3. søndag i påske år B

Fra korsveien St Dominikus

Fra korsveien St Dominikus. Oppstandelsen

Det er fjorten dagar sidan me feira fyrste påskedag. I dag høyrer me om disiplane som møter Kristus. Det vert ein heftig konfrontasjon. Med rette vert dei fylte av angst når Jesus plutseleg står der midt blandt dei. For kva skal dei tru?

Namnet Emmaus tyder «varme». Eg trur ikkje namnet er tilfeldig. Det er varmen frå den oppstandne som breier seg der, i Emmaus: «Brann det ikkje i våre hjarte då han la ut skriftene for oss» spør disiplane. Og som dei nye eldsjelene dei no har vorte hastar dei tilbake til Jerusalem. Slik kjem altså trua på oppstoda til disiplane. Ikkje ved at dei høyrer, ser og trur på den tome grava, men ved at Herren sjølv hentar inn sine vener, og viser dei skriftene og til profetiane som peikar fram mot mysteriet. Disiplane vert fylt med ein brann som forvandlar dei innanfrå.

Emmausdisiplane kjem brennande og fortel kva som har hendt, og med eitt står Herren sjølv midt blant dei. Der ein eller to er samla, seier Jesus ein annan stad. Og her er disiplane samla. Kristus kjem til sine eigne. Men nærveret gjer disiplane usikre. For korleis kan det gå til at Herren står der, lys levande? Det må vere eit syn, fantasier? Jesus må hente dei inn. På menneskeleg vis viser han disiplane sitt guddommelege vesen. Han er den oppstandne, Kristus, deira ven, deira meister. Deira Gud. Guds Son sit midt i blant dei, opnar skriftene for dei, opnar hjarta. Det er ikkje ved den rasjonelle tanken at disiplane forstår. Dei tek i mot trua på den oppstandne, ved den oppstandne.

For kva er tru? Tru er relasjon som gjer at me stolar på Guds ord. Tru er relasjon som gjer at me tør håpe på løftene Gud skjenker oss. Ved Trua opnar Gud meg slik at eg ser den store samanhangen i livet, og meininga med heile mitt tilvere. Det er  dér, i trua, at Gud opnar skriftene, augene, og sinnet mitt, slik at eg kan ta imot.

Trua veks ikkje fram av ei tom grav. Trua veks fram i møte med han som har stått opp frå den tome grava. Og no trer Herren endå ein gong fram for oss, i brødet og vinens skikkelse. Og dette vitnar me om, slik dei fyrste disiplane vitna ved ord og gjerning. Grunnfest i Guds venskap kan me frimodige gå ut i kvardagen og vitne: Grava er tom. Eg har møtt den oppstandne. Dette er kjelda til den glødande varmen eg kjenner i mitt indre.

Advertisements