Langfredagsliturgien 2015

Fra korsveien St DominikusJesu liv tek slutt i dag. Herren døyr på ein kross. Det er det største dramaet som nokon sinne har funne stad i denne verda. Og me spør oss korleis dette kunne hende. Korleis kan det ha seg at Guds Son spikrast opp på eit kors, korleis kan den mest høg-heilage fornedrast på dette viset?

Svaret ligg løynd i Guds omsorg for sin skapnad, og særskild i den kjærleiken Gud har for oss menneske. Svaret ligg også løynd i menneskets urhistorie, frå den gongen då synda fekk grep på mennesket. Ved syndefallet kom døden inn i verda. Og den kom på fleire måtar.

For det fyrste kom døden inn i verda i form av at me vart dødelege. Paradisets evige lukke gjekk tapt, og livet var ikkje lengre sjølvsagt. Tryggleiken i livet måtte vike plassen for det uvisse. Livet vart vilkårleg, og kjærleiken vart truga av brotet som døden ber med seg.

For det andre kom døden til menneska ved at me vart valdelege og sjølv tok liv. Det fyrste manndrapet, då Kain slo i hel Abel, var ei grenseoverskridande hending som vart byrjinga på ei lang valdshistorie. Denne er skildra i mange forteljingar i bibelen, som då David fikk mannen til Beseba, Urias, drepen. I vår tid er døden nerverande både i krigsherja område og i vårt eige relativt fredsommelege land. Livet er ikkje lengre ukrenkeleg, og med det vert mennesket og menneskeverdet krenkt.

For det tredje førte syndefallet til ein slags åndeleg og sjeleleg død. Adam og Eva dekte seg til for kvarandre. Den grunnleggande tilliten og tryggleiken forsvann. Mann og kvinne vart framande for kvarandre. Menneskeslekta vart driven ut i isolasjon og einsemd, og me kjempar framleis mot desse djupe såra i vår sjel.

Fallet som leidde til døden var likevel ikkje endeleg. I det skjulte la Gud ein plan, der synd og død skulle vike plassen for liv og kjærleik. For kjærleikens Gud ville utfri oss, løyse oss ut, og gi oss evig samfunn med Han. Men ingen hadde kunne sjå føre seg korleis dette skulle skje.

I dag døyr Frelsaren på krossen. Han går sin krossveg, og på vegen ber han med seg døden og alle dei fylgjene som syndefallet førte med seg. Ved å gjere ende på døden skjenker han oss evig liv. Han lovar oss fred, ikkje vanleg verdseleg fred, men hans eigen, guddommelege fred. Og han gjenreiser mennesket til fullt fellesskap med Gud og med kvarandre. Ved den Heilage Ande vert mennesket atter ein heil skapnad, utrusta for å leve i einskap og i tillit. Dette er handlande kjærleik. Dette er Guds konkrete omsorg for oss.

Difor er dagen i dag ein seiersdag. Den kjem med ein smertefull pris, men med ei vinning som er større enn kva våre hjarta kan fylle. Herren lid og døyr. Me får full forløysing. Kjærleiken skal få evig liv!

Lat oss difor gå fram for krossen og hylle han som gjev oss så rike gåver.

Advertisements