Påskevigilien 2015 år B

Ypperstepresten
I Dagsrevyen for nokre år sidan spurte NRK-journalisten folk på gata: Kva er påske for deg? Ei dame svarte blidt: «Påske for meg, det er Kvikk Lunsj og appelsinar og litt Jesus og sånn.»

Vel. Det er på mange vis både godt og rett. Men det er meir enn litt Jesus her i natt. I natt handlar alt om Jesus. Det formeleg fløymer over, med rungande Halleluja som lyder saman med kyrkjeklokker og gloria og påskehymner i orgelbrus. Vår Herres offer er no fullenda, og Kristi prestelege gjerning ber frukter som vert heile menneskeslekta til del.

For i denne timen står Kristus fram som øvstepresten som frir oss frå døden ein gong for alle. I natt fullendar Gud sin skjulte plan, den som me kan sjå kimen av gjennom alle lesingane me nett har høyrd. Kristus er både Abraham og Isak, både offerprest og offer. Han er frelsesvegen som trosser kaoskreftene og alt livstruande slik Israelsfolket trossa vatnet i sivsjøen. Han er Ordet som Jesaja nemner, som aldri vender tomhendt attende. Han fornyar himmel og jord, han reinsar oss for alt ureint, og gjev oss nye, levande hjarte fylt av Heilaganden, slik profeten Ezekiel for lenge sidan varsla.

Kristi prestelege teneste sprenger grensene for kva disiplane maktar å ta til seg. Dei tre kvinnene går avstad tidlig om morgonen den fyrste dagen og møter synet av den tome grava, og engelens ord gjer dei redde. Det er likevel ei redsle som skal verte forløyst og omskapt, og som skal fylle dei med djupaste glede, ei glede som har fylt Kyrkja med lovsong i mange hundre år.

Det er denne gleda som får forfattaren av Hebrearbrevet til å bryte ut: «Lat oss halde fast på vedkjenninga, i vissa om den mektige øvstepresten me har, Jesus, Guds Son, som har gått gjennom alle himlar.» (Hebr. 4,14) Endelig ein prest som kan bere fram eit endegyldig offer. Endeleg ein prest som kan skjenke oss all himmelsk velsigning!

I Kristus har me alle fått del i dette prestedømet. Me har fått ljos av Kristi ljos frå påskeljoset. Me har fått del i den same dåp til livet i Kristus ved vatnet. Me bryt brød og deler Jesu lekam, Herrens eige offer. Og når me bed Fadervår blandar stemmene våre seg med Kristi røyst. Slik stig våre røyster opp til Faderen, frå ei Kyrkje som er som ho er; med manglar, synder og sår, ei Kyrkje som ikkje er fullkomen, men som likevel er knytt fullt og heilt til Kristus, vår Frelsar, i ein einaste lekam. «Me har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt» seier Hebrearbrevet (Hebr. 4,15). For det er nett i vanmakt, i full solidaritet med sin skapnad, at Jesus vinn vår fridom. Profeten Habakkuk teiknar på poetisk vis bilete av krossens skjulte signing når han seier: «To ljosstrålar går ut frå hans hand. Der er styrken hans løynd.» (Hab. 3,4).

Herren har vist seg døden overlegen ved å underlegge seg døden! Herren overgår døden, synda og djevelens krefter. Det er ein slik øvsteprest me har på vårt lag. Ved Jesu frelsesverk har heile menneskeslekta vunne. Og i Kristus vert kvar og ein av oss fridd frå all tyngende skuld. Jesus vinn over synda og forbarmer seg over våre manglar, og let nåden lyse over alle mørke skuggar me kan kjenne i vårt indre. Vår Forløysar gjev oss barnekårets fridom.

Me er alle kalla til å vekse i djupare foreining med vår øvsteprest, og til stadig sterkare einskap i forsamlinga av dei truande. Pave Pius XII skreiv i eit rundskriv at dette er Kyrkja sitt øvste mål og oppgåve. Og dette skjer, sa pave Pius, når Kristus, på eit vis tek bustad i våre sjeler og veks i oss, og når me, på liknande vis, tek bustad i Kristus, og veks i Han, slik at me som ein lekam ber fram våre offergåver i den heilage liturgien, den liturgien me alle tek del i, og som er sjølve utøvinga av prestetenesta. (Mediator Dei, Pave Pius 1947)

Og no rungar endeleg Halleluja i kyrkjene over heile verda. Det er tid for det høgtidsstemte, det opphøgde, som skal bli med oss vidare ut frå liturgiens rom og inn i kvardagen, og ja, gjerne med på fjellet med kvikklunsj og appelsin! For me har del i det heilage og det velsigna, og i alle Guds gode gåver. Desse gåvene  skal me dele rundhanda med vår neste.

Signa påske!

Advertisements