Profeten Amos

Russisk-ortodoks ikon av profeten Amos, 1700-tallet (Ikonostasis fra klosteret i Kizji, Karelen, Russland). Foto: Wikipedia

15. søndag i det alminnnelege kyrkjeåret (år B)

I dag høyrer me korleis Gud kallar Amos til å profetere for folket i Betel, og me høyrer om korleis Jesus sender ut dei tolv apostlane til å forkynne den glade bodskapen. Begge forteljingane er radikale, og spørsmålet blir: Er det slik me skal forkynne i dag? Som domsprofetar og omreisande predikantar som rister støvet av føtene om folk ikkje tek imot oss? Eg trur det ville bli livlig i Groruddalen om dette vart den nye trenden i Den katolske kyrkja. Men om me ikkje skal praktisere vår tru på slike måtar kan me kanskje likevel lære noko av både Amos og sendinga av apostlane.

Amos vert kalla av Herren, og han vert den fyrste profeten som tek dei velståande i skule og krev at dei viser omsorg for dei fattige og trengande. Betel har vakse seg rik og velstanden aukar, men dei fattige nyt ikkje godt av rikdomen, dei lir og Herren høyrer dei fattiges rop. Amos lyer Gud, sjølv om han veit at det å legge seg ut med makteliten kan koste han livet. Og når kyrkjelege autoritetar vil vise han bort står han trufast i si teneste og sitt profetoppdrag. Amos er profeten som held seg til Gud og sitt kall, som preikar harde domsord over uretten i Israel, men som også peikar framover og seier:

Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud,
då eg sender svolt i landet,
ikkje svolt etter brød og ikkje tørste etter vatn,
men etter å høyra Herrens ord.

I Evangeliet vert dette profetordet ein levande realitet. Apostlane dreg ut, driv ut demonar, lækjer dei sjuke, alt medan dei vitnar om Guds rikes kome midt blant dei. Dei vitnar også gjennom deira eigen totale overgjeving både til Gud og til menneska dei møter, i det dei ikkje skal ha noko å støtte seg på undervegs; ikkje pengar, ikkje skreppe, berre ein kjortel, sandalar (om dei ynskte det sjølv!) og ein stav i handa.

I dagens lesingar finn me altså ein profet som viser lydnad til sitt oppdrag, og me finn apostlar som overgjev seg til Gud og menneske og lever frå hand til munn. Dette er også grunnsatsen i kristenlivet. Me er òg kalla til å leve kristenlivet vårt i tillit og lydnad. Vårt motiv er ikkje fyrst og fremst tankar om dom eller straff. Efesarbrevet viser oss ei kristen grunnhaldning som formar vår livsveg på radikalt sett. Det kristne kallet spring ut frå Guds initiativ, som ei gåve som fyller oss med takksemd. Me er dei utvalde, dei velsigna, dei utfridde, dei som har fått nåde og tilgjeving. Me har fått arvelodd i himmelen Heilagandens innsegl, og i alt dette har me fått del i den gleda som fyller både dei truande og heile skapnaden, den gleda som spring ut av frelsesverket i Jesus Kristus, Guds Son. Himmel og jord er ikkje lengre delt! Gud og mennesket er knytt saman med eit band som gjer trua vår til noko meir, til noko nytt. Det er ikkje berre ei meining, ei oppfatning. Trua vert det definerande prinsippet som formar våre verdiar, våre tankar, våre val og handlingar på ein gjennomgripande måte, og som viser seg i våre konkrete liv. Og under alt dette ligg den djupe gleda, den som fyller hjarta med jubel, som vekkjer så djup takksemd at tårene spring i augo. Me er kalla til å leve kristenlivet på radialt vis, ikkje fyrst og fremst ved å vende oss utover,  men ved å vekse i audmjuk takksemd og kristen glede over dei store gåvene Gud gjev oss i livet, og for den gåva det er å få ha Kristus buande i vårt eige hjarte.

Pave Frans inviterar oss alle til å gjere liva våre til ei kjærleiksfull pilegrimsferd som stadig fornyar og omformar våre liv. Ved å sette av tid til bøn, til samliv med Han som gjev oss alle gode gåver, veks me i tru og innsikt, og me ser oss sjølve i eit sannare ljos. Då vert me og kalla til å gje avkall på egoisme, det sjølvsentrerte, på hovmod, overdriven medynk med oss sjølve, og alt som me sjølv veit held oss tilbake frå ein fri relasjon med Gud og med vår neste. Det betyr ikkje at me skal fornekte oss i våre sorger og i vår liding, våre synder og laster, det betyr tvert imot at også dette er noko Herren vil dele med oss. Det er det opne livet som er det kristne privilegiet, fridomen, gleda og freden.

På dette viset vert me som profeten Amos, som held fram rettvis lære, både i ord og handling. Og slik vert me apostlar som ved våre liv og våre handlingar vitnar om det gledesfulle evangeliet som me har fått del i.

Advertisements