Henri Matisse la chapelle de Vence

14. søndag i alminneleg kyrkjeår (år B)

Det ligg djupt i oss menneske å ta avstand frå det svake, det hjelpelause. Me søkjer styrke og kraft, det er sjølve livsprinsippet som viser seg i dette. Sjå berre på spebarnet, småbarna, korleis dei strekk seg mot autonomi, sjølvstende, meistring. Det ligg i vår natur å skulle klare sjølv! Likevel høyrer me i dag Paulus som gjev eit anna vitnesbyrd. Han har fått ei openberring som radikalt endrar det synet han har på sitt eige virke. Og som kanskje endrar vår innstilling til oss sjølve?

Paulus er jo alltid så kraftfull. Han går på, det er ikkje noko som kan stoppe han, verken i gjerning eller i skrift. Før han møter Kristus på vegen til damaskus er han den ivrigaste av alle i forfylgjinga av dei kristne, skal me tru han sjølv. Men så høyrer han stemma som seier: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg? Det blir hardt for deg å stampe mot brodden!»

Han vert blinda, famlande, hjelpelaus, for seinare å skulle få sjå så mykje klarare, og preke eit forløyst Evangelium. Han vert ein brennande forkynnar, ein handlekraftig apostel som utstår alle slags prøvelsar, -steining, pisking, forlis på havet, og ei endelaus rekke dagar med sult, slit og strev.

Likvel, mitt i all si kraft, har han ein torn i kjøtet, noko som hemmar han i hans virke. Og tre gonger ber han om å få slippe si plage. Men han får eit svar som både menneskeleg og teologisk sett har store konsekvensar: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.»

Gud seier til Paulus at han må omfamne sin veikskap! Paulus forkynner og gjer mangt og mykje for Guds rike på jord, men, sier Gud, det er likvel ikkje der eg får utfalde meg mest.

Dette har fantastiske konsekvensar, ikkje berre for Paulus, men for oss alle! For kven er det vel ikkje som har ein torn i kjøtet? Kven har vel ikkje kjent på eigne begrensningar, anten det er fysiske plager, eit sinnelag som ikkje alltid gjer som me set pris på, ein mangel me tenkjer over medan me seier til oss sjølv: Eg skulle berre vore litt meir slik eller slik… – Hadde eg berre ikkje hatt det og det problemet…

Men i dag får me høyre den radikale bodskapen: Din veikskap, dine manglar, dine helseplager, all di avmakt, den opnar for Guds virke. Paulus ber om å få sleppe, både fordi han lid under si smerte, men kanskje også for at han skal få meir krefter til å forkynne. Men nett i veikskapen strålar Gud på ein måte me ikkje sjølv så lett kan sjå. Og dette leier oss til spørsmålet: kva skal denne veikskapen tjene til? Den har som mål forkynninga, vitninga, å vise ei levande tru, og slik er me alle med å byggje Guds rike. Dette er vårt profetisk kall, å halde fram Guds rike som både er midt blant oss her og no, men som også skal kome i sin fylde til sist.

Alle profetane sto åsyn til åsyn med si eiga avmakt. Moses sto imot Gud, og sa han ikkje var talefør.  Slik måtte Gud forhandle med den komande leiaren, lenge før han fekk makt og mynde til å gjere sine gjerningar. Jesaia vart kalla og svara:

Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.

Profetane såg seg ikkje verdige, dei såg til eigne manglar, eigen veikskap. Men i Guds auge var ikkje dette ein mangel, det var ein moglegheit.

Slik er det også med oss. Me ser gjerne på våre eigne liv, og ser det som manglar, det som skulle vore styrka, det me ikkje likar og helst skulle sett ikkje var der. Men Gud, han ser annleis på det. Han ser ein plass for si kraft, for sin nåde, for sine gjerningar. I vår veikskap slipp Gud til med noko me ikkje sjølv kan yte. Der me ser avgrensingar, der ser Gud moglegheitar!

De av oss som minest pave Johannes Paul II på sitt siste hugsar godt kor svekka han var, og kor han sleit med å halde seg på beina, tungt svekka som han var av Parkinsons sjukdom. Men nett i denne avmakta kunne me sjå Kristi andlet stråle, ein kjærleik som ikkje forkastar det avmektige, men som held det fram som det Gud skattar høgt.

Charles Faucould, som var opphavsmannen til Jesu små brødre, han sa ein gong: Ein time om dagen, ein dag i veka, ei veke i året må mennesket være i sin ørken. Me kunne like bytt ordet «ørken» med «avmakt». Mennesket må stå i si avmakt. For kva er ein ørken: Det er det sterile landskapet, det ufruktbare, der ingenting gror. Det er der, i vår indre øydemark, at Gud verkar gjerningar som strålar gjennom oss.

Då kunstnaren Henri Matisse skulle lage glassmaleriet i fondveggen i kapellet i Vence nytta han kaktusen som motiv. Han forma ein kaktus i full blomst, for å vise at der ingenting gror, der gjev Gud likevel vekst.

Kjære vener, slik er det også med oss. I vårt mangelfulle jordsmonn, der veks det likevel fram dei vakraste plantene, og slik vert me både konge, prest og profet, utan at me veit det. Me vert Kristi andlet, skjulte som Kristus sjølv var skjult for sine eigne i Nasareth. Så lat oss i dag overgje våre sorger, sår, manglar, sjukdomar og lidingar til Herren, og be han virke gjennom heile oss, både i vår styrke, og i vår avmakt.

Advertisements