Messe i Mørkridsdalen inst i Sognefjorden. Ein møtestad mellom Gud og hans fåreflokkar... Foto: br Haavar S ©P

Messe i Mørkridsdalen inst i Sognefjorden. Ein signa møtestad mellom Herren og hans fåreflokkar… Foto: Ludvig Hareide.

Preike for 16. søndag i det alminnelege kyrkjeåret (år B)

I forrige veke var eg på familieleir inst i Sognefjorden, i Skjolden. Me var ei gruppe på trettifem personar, med stort spenn i alder. Tradisjonen tru drog dei eldre borna og ungdomane ut på telttur for ei natt, og dagen etter kom alle dei andre deltagarane opp til friluftsmesse og lunsj. Me hadde vald oss ut ei fin slette like ved ein foss inst i Mørkridsdalen, og i liene opp mot fjella kunne me sjå sauane beite fredeleg.

I det me byrja messa høyrde me plutseleg ei sauebjelle inne i skogen, og ut på sletta attom oss kom det eit dusin sauar og lam, truskuldige og fredfulle, med ein klår intensjon om å vere med i messa, det vart i alle høve tolka slik av oss som var til stades.

Det vart så bibelsk det heile, med naturen og fosseduren, dei grøne beitemarkene, fåreflokken, eller skal me kanskje sei fåreflokkane, og Kristi nærvær i ord og sakrament. Og Kristi stemme, som me høyrer i dag, vart så intrengjande nærverande: «Kom med til ein aud stad, der me kan vere åleine, og kvil dykk litt!»

Dette er også Kristi ord til oss i dag. Kom med, til ein aud stad, kom og kvil dykk litt. Kristus inviterer oss til ei privilegert stund, ei samling prega av fred, fellesskap og bøn. Det er det me samlast om i den heilage messa. Eit møtepunkt der me senker skuldrene, fell inn i Gudsnærveret, og opnar for vårt djupare indre, der sanninga om Gud og om oss sjølve skal få falde seg ut, gradvis, og stadig djupare.

Messa er soleis ein «aud stad», ein stad for kvile som gjev nye krefter. I boka Mysteriet i trua seier Jon Fosse at det stig ei stille opp gjennom den katolske  messa. Det monotone preget, den kjente rytmen og faste ordninga skapar eit rom, ei ramme, som peikar innover mot djupet av oss sjølve, og innover, mot djupna i Gud. Her møter me hyrdingrøysta, her tek me i mot visdomen og innsikta, erkjenninga og djupare sanning om røyndomen me lever i.

Det er i øydemarka at me tek i mot det som me sjølv ikkje kan skape. Å gå inn i vår indre øydemark er å gjere seg avhengig, det er å vise seg audmjuk, sårbar, avhengig. Dette er ein radikal bodskap til ei samtid som ikkje ser verdien av veikskap. Å vere kristen er å fylgje. Å vere kristen er å lære, å lye, og å tru at Gud vil vise meg ein livsveg der eg vert stadig meir meg sjølv, stadig heilare.

Og denne heilskapen viser seg i kyrkja, Kristi lekam, der Herren sjølv er hovudet og stemma som me alle fylgjer. Me underordnar kvarandre, men i sanning er det Gud me søkjer, og som me vender oss til i bøn om at han må vise oss meir av røyndomen han har skapt.

Då messa i Mørkridsdalen tok slut byrja fåreflokkane å røre på seg, den eine gjekk tilbake opp i liene, medan den andre satte seg ved elva for matpakke, kaffe og litt sjokolade, før me vendte tilbake til sivilisasjonen.

Men mørkridsdalen ligg framleis der, i si Gudgjevne togn, ein stad å vende tilbake til med jamne mellomrom. Og messa ventar oss alltid, med si djupn og med sitt skjulte liv der me vert forma alltid meir i Guds bilete.

Advertisements