På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land tysdag 19. mai

Foto: Sara Nordby

Foto: Sara Nordby

 

Lesning tysdag 19.mai: 1 Mos 2,4-7
Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen. 5 Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne. 6 Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata. 7 Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.

__________________________

 

Ein gong i året, på tysdag i den stille veka før Påskefeiringa, vigslar biskopen dei sakramentale oljene som vert brukt gjennom året i alle kyrkjelydar og kloster i det katolske bispedømet. Desse oljene vert nytta til sjukesalving og katekumenolje, medan krisma-olja, som angar herleg av krydderoljer, vert nytta til dåp, konfirmasjon, presteordinasjon og kyrkjevigsel. Til skilnad frå dei to fyrste oljene vert krisma-olja vigsla ved at biskopen i tillegg til handspålegging og forbøn andar over behaldaren. Dette var eg sjølv vitne til for to år sidan, då eg fekk oppdraget å lyfte dei store flaskene med olje opp på altaret. Då biskopen bøygde seg fram og pusta over opninga, la det seg eit lite lag med dogg yvst på kanten. Eg kom i hug Guds livspust frå fyrste mosebok, som Herren bles i nasen på mennesket så det fekk liv.

Desse synlege teikna som kyrkja brukar i sakramentale handlingar er vakre og innhaldsmetta uttrykk for ein mykje større nåde som Gud skjenker oss uavlateleg. Kyrkja sine synlege, sakramentale teikn er uttrykk tilpassa oss menneske, og vitnar om den overveldande, usynlege nåden som Gud til ei kvar tid fyller heile skaparverket med. Guds livspust strøymer gjennom skaparverket og inn i menneskets indre, og held til ei kvar tid liv i alt som lever og rører seg. Frå Guds ande legg det seg ein livgivande dogg på våre hjarta, lik manna i ørkenen.

I vigslingsbøna til biskopen les me: «Ved dåpens vann utslettes alle synder, og ved salvingen med olje blir våre ansikter glade og klare.» Må Heilaganden gje oss kraft og glede, slik at livet i Kristus vert synleg i våre andlet.

Advertisements