image

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12.03.2015

Moral er ikkje ei privatsak, men involverar både den enkelte og samfunnet.

Eg er på reisefot på nasjonaldagen. Etter åtte dagars retrett på øya Iona på vestkysten av Skottland dreg eg til Toulouse for å feire 800-årsjubileet til dominikanarordenen. Undervegs spør eg meg kva moralske føringar som held oss saman som nasjon, alt medan eg arbeider på pinsepreika, den kyrkjelege fødselsdagen då Heilaganden vart dei truande til del. Medan andre viser seg i finstasen på facebook og myldrar rundt på norske torg og gater ber eg morgonbøn i eit keltisk kapell utan anna nasjonalpynt enn den eg improviserar fram ved hjelp av banda i bøneboka. Eg føler meg litt utanfor, men nett dette utanforperspektivet vekkjer nye tankar.

Eg tek ferga over sundet frå Iona. Ei kvinne i femtiåra har køyrd i to timar for å hente meg på kaia ved Fionnphort ytst på øya Mull. Samtalen undervegs mot Craignure dreier snart mot tru og levd liv. Ho fortel om sjukdom og og død i familien, om tru og angst. Livet ber med seg tunge prøvelsar. Når me kjem fram høyrer eg hennar skriftemål på ein parkeringsplass medan blikket mitt fylgjer ein fiskebåt som langsamt glir over fjorden. I gamal, katolsk tid var den sakramentale røyndomen sjølvsagt i Noreg. No veit ikkje folk flest kva ordet sakrament tyder; synlege teikn på Guds usynleg nåde. Trua er på vikande front, men ei var kjensle for det åndelege er framleis til stades. Folkesjela er ikkje kristen. Ho er heller, slik Odd Nordstoga sa om seg sjølv i eit intervju i Syn og Segn, av kristenmannsblod. Men det finst stadig fleire og meir markante unntak.

På ferga over til Oban les eg ein artikkel av Ole Martin Moen, The ethics of pedophilia, der han argumenterar for at dei pedofile skal ha rett til å leve ut si legning, så lenge det ikkje skadar andre. Moen konkluderar praktisk og pragmatisk: «Å nyte fiktive forteljingar og dataskapt grafikk med pedofilt innhald er i seg sjølv moralsk akseptabelt. (The enjoyment of fictional stories and computer-generated graphics with pedophilic content is, in and of itself, morally acceptable.)» Det fell ikkje eit ord om at ei slik løysing kan skade den det faktisk gjeld eller samfunnet som heilskap. Heller ikkje korleis logikken står seg i møte med zoofili, nekrofili eller andre legningar. Med sin radikale hedonistiske og individualistiske tankegang læt Moen som Lene Kongsvik då ho under komiprisen i 2009 sang enkeltindividets protestvise: «Jeg ække sånn at jeg liker å stå veldig lenge i kø da. Jammen, jeg liker å gå bare gjennom, for sånn er jeg.» Kan ein byggje felles nasjonale verdiar på hedonistisk egosentrisme? Grunnpremisset til Moen liknar på det ytste skotske kystlandskapet, oppstykka og avskild, istykkerrivne øyer med dårleg samband.

Den katolske kyrkja er på mange vis motstykket til denne utnullinga av verdien av felleskapen. Ho ser kyrkja som ein lekam, der alle har ein plass, ei oppgåve og eit dobbelt mål å strekkje seg mot: tillitsfull einskap med Gud og kjærleg omsorg for mennesket forstått både som individ og som felleskap. Sjølvsagt er ikkje kyrkja fullkomen i realiseringa av sin visjon korkje kva gjeld tru eller menneskeleg omsorg. Ho kastar ikkje vrak på målet av den grunn, men formanar til fornya felles ansvar og handling. Den sosiale dimensjonen pregar òg kyrkja sitt syn på samfunnet som heilskap. I eit sunt samfunn vil ein søke å vekte individet opp mot kollektive omsyn. Moral er ikkje ei privatsak. Den einskilde sitt val har innverknad på heilskapen. Denne tanken står svakt i vår samtid, fokuset er retta mot den enkelte og det frie val. Den individuelle tilnærminga gjer det vanskeleg å diskutere moralspørsmål på eit kollektivt plan. Det som er greit for den eine er ikkje nødvendigvis så greit for heilskapen. Praktisering av eutanasi er eit døme på dette.

Eg kjenner eg er trøytt på dei forvirra argumenta: forventinga om individets totale fridom, behovet for aksept frå samfunnet, kravet om underhald frå det offentlege, og den manglande viljen til å ta felles ansvar og drøfte konsekvensar og moral på kollektivt nivå.

Me treng eit mirakel tenkjer eg medan flyet set kursen mot Toulouse. Me treng eit lite folkeunder som stiller seg ope for moralsk og etisk drøfting som famnar breiare, som loddar djupare, og som tør vere ærleg om brytningane ein møter i spennet mellom individ og samfunn. Mirakel har skjedd før, det kan skje igjen. God pinse!

_________________________________________

 

Tilsvar frå Ole Martin Moen den 23. mai:

Pedofili

 I Klassekampen 21/5-2015 diskuterer pater Haavar Simon Nilsen artikkelen min, «The ethics of pedophilia», som nylig sto på trykk i Nordic Journal of Applied Ethics.

 I artikkelen tar jeg til orde for at vi bør ha et mer gjennomtenkt forhold til hvordan vi som samfunn håndterer pedofili, slik at vi kan hindre skade på barn. Vi bør prøve å dempe den totale fordømmelsen, slik at pedofile kan tørre å fortelle lege eller psykolog om seksualiteten sin – og slik at pedofile forstår at de er ansvarlige for valgene de tar, ikke for seksualiteten de har.

 Som en del av skadereduksjonsprosjektet diskuterer jeg psykologisk forskning som tyder på at tilgang til datagenerert pornografi med pedofilt innhold hjelper pedofile til å unngå å utføre overgrep.

 Nilsen tolker mitt syn på datagenerert pornografi til å være et uttrykk for en ekstrem liberalisme der alle, også pedofile, skal få gjøre akkurat som de vil. Han kaller det hedonisme, liberalisme og egosentrisme, og hevder at jeg ikke har «eit ord om at ei slik løysing kan skade den det faktisk gjeld eller samfunnet som heilskap».

 Jeg forstår ikke hvordan pater Nilsen kan tolke meg dithen. Men jeg forstår at artikkelen min faller ham tungt for hjertet. Jeg tar til orde for at vi ikke bør undertrykke og fortie den vanskelige seksualiteten, slik den Den katolske kirke har gjort så alt for lenge. Selv om fortielse kan føles godt for moralen vår, vet vi både fra kirken og fra andre steder at det bare gjør vondt verre.

 Ole Martin Moen

 __________________________________________

 

Svarinnlegg til Ole Martin Moen av bror Haavar S

Eit livsspørsmål

Ole Martin Moen svarar på min kronikk forrige torsdag den 22. mai. Eg støttar Moen i hans forsett om å endre våre haldningar til menneske med pedofil legning. Ingen skal verte fordømde for legning, det er handlingane som skadar. Som dominikanar står eg sjølv i ein tradisjon som alltid har søkt å femne menneske, også i det skadde og det ufullkomne. Eg og Moen einast soleis om ei meir open haldning i møte med menneske med avvikande legningar, men korleis hjelpe dei som ber på ei slik bør, og på kva premiss?

Moen argumenterar for fri tilgang av datagenerert porno. Det underliggande premisset er fri seksuell nyting utan å skade nokon. Men er dette det grunnleggande spørsmålet for menneske med pedofil legning? Livet for ein pedofil handlar vel ikkje fyrst og fremst om å få utløysing. Det handlar om å få ordning på heile livet sitt, og leve med ein integrert seksualitet som aldri vil kunne la seg realisere i eit verkeleg forhold utan høgst sannsynleg å gjere vald på andre, det vil sei borna. Det er difor eit heilt livsdrama det handlar om, ikkje eit isolert spørsmål om seksuelle stimuli til skade eller ikkje for samfunnet.

Dette er ikkje ei sak som fyrst og fremst handlar om kjensler slik Moen seier. Det handlar om å legge best mogleg til rette for alle menneske, og skape eit samfunn som tek vare på alle. Eg trur Moen godt kan sjå nærare på sine eigne premiss i sitt arbeid. Og Moen kan gjere mykje godt for mange allereie i sitt eige forsett om å dempe forakt for menneske som ikkje har gjort noko gale, men som lid under tyngda av fordøming.

Advertisements