På trykk i spalta I god tro i klassekampen 16.04.2015

Freske i skipet i St Dominikus kloster

Freske i skipet i St Dominikus kloster

I året som har gått har eg skrivi om mange – og vidt forskjellige – samfunnsaktuelle spørsmål som til dømes pressefridom, kapitalisme, porno og transhumanisme, berre for å nemne noko. Eg vender meg mot omverda, for alt som hender og alt som er til, og alle tankar som me menneske gjer oss skriv seg inn i skaparverket, eit skaparverk som eg trur er blitt til ved, og vert halden oppe av, ein Gud som bryr seg om det han har skapt.

Eg ser såleis verda i eit teosentrisk perspektiv. Er dette av interesse for dei som ikkje trur? Kan kristent livssyn stå fram som ein ressurs for ateistar? I etterkant av påskeliturgien (ei feiring som strengt tatt varar  i femti dagar fram til pinse) synst eg ei slik drøfting høver godt.

Som kristen opplever eg Gud som særs nærverande i tilveret. Det kristne blikket er alltid utfordra på å sjå meir. Verda, menneska og relasjonane me står i er ekte og verkelege, men gjev samstundes tilgang til, og vert ofte teikn på, ein djupare røyndom. Å tru inneber at det me ser, speglar han som har skapt det me ser. Å tru inneber òg at alle menneske eksisterer ved guddommeleg vilje og kjærleik på eit vis som gjer menneskeslekta til ein gudgjeven, forpliktande fellesskap.

I påskefeiringa fylgjer me Jesus gjennom hans liding og død, til oppstode og himmelfart. Men ingen nolevande truande har sett noko av dette med eigne auge. Eg har heller aldri sett Jesus, anna enn som brød og vin på nattverdbordet. Eg står dermed på eit val om ikkje å sjå Gud i det heile, eller å sjå Herren på eit djupare vis gjennom det som syner seg. Klassisk kristen tru har frå urkyrkjeleg tid utvikla eit sakramentalt syn på verda, der røyndomen alltid loddar djupare enn det materielle som manifesterar seg. Definisjonen på eit sakrament er usynleg nåde formidla gjennom synlege teikn.

Denne doble realiteten kan me samanlikne med synet av andletet til ein ven. Me kan gå uttrykkslaust gjennom byen, omgjeven av hundretals menneske, og så plutseleg lyse opp når me ser nokon me kjenner. Relasjonen, venskapen, endrar alt, og gjer at det me ser berre er overflata av noko langt rikare, noko langt viktigare som me ikkje kan sjå. Me ser det usynlege i det synlege, slik den franske filosofen Jean-Luc Marion seier om ikonet. Eller som ei eldre dame sa til ein ung journalist som prøvde å sjå på eit ikon utan å få stort ut av det: «Det er ikkje du som ser på ikonet. Det er ikonet som ser på deg…» Biletet er nemleg ikkje målet i seg sjølv, men speglar noko bakanfor, ein røyndom og ein relasjon. Det leier blikket forbi det synlege, til eit møte me ikkje fullt ut kan kontrollere, men som me kan ta i mot som gåve. Ikonet har det til felles med andletet til eit menneske at det står fram som ein portal, ei opning inn mot eit heilt univers som ligg bakom, som me får i gåve og som me kan ta del i.

Tanken om denne doble røyndomen i tilveret leier fram til det ultimate «ikonet», Jesus sjølv. I Kolossarbrevet omtalar Paulus Kristus som «biletet (ikon) av den usynlege Gud». Kristentrua sitt nav ligg i denne relasjonen, som synleggjer det usynlege, og som menneskeleggjer det guddommelege.

Denne intense Jesus-relasjonen gjer unekteleg tilveret rikare, tidvis til og med slitsamt rikt. I kristen verdsforståing har alt meining, alt tyder noko. Det finst ikkje rein materie, for alt har del i Skaparen. Og ein kvar relasjon ber i seg ein referanse til relasjonen til Jesus. Det råder soleis ein dobbelt realitet i det kristne trusperspektivet som gjer ein kvar kristen til mystikar.

Min kvardag er fylt av slik mystisk realisme. All liturgi eg feirar ville vore meiningslaus utan tru på ein djupare røyndom. Og kan hende vil lesaren tenkje at det er nett dét, -at det er meiningslaust. Det kunne eg på eit vis sagt meg einig i om det stoppa der. Men alt som skjer på eit liturgisk og sakramentalt plan har sitt tilsvar i det levde liv, der eg er kalla til å sjå Gudsnærveret gjennom relasjonane eg står i. «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg» seier Jesus i Matteusevangeliet. Å tru dette sprenger grensene mellom kyrkjerom og alle andre rom. Kvardagen vert meiningsmetta, for alle møte ber i seg det heilage.

Ikkje alle tenkjer slik om tilveret. Men kanskje er det ein anledning til å meditere litt over eige levd liv? Eg inviterer alle til påskemeditasjon over grunnen i våre liv og relasjonane som ber oss.

Framleis god påske!

Advertisements