Frå Lourdes, der mange har funne åndeleg, sjeleleg og kroppsleg lækjedom.  Foto: br Haavar S.  ©P

Frå Lourdes, der mange har funne åndeleg, sjeleleg og kroppsleg lækjedom.
Foto: bror Haavar S. Nilsen ©P

13. søndag i det alminnelege kyrkjeåret (år B)

Har de lagt merke til at når du ser nokon gjespe, då smittar det? De kan berre prøve det, som ein liten uskuldig «prank». Lat som du gjespar framfor nokon, så skal du sjå at det virkar, at det smittar. For det er slik at me menneske vert smitta av omgjevnadane. Og dette gjeld på mange plan; helsemessige, sosiale, miljømessige. Me er redde for epidemiar og sjukdom. Me vert forma av samfunnet og kulturen me er ein del av, på godt og vondt får ein sei. Og me vert prega av naturen. Alt verkar inn på mennesket.

I ein vakker film kalla «Jordens salt» fylgjer me fotografen Sebastião Salgado i hans lange og krevjande karriere som førte han frå å skildre arbeidarkår for dei fattige i verda til å vere vitne til dei verste hunger- og krigsscenene i Afrika. Han vart demoralisert, vondskapen smitta over på han, og han miste håpet og trua på menneska.

Samstundes som han reiste verda rundt i sitt  yrke hadde barndomsgarden han vaks opp på vorte til ørkenland, etter at faren hadde seld skogen for å få råd til utdanning til borna. Endringa i mikro- og lokalklimaet førte til erosjon og tørke. Det frodige landskapet vart til ørken. Men kona til Sebastião fekk ideen å plante ny skog. Og langsamt vann plantene terreng. I dag har dei planta fleire millionar tre på eigendomen, og den inntørka dalen har no vorte ein oase. Og samstundes som trea veks til vart sjela til fotografen langsamt lækt. Han fann att håpet i livet, kjærleiken til sine nære, og tru på ei betre felles framtid. Det er slik lækjedom pave Frans lyfter fram i den nye encyklikaen Laudato Sii. Me må sjå vårt tilvære i einskap med naturen, og i einskap med kvarandre. Det nyttar, om me berre går inn for det.

Likevel møter me i dagens lesningar ei ytste grense som me ikkje kan rå ved. Når sviktande helse slår oss, og når døden kjem inn i livet står mennesket makteslaust. Då kjem me til kort, sjølv om me gjer alt som er i vår makt. Og når mennesket når si ytste grense står det også på eit val. Enten tenkjer mennesket at det er slut, eller så ser det mot høgare krefter. Den kristne kyrkja har alltid levd i tillit til Guds nærvær og handlande kraft. Me har ein frelsande Gud me kan vende oss til, slik som me høyrer om i dag, både kva gjeld kvinna med blødningar, og synagogeforstandarens dotter.

Dei kallar på han dei håpar på, den einaste som kan hjelpe dei i ein fortvilt situasjon. Og Jesus kjem dei i møte, men ikkje på det viset som var vanleg på Jesu tid. For ein jøde var det uråd å røre ved noko ureint utan sjølv verte smitta. Då måtte ein gjennom ei reinsing som kunne ta lang tid, avhengig av kva ein hadde vore i kontakt med. Kristus let seg ikkje stoppe av desse reglane. Kvinna rører ved Jesus, og ho vert lækt. Herren tar det døde barnet ved handa, som straks kjem til liv. Med desse handlingane snur Kristus om på  heile tanken om reinskap og smitte. Det er ikkje lengre det reine som vert smitta av det ureine. Det er det reine som smittar omgjevnadane. Det sunne smittar det sjuke. Livet smittar døden.

Det er smitten av det heilage som pregar Jesu liv og virke. Det er ein livgjevande smitte, som ber i seg håp, glede, kjærleik. Og Kristus held fram å smitte oss med sitt heilaggjerande, kjærleiksfulle nærvær. Til hjelp har Gud innstifta kyrkja, Kristi lekam, og gjennom denne lekamen har han skjenkt oss sakramenta, som Gud knyter sine løfter til. Han ber oss om å nytte oss av sine livgjevande medel; den nærande kommunionen, den reinsande forsoninga i skriftemålet, den styrkande Anden i sjukekommunionen, etter at me fyrst er knytt fullt og heilt til Kristus i dåpen.

Som kristne mottek med desse gåvene, og samstundes kallet til å leve ut dette Kristus-nærværet i verda. Me er kalla til å leve ut det kristne håpet, det håpet som smittar. Me er kalla til å legge våre liv over i Guds hand, og sette vår lit til han som rår over liv og død, slik som både kvinna med blødningane og synagogeforstandaren gjorde i møte med Jesus. Slik vert me levande vitne, med tru og von som smittar inn i verd som lengtar etter fred, helse og liv i overflod.

Detalj frå alteret i Basilique de St Sernin i Toulouse. Skildring av Kristus, som lyser så sterkt at sjølv englane vert blenda og må snu seg bort...  Foto: bror Haavar S. Nilsen ©P

Detalj frå alteret i Basilique de St Sernin i Toulouse. Skildring av Kristus, som lyser så sterkt at sjølv englane vert blenda og må snu seg bort…
Foto: bror Haavar S. Nilsen ©P

Advertisements