På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land måndag 18. mai

Jesus Christ - detail from Deesis mosaic, Hagia Sophia, Istanbul

Lesning for Måndag 18. mai: Johannes 3, 16-21

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

_____________________________________

På ein pub i Nord-Norge kom eg i prat med ei ung jente som ville vite om eg var ekte munk. Testen sto på om eg kunne sitere Johannes 3,16. Alt gjekk bra heilt til eg rota meg bort mot slutten, då eg blanda barnelærdomen med den katolske omsetjinga der Gud gjev «sin enbårne sønn til pris». Eg trøysta meg med at starten sat: «For så høyt elsket Gud verden…»

Bokmål-versjonen dreg tankane i kvantitativ retning. Det minner om eit nyforelska par som ytrar sin kjærleik og seier: «Eg elskar deg berre så utrulig høgt!» Det læt fint, ein stor og brennheit kjærleik som fyller dei elskande, ein kjærleik så stor at orda kjem til kort. Bokmål-omsetjinga er likevel noko misvisande. Verset handlar ikkje om grad av kjærleik, om kor mykje Gud elskar. Ein må ty til den nynorske oversetninga for å kome til kjernen av dette verset: «for så elska Gud verda» (Οὕτως). Altså, på det viset elska Gud verda. Det er ikkje ein kvantitativ skilnad, men eit kvalitativt skilje som gjer seg gjeldane. Kva er dette skiljet? Korleis er det då Gud elskar?

Johannes 13,1 set ord på korleis Guds kjærleik utfaldar seg. Kristus elska sine eigne «heilt til det siste», eller meir ordrett; til enden eller til fullendinga (τέλος). Gud elska sine til enden, altså, heilt fram til målet! Og dette er den kvalitative tydinga av Guds kjærleik i Johannes-evangeliet. Gud elskar ikkje høgt eller lågt, han elskar annleis. Gud elskar guddommeleg. Han elskar oss heilt til me når fullendinga, til me vert eitt i Gud. Så høgt elskar Gud verda.

Advertisements