braanen at han i si programerklæring i 2002 uttrykte at ein no har behov for «en bred og inkluderende radikal og kritisk avis, ikke en som illuderer å ha alle svar på forhånd.» Dette er ei programerklæring som syner seg på trykk, i det som har vorte til venstresidas dagsavis. Det er også slik eg finn min plass i Klassekampen. Ikkje i felles tru, men i felles mål om å sjå verda med friskt blikk. Me skal brytast med kvarandre i eit felles samfunn, og gjerne tenkje og leve radikalt. Eg finn utlaup for nett dette i klosterlivet og i Gudstrua. Og i skrivinga i Klassekampen.

Den konfronterande linja som pregar både Klassekampen og preikebrorordenen får også sitt konkrete, venskapelege uttrykk under sommarfesten. Godt utpå kvelden, og med kvar sin halvliter i handa, kjem eg i prat med ein sjølvutnemd ateist som utfordrar meg på trua mi. «Gje meg eitt argument for å tru. Og ikkje kom med slikt folkekyrkjesnakk som skal romme alle. Berre gje meg eitt godt argument!» «Vel,» svarar eg, «du kan jo byrje med Gud då?»

 

Advertisements