Selja i Solnedgang. Foto: Hans August Wade

Selja i Solnedgang. Foto: Hans August Wade

Preken – Den hellige Sunniva og hennes ledsagere (8. juli)

I dag feirar me Seljumannamesse, festen for Sunniva og hennar fylgjesveinar. Me står ytst i havgapet, nett slik det irske fylgjet gjorde i si tid. Det er det keltiske åndslivet som gjer at me står akkurat her i dag. For skal me snakke om Sunniva og Seljumennene må me snakke om bakgrunnen dei kom frå, og kva dei hadde med seg av åndeleg og kulturell bagasje, og kvifor dei søkte til dei ytste øyer og til aude plassar, der elementa og naturen gjer seg så gjeldane.

Messe i Sunniva-grotten. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

Messe i Sunniva-grotten. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

Me veit ikkje så mykje sikkert om dei konkrete tilhøva rundt Sunniva-forteljinga, men me veit mykje om korleis keltisk trusliv blomstra der det slo rot. Keltisk åndsliv utvikla seg i møtet med den førkristne religionen i Skottland, piktarane (dei måla, dei tatoverte!), og kristendomen tok opp i seg mykje av deira spiritualitet, både i organisering og i nærleiken til naturen.

Piktarane hadde ein ikkje-hierarkisk karakter, med ei styreform som var utprega desentralisert. Dei var eit djupt religiøst folkeferd, og dei levde med ei klår overtyding om at det guddommelege var nærverande i naturen, noko som også spegla seg i kunst og liturgi. Det var med andre ord mykje som falt saman med kristne verdiar og åndsliv, og dette speglar seg i korleis truslivet falda seg ut i møte med denne gamle kulturen.

Prosesjon frå Bø til klosteret. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

Prosesjon frå Bø til klosteret. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

Keltisk kristendom fann feste, ikkje så mykje i den biskopelege, hierarkiske strukturen som i klosterlivet si organisering. Klostra var læresentra og det ordnande prinsipp for heile samfunnet i det irske samfunnet og keltisk spiritualitet, og denne kollektive forankringa gav enkeltmennesket ein sjølvsagt og heimeleg plass i fellesskapen, der Gud kalla den han ville til sine gjerningar, små eller store. Det fantest nesten ikkje martyrar i denne tradisjonen, det var kvardagshelgenen som prega kristensamfunnet. Sjølvfornekting og oppofring fekk såleis andre uttrykk: Me finn det kvite martyriet, som var brotet, utferda, pilegrimsvandringa og eksilet, og det grøne martyriet; einebuarlivet og stilla. Sunniva og Seljumennene vitnar om begge desse martyria, og leier oss inn i ein nærleik til naturen som me treng meir enn nokon sinne i dag, både i åndeleg og menneskeleg forstand. I den keltiske tradisjonen sto mennesket i eit samspel med naturen, ikkje over eller utanfor. Når munken bad den gamle bøna kalla St Patricks brynje var orda lagt like mykje i Guds munn som i hans eigen, og viser til korleis menneske og Gud møtest i det naturnære:

Eg kler meg i dag
i himmelens velde,
i strålande sol,
i månen sitt skin,
i glansen frå eld,
i hastige vind,
i djupaste hav,
i jorda si ro,
i grunnfaste fjell.

Gud kler seg i naturen, den han har skapt, og me finn vår plass i denne store, kosmiske einskapen. Slik Sunniva og Seljumennene fann Gud og seg sjølve i det naturnære, slik treng også me å knytte oss til naturen, og sjå holistisk på vårt eige tilvere. Me eksisterar ikkje einskild og individuelt, men i fellesskap både med kvarandre og naturen. Det er dette pave Frans held fram for oss i den siste encyklikaen Laudato Si, og som apellerar langt utover kretsen av truande. Me er forplikta på solidaritet, både med dei lidande og fattige, og med vår felles heim, vår eiga jord. Me er kalla til å ta ansvar, og til å lytte til Guds stemme som stig gjennom skaparverket.

Messe i klosterruinene. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

Messe i klosterruinene. Foto: Ragnhild H Aadland Høen

 

Vindfull messe i klosterruinene på Selja. Foto: Anders Aschim

Vindfull messe i klosterruinene på Selja. Foto: Anders Aschim

Og skal me nå dit, skal me finne motivasjon og feste til tydelege handlingar, då treng me å føle oss sett, høyrd, tatt imot. Me treng Selja, naturen, og stilla som stig gjennom ver og vind. Me treng å juble til vinden, sukke mot havet, skrike ut våre sorger, be om å bli høyrd. Det var i det naturnære at våre keltiske trusfrender fann Gud. Og seg sjølve. For mennesket lengtar alltid etter å bli høyrd, ikkje berre i det daglige, men i djupet, i det som vert sagt bakanfor orda. Der dei verkelege orda kan høyrest. I dette språket, som Gud let oss ta del i gjennom bøna og kontemplasjonen og i møte med naturkreftene, i dette ordlause Gudsmøtet veks også Kristusnærveret fram, slik St Patrick ser Gudsrøyndomen i sin kontemplasjon. Jesus er ikkje transcendent og fråverande men til stades her og no, slik me høyrer i bøna:

Kristus bak meg og framfor meg,
Kristus over og under meg,
Kristus med meg og i meg,
Kristus omkring meg,
Kristus på mi venstre og på mi høgre side,
Kristus når eg står opp om morgonen,
Kristus når eg legg meg om kvelden,
Kristus i kvart hjarte som tenkjer på meg,
Kristus i kvar munn som talar om meg,
Kristus i kvart auge som ser meg,
Kristus i kvart øyre som høyrer meg

Det er denne Kristusrøyndomen Sunniva og Seljumennene bar med seg frå fjerne øyer, men med hjarte som står oss nær. Og i dag kallar dei oss til venskap! Venskap med naturen, der me både lyttar til Kristi stemme, og der våre lengslar kan bli møtt av Herren sjølv.

Dei heilage menneska som døydde her ein gong i tida kunne mange keltiske bøner utanatt. Mellom desse kan det godt vere at dei kjente den heilage Columba si bøn kalla signing ved reisestart. Me let Sunniva og Seljumennene helse oss med denne bøna, inntil me ein dag skal møtest andlet til andlet for Guds åsyn:

Måtte vegen stige opp for å møte deg,
måtte vinden alltid fylgje deg i ryggen,
måtte sola alltid skine varmt på andletet ditt.
Regnet fell mjukt på åkrane dine,
og til vi møtest igjen,
måtte Gud bere deg i sine hender.

Klosterruinene på Selja sett fra Sunniva-grotten. Foto: Mathias Ledum

Klosterruinene på Selja sett fra Sunniva-grotten. Foto: Mathias Ledum

 

Messa gjekk som planlagt, og truleg med så mykje vind som ei utandørsmesse kan klare. Ei flott feiring av Sunniva og Seljumennene på denne Seljumannamessa den 8. juli.

Messa gjekk som planlagt, og truleg med så mykje vind som ei utandørsmesse kan klare. Ei flott feiring av Sunniva og Seljumennene på denne Seljumannamessa den 8. juli. Foto: Mathias Ledum

Advertisements