EAT-gründer Gunhild Stordalen og pave Frans dreg i tospann i miljøsaka.

Gunhild Stodalen under EAT-konferansen i Stockholm. Skjermdropp fra NRK

Gunhild Stodalen under EAT-konferansen i Stockholm. Skjermdropp fra NRK

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 02.07.2015

Miljøvernsaka og påstandar om dobbeltmoral har fåttmangetil å sjå både raudt og grønt dei siste vekene. Då Kjetil Rolness gjekk ut på Facebook mot Gunhild Stordalen og EAT-konferansen i Stockholm byrja debatten om debatten. Men sjølve miljøsaka fekk òg eit løft, Rolness fortener ein takk for mogleg utilsikta men positiv verknad. Ikkje lenge etter hans eggjande innspel ville forsynet det slik at paven lyfte tematikken vidare. Den 18. juni sende pave Frans ut eit rundskriv kalla Laudato Si – «Lova vere du», der han tar opp spørsmål kring miljøet vårt. Dokumentet skil seg frå tidligare rundskriv fordi strekk seg utover eit indrekyrkjeleg perspektiv. Sidan temaet gjeld vår felles heim finn paven det rett å adressere seg til alle familiemedlemene i denne heimen, jorda vår. Menneskets felles framtid står på spel, og me har alle eit ansvar for å ta vare på vår felles bustad.

Gunhild Stordalen og pave Frans har mykje til felles i sine miljøprogram. Stordalen ynskjer å skape ein organisasjon som skal vere bindeledd mellom forskinga, næringslivet, politikken og forbrukarane. Det er eit program som femner vidt og som ser miljøsaka i eit holistisk ljos. Skal ein skape endring må ein sjå samfunnet i samanheng, og motarbeide dei fragmentariske tendensane som pregar vår kultur. Då må ein mellom anna knytte saman den teknologiske utviklinga med nedkjemping av fattigdom, styrkt kunnskap, og betra miljø- og helsetiltak.

Dette er også sentrale poeng i paven sin bodskap. Den grunnleggande premissen er solidaritet og omsorg, som gjeld for alt og alle. Me må bort frå det einsidige fokuset på nytteverdi (som har kapitalismen som drivande kraft) og sjå skaparverket i eit meir humant og kollektivt perspektiv. Me er ein del av biosfæren, og soleis forplikta og avgrensa av rammene vår eiga jord gjev. Sjølv om paven ikkje driv politikk har utspela hans politiske konsekvensar heilt på linje med Stordalens politiske program. Det som likevel skil pave Frans aller mest frå Stordalen er den religiøse dimensjonen som også den berande i rundskrivet. Kyrkja ser til Skaparen som rettesnor i miljøsaka: Er Gud nytteorientert i sitt kosmiske skaparprosjekt? Nei, vil paven og Den katolske kyrkja sei. Heile kosmos og vår jord er eit overskotsfenomen, som spring ut av ein skapartrong som liknar meir på kunstnaren enn på ingeniøren. Gud skapar ei verd som har som mål å vere til i seg sjølv, ein symfoni av samspel mellom alt som finst. Her står mennesket ikkje som herskar, men som forvaltar og med-skapar. Dette omsorgsfulle ansvaret må me no ta inn over oss, seier pave Frans, ettersom all forsking indikerer at me går mot stadig alvorlegare miljøkriser.

Å styrke ansvarskjensla til enkeltmennesket er nok det vanskelegaste å realisere for både Stordalen og paven. Når Rolness ironiserer over EAT-konferansen og konkluderer med at det er forbrukarane sjølv som må slutte å kjøpe bensin og raudt kjøtt, då pirkar han samstundes borti eit kritisk punkt. For korleis skal eit samfunn som baserar seg på stadig meir radikal individualisme få kvar einskild til å gje avkall på goda her og no til fordel for fellesskapens beste i ei vag framtid? Korleis byte ut McCheese med økologiske knaskerøter?

Paven er tydeleg på dette punktet: Skal ein oppnå omfattande og varig endring må det eit paradigmeskifte til, ein kulturell revolusjon som byggjer på etiske verdiar og moralsk ansvarskjensle: «Me må våge å gjere det som hender med og i verda til vår eiga, personlege liding. På det viset kan me oppdage kva kvar einskild kan gjere i livet sitt». Men han formanar også til endring dei strukturelle mekanismane som i dag dreg oss bort frå sann velferd som inkluderer alle. Dette er også Stordalen sin sentrale bodskap. Me må påverke dei vala folk tar, og ikkje minst dei som sit med makt og mynde til å legge premissa for desse vala.

Eg må innsjå at søpla og forgiftinga, hungeren og overvekta, overforbruket og ekstremluksus og heile verdas fattigdom, at alt dette sperrar for mi eiga personlege lukke. Eg må ta grep og gjere ein innsats for å motverke sjukdomen me som samfunn er ramma av. Då må eg byrje med meg sjølv, og piske meg sjølv ut av den dyssande sjølvsentreringa. Sidan kan Erna Solberg piske seg frå ideen om søndagsopne butikkar. Kan hende treng me òg ein Rolness i kjøtet, ein irriterande torn som provoserer men som på sitt vis vert del av forløysinga?

Advertisements