På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land torsdag 21. mai

Lesning for torsdag 21. mai: Rom 5,1-5 

Detalj av krusifiks i Hedalen stavkyrkje. Foto: HSN ©P

Detalj av krusifiks i Hedalen stavkyrkje. Foto: HSN ©P

Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp. 5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.

____________________________

 

Vi er ikkje berre stolte over håpet om Guds herlegdom, seier Paulus, me er òg stolte over lidingane! Jesus sto på dei lidande si side, saman med dei fattige, dei sjuke, dei utstøtte. Slik synte han oss den djupe solidariteten med dei svakaste. Han gav oss ein trusveg å gå, der me ikkje skyggar unna smerta i livet, men tek imot prøvelsane slik han sjølv gjorde. Tru er nærare knytt til fortviling enn til tvil, seier Jon Fosse i boka «Mysteriet i trua». Den krossfeste Gud er dei avmektiges Gud. Han er den gud som sigrar gjennom si avmakt på krossen.

Å sjå smerta i livet som ei signing er mogleg, men aldri enkelt. For korleis kan me halde motet oppe når sjølve livet er truga?

Under studietida mi i Frankrike vitja eg pasientar ved ei palliativ avdeling ein gong i veka. Mellom dei mange døyande fekk eg kontakt med ei eldre dame. Hennar tilstand endra seg raskt til det verre. Siste vitjing fall på ein skjertorsdag. Ho fortalde meg at trua svann. Ho kunne ikkje kjenne nærværet av Gud, alt var tomt. Utan å tenkje meg om sa eg: «Du har aldri vore nærare Gud enn det du er no.» Ho så på meg med eit vantru blikk. Eg held fram: «Hugsar du Kristus i Getsemane? Han kalla på Faderen, men fekk han svar? Og då han hang på krossen ropa han ut: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» I denne time er du blitt meir eitt med Kristus enn du nokon gong har vore.» Det gnistra i augo hennar og ho utbraut: «Du veit ikkje kva du ber meg om!» Det var sant. Avmektig sat eg utan ord. Likevel svara eg varmt og rolig, som om det var ein annan som tala: «Nei, eg veit ikkje det. Men eg veit at det er sant.»

Min skriftefar var hennar næraste ven, og då han vitja henne på påskeaften kunne han fortelje om ein ny fred som hadde lagt seg over henne. Ho sovna stille inn fyrste påskedag, rotfest i eit håp som aldri sviktar.

Advertisements