På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land laurdag 23. mai

image
Lesning for laurdag 23.mai: Joh 7, 37-39

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.

__________________________

Den tredje personen i Guddomen er ikkje så lett å famne i ord. Då kan det freiste å snu seg mot Jesus, som er langt nærare, langt meir talefør og menneskeleg, han som er ein av oss. Anden kan verke langt meir uhandgripeleg, udefinerbar. Han er den tredje personen Guddomen, men let seg ikkje så lett fatte ved våre omgrep. Me har gjerne ei meir statisk forståing, og klarar berre til ein viss grad klarar å femne den dynamiske rørsla mellom personane i den trefaldige Gud.

Ein amerikansk fransiskanar, Richard Rohr, held fram at den trefaldige Gud langt betre kan kallast eit verb heller enn eit subjekt. Gud er relasjon, sjølvuttømande kjærleik som flømer mellom personane. Rohr viser til Richard av St. Victor, ein skotsk teolog og mystikar som levde på 1100-talet, og som femna det trefoldige mysteriet i Gud med desse orda:

Skal Gud vere sanning må Gud vere ein.
Skal Gud vere kjærleik må Gud vere to.
Skal Gud vere glede, må Gud vere tre!

Anden og gleda heng altså saman. Levande gledesvatn skal strøyme frå vårt indre, elvar av liv som bløyter vår åkermark, gjev vekst, liv og Gudgjeven lukke. Og denne straumen er Gud sjølv, tre i ein og ein i tre. Dette vert klart når Jesus forklarar disiplane kvifor han må forlate sine vener. Faderen talar til Sonen, som talar til Anden, som vil leie oss fram til heile sanninga (Johannes 16,13).

For eit driv i Kristi ord! Det går ein straum, eit kjærleikens dulgde språk, frå Faderen til Sonen, og ved Anden like til oss. Heilage ord vert driven fram, og me vert dregne med inn i leiken, i livet, og får oppgåva å vere talsrøyr og møtestad mellom Gud og menneske. Det pinsefest og glede, bli med og lat den heilage livsstraumen føre oss dit den vil.

Advertisements