120421 Iona Studieretrett267

Vår på Iona, Skottland. Foto: bror Haavar Simon ©P

11 søndag alminnelige kyrkjeår år B

I vekene som har gått har me hatt mange, store feiringar. Påsketida fullendast ved festen for Den Heilage Ande. Deretter fylgjer trefoldigheitssøndag, som leier oss inn i Gudsmysteriet der me får del i Gudsrelasjonen og i einskapen med Gud. Sidan har me feira Kristi lekams og blods fest, der me prisar den inkarnerte Gud som gjer seg til eitt med oss og som opnar for kjærleiksmåltidet som leier oss til fred og frelse. Og no sist fredag var det Kristi hjartefest, ei feiring som leier oss nettopp til hjarta i Kristi lekam, til Kristi audmjuke hjartelag, slik Herren seier om seg sjølv: «Jeg er mild og ydmyk av sinn». Den nynorske omsetjinga er om mogleg endå sterkare og endå meir avkledd: «Eg er mild og mjuk i hjarta» (Matt 11,29).

Mjuk i hjarta. Lær av meg, seier Kristus. For mitt åk er godt, og mi bør er lett. (Matt 11,30) Det er som om Gud har gjeve oss alt me treng desse siste vekene for ny vekst i vårt indre. Han viser oss kven han er, den trefaldige Gud, ein av oss, med eit hjarte som oss, som brenn for oss, og med eit hjartelag han framfor alt deler med oss og fører oss inn i.

Det er vekstsesong, og dette kan me sjå på to plan; det indre, personlege, og det kyrkjelege.

Lat oss ta det siste fyrst. Til hjelp for å forstå Kyrkja si vekst vil eg dele med dykk noko eg opplevde i vinter. Eg var på seminar for å snakke om Den katolske kyrkja, saman med ein svært triveleg pinseven-pastor og ein representant for Korsvei. Denne siste omtala organisasjonen sin som relativt liten og ny, som det ytre greinverket på eit tre. Pinseven-pastoren sa at om Korsvei var ytre greiner var Pinsevenrørsla (slik ho omstiller seg på så mange plan i dag) som ein ytste kvist, som ein knopp som skyt. Båe såg den katolske kyrkja som treet, med kvist, grein og stamme, djupt rotfest i historia.

Eg synst i grunn det er fair. Men ein må vakte seg så ein ikkje vert forførd av eigen styrke. Charles Peguy har meditert over både Kyrkja og trua som eit tre, og han peikar på eit viktig poeng: Det kan sjå ut som om knoppen på treet er ein liten snyltar, noko som lever av og på treet. Men, seier Peguy, det er i sanning tvert om. Det er frå knoppen livet kjem. Utan knopp, inga tre! Utan nye skot vert ikkje treet det det skal vere. Då vert det berre hard, livlaus bark som i seg sjølv ikkje er anna enn ein hardna og elda knop, og treet er berre tørr ved. Og den tørre veden, seier Peguy, skal kastast på elden… Nei, livet det ligg der ute, i det ytste greinverket, i dei minste kvistane, og i det skjøre bladverket som lever skjelvande og sårbart. Og han konkluderar:

«Alt liv springer ut av ømhet, fra den fine lille spiren i april, fra sevjen som gråter i mai og fra bomullen på den ørlille hvite knoppen, som er kledd, varsomt beskyttet av en dott fra et teppe av ull. I denne bomullsdotten ligger alt livs hemmelighet» (Charles Peguy, De uskyldige barns mysterium)

Og nett i dette biletet møtest både kyrkja sitt liv og vår indre tru. Me skal ikkje la oss forføre av eigen styrke, anten me snakkar om Kyrkja eller vår eiga tru. Me skal la oss leie til det avdekte i oss sjølve. For å vekse som menneske treng me å møte det sårbare håpet som skal spire, håpet om frelse, håpet om tilgjeving, håpet som gjer at me utheld oss sjølve.

«Eg er mild og mjuk i hjarta» seier Kristus. Det er dette Kristus vil lære oss. Jesus, det vesle, håpefulle diebarnet ved Marias bryst, den vesle guten, den leikne ungdomen, som til slut som vaksen låg på kne i ein hage i svarte natta og klamra seg til eit siste håp. Han leier oss til det mjuke hjarta. Det er i dét jordsmonnet såmannen kan strø ut sine gåver. Det er i denne molda at det uventa, store, rike kan vekse fram. I Kristus vart Gud og menneske foreinte, og slik viste Herren oss korleis me kan vekse nærare Gud. Kristus sjølv vart grunnbjelken som ber heile byggverket. Slik vaks kyrkja seg frå ein spire av håp til det store treet det er. Og slik får me plass, heilt ute i det ytste greinverket, i eit tre som stadig skyt nye skot. Må Gud signe våren og alt håpefullt liv.

Advertisements