2. påskdag 2015
Jesus Christ - detail from Deesis mosaic, Hagia Sophia, IstanbulMe er på dag to etter oppstandelsen. Og allereie i dag byrjar tolkinga av det som har hendt. Somme trur, somme tvilar, og mange avviser Kristi oppstode frå dei døde. Soldatane vert betalt for å spreie rykte om falskneri blant dei kristne. Deira sak står sterkt. Kvifor skulle ein vel tru på noko så usannsynlig som det disiplane hevdar?

Oppstoda krev forklaring. Det gjev seg ikkje sjølv. Peter står fram og legg ut om korleis salmenes bok peikar mot Kristus. Fiskaren har blitt apostel. Han legg ut om Ordet.

Oppstoda er eit spørsmål om tru. Det er eit spørsmål om å opne seg for mysteriet som er større enn oss sjølve. Peter og dei andre disiplane som har fylgd Jesus er dei fyrste vitna, og dei legg no grunnlaget for det som skal bli Kyrkja si tradisjon for overleveringa av trua.

Kyrkja har nemleg alltid tydd til nokre faste metodar for si forkynning, om ein kan sei det slik. Og det kan ramsast opp i fire punkt: Overleveringa. Sakramenta. Fellesskapen. Bøna.

Overleveringa: Det er det me høyrer Peter vitne om i dag. Han legg ut skrifta i eit kristologisk ljos. –eit Kristus-logisk ljos. Den bibelske overleveringa vidareført av apostlane og dei fylgjande generasjonane av truande er fundamentet for heile Kyrkja, og ankerfestet for Kyrkja si tru og lære. Paulus formanar sine medbrødre til å halde fast «ved de overleveringer som dere har lært av oss» (2. Tess 2,15). Dette er grunnlaget for kyrkja sitt syn for tradisjonen, som i sin grunn handlar om truskap til Evangeliet.

Sakramenta: Kyrkja har også motteke sakramenta, den usynlege nåde formidla med synlege teikn. Deira objektive karakter (som heller ikkje ein geistleg kan påverke, tross eigne synder og manglar), gjev grunnlag for nettopp ei sakramental tru, og ei slik tru står seg uendeleg mykje sterkare enn feel-good-kristenliv. Sakramental tru er på vikande front i andre kristne trussamfunn i dag. Det ser eg på med stor uro. For eg er redd for at når dette grunnlaget sviktar, då svinn også på sikt sjølve trua. Dei vil kanskje fornying, men faren er at dei kastar Jesus ut med badevatnet (eller dåpsvatnet).

Den katolske kyrkja har eit særleg ansvar for å formidle verdien av sakramenta, og slik Peter uoppfordra står fram og tek ordet, slik skal også me vere frimodige og opne mot dei rundt oss.

Fellesskapen: Trusoverleveringa er avhengig av fellesskapen. Og denne fellesskapen spenner over både tid og rom. Ordet katolsk er jo eigenleg Fellesskap i utvida forstand. Det er ein forpliktande einskap, der århundra ikkje skil oss frå kvarandre, men knyttar oss saman. For ei fantastisk rik kyrkje me høyrer til!

Bøna: Til sist, men også mest sentral, har me bøna. Eit kyrkjefolk som ikkje bed vert hus på sandgrunn. Difor møtest kyrkjefolket regelmessig, til messefeiring og andre liturgiske feiringar, til tidebønene som fyller jorda med bøn døgnet rundt, me fordjupar oss i meditasjon som avlar fram mystikarane, og all bøn går til sjuande og sist opp i det store Fadervår, som me lærte av Guds eigen Son. For alle bøner, all lovprising, all naud, alle rop som stig frå Kyrkja er djupast sett eitt med Jesu eiga røyst. Kristi lekam held fram med å leve ut Jesu bøneliv. I Kristus er me alltid vendt mot Faderen, kalla til å vekse i ein faderleg relasjon, i einskap med Kristus vår Herre og bror.

«Du har lært meg veien til livet å kjenne og du skal fylle meg med glede ved ditt nærvær» seier Peter på pinsedagen. Det er Den Heilage Ande sin festdag! Kyrkja har fått denne livgjevande åndskrafta i gåve, som deler rikt av seg sjølv og spreier liv, glede, håp og tru til Kyrkja og dei truande. Anden er roret i kyrkjeskipet, og blodstraumen i Kristi lekam.

Eg har ikkje ambisjon om å legge ut noko revolusjonerande nytt her i dag. Eg vil langt heller berre peike tilbake på det me allereie har fått, og den gleda som fyller oss fordi me veit dette eine:

Kristus er oppstanden, Halleluja.

Advertisements