På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land fredag 22. mai

Pinsefesten
Lesning for fredag 22.mai: 1. Mos 11,1-9
Heile verda hadde same språk og same ord. 2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!» 5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

_____________________________

 

I eit framtidsscenario frå 1907 skriv Robert Hugh Benson om eit humanistisk rike der kristentrua er erstattta av trua på mennesket, ei tru med panteistiske undertonar. «Mennesket er Gud» er den enkle trusvedkjenninga til framtidshumanistane. Når dei stemmer i allsang kan ein endå til høyre bibelvers som seier at «Gud er inne i dykk», og «størst av alt er kjærleiken». Benson teiknar eit bilete av ei verd som samlast i ein rasjonell og framtidsretta einskap, med maksimum vekst og nyting, og minimum liding. Det avgjerande spørsmålet reiser seg i og mellom linjene: Kan verda verte eitt om menneska ikkje lenger snakkar med Gud?

Forteljinga om Babel er ein av dei kortaste og mest presise bibelske utgreiingane av dette spørsmålet. Ei verd som samlast utan feste i Gud er ei farleg og sjølvforherlegande verd. Ho vil mangle ankerfeste og mål, og lausriven frå sin Skapar vil det menneskelege samfunnet miste dømekraft.

Me står i ein åndskamp, ikkje fyrst og fremst i spenninga mellom truande og ikkje-truande, men i verdssamfunnet generellt. På den eine sida ser me korleis ekstremindividualisme og kapitalisme korruperar mennesket og skapar liding, splid og krig. Samstundes ofrar stormaktene og nasjonane store ressursar på fredsmekling og hjelpearbeid. Det er motstridande rørsler innanfor eit og same samfunn.

Gud er ikkje likegyldig til denne splittinga i mennesket. Om Gud spreier menneska i eit vedvarande babbel, kjem han oss til sist i møte og gjev oss eit nytt språk. Pinsefesten er ein multilingvistisk jubeldag! For sjølv om disiplane talar alle språk byr Heilaganden på eitt felles, samlande tungemål, som foreinar kvart menneske og heile samfunnet med Gud. Det er det audmjuke språket Gud gjev i gåve på pinsefesten. Eit lyttande, levande språk som gjev Gud rom til å samtale med oss, og som opnar hjarta for Kristi røyst.

Advertisements