vigelandsparken skulptur

5. søndag i fastetida

Me nærmar oss påskehøgtida. Lesningane i dag speglar Jesu indre kamp, der han vert konfrontert med den lidinga som ventar. Korleis skal ein forstå Jesu ord når han seier ‘Mi sjel er fylt av gru’, og sjølv svarar: ‘For denne timens  skuld er eg komen.’? (Joh 12,27)

Det finst somme som vil hevde at Jesus kjempar med sin eigen indre angst, ein kamp han overvinn i Getsemane hage i den natta før han vert teken av soldatane. Men er det verkeleg såleis? Overvant Kristus nokon gong angsten? Om me hevdar det, korleis skal me då forstå Jesu rop frå krossen, med orda frå salme 22: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg»?

Johannesevengeliet gjev rom for ei anna tolkning, ei tolkning som spring ut av Kristi eiga bøn: «No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!»

Ingen som har som mål å holde angsten i sjakk ville be på denne måten. Dette er ikkje noko forsøk på å hoppe over si eiga frykt, eller å setje seg sjølv utanfor det som tyngjer. Og om det var slik, at dette fyrst og fremst handla om angst, kva ville det då gjere med Gudsbilete av Faderen? Ville det ikkje då teikne seg eit bilete av ein miskunnslaus Gud, ein Far som tynar Son sin og fornedrar han? Kva slags far vil gjere det mot sitt born?

Difor må me sjå forbi det angstfulle i Kristi ord. Me kan ikkje stoppe ved Kristi smerte over det som skal kome, sjølv om den òg har sin plass. Det som Jesus er mest oppteken av finn ikkje stad på det følelsesmessige plan. Jesus ser det som skal kome i ljos av gjerninga han er komen for å oppfylle, og som no skal verte fullbyrda.

For kva er det Jesus eigentleg bed om? Han ber om at Farsforholdet skal verte bevart. Det er eit forhold som har bore han gjennom heile sitt offentlege virke, eit forhold som viste seg i Kristi haldning allereie som tolvåring i templet, då han sa: «Visste de ikkje at eg måtte vere i min Fars hus?» (Lukas 2,49)

Det er dette Faderforholdet som Jesus held fram, og han ber om at denne relasjonen må forbli intakt. Ja, ikkje berre det, no skal Far-Son-relasjonen faldast ut i heile si bredde og sitt djupn. Gjennom Jesu død og oppstode vil Gud vise korleis han elskar, altså heilt til vegs ende, inntil han kjem ut av dødens grep, med oss alle i sin favn.

I Faderforholdet, og dér åleine, vert Guds herlegdom openberra. Der lyser kjærleiken som trossar alle grenser, og som tek oss alle inn i einskapen mellom Faderen og Sonen.

«No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Dei er saman om dette…

Når Jesus bed, er han på det reine med at det ikkje er ei prøve på om han er lydig nok. Det viser langt meir at Kristi vilje og Faderens vilje er samanfallande, og at dei står saman om den planen som Gud i sin kjærlege visdom har tenkt ut for sin skapnad og for alle menneske.

I fyrste lesning frå Jeremia hører me profetens tale om det som skjer ved Kristi frelsesverk: «Eg legg mi lov i sinnet deira og skriv henne i hjartet deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.» Me kan like gjerne omskrive dette og sei: «Eg skal vera deira Far, og dei skal vera mine born.»

Dette farsforholdet gjev Gud oss del i. Vår Far ynskjer ikkje å banke vår vilje på plass, og tukte oss til lydnad. Han vil forløyse vår vilje slik at den, ved Guds nåde, vert eit med Guds vilje, likesom Sonen og Faderen er eitt.

Me er ikkje kalla til berre å vere Guds born, som skulle me vere små, infantile skapningar som ikkje kan samhandle med Faderen. Me er kalla til vekst! Me skal utvikle oss over tid, så me med kvart kan verte halvvaksne soner og døtre av vår Far i himmelen. Og me veit jo korleis det er med ungdomen. Somme tider høyrer dei etter med eit øyre, og somme tider med eit  halvt… Men ved Den Heilage Ande som bur og verkar i vårt indre, er me kalla til vekst, slik at me gradvis vert mogne kristne, der me står i eit forhold som, trass alle manglar og synder, vert bevart i eit intakt Faderforhold, eit forhold som skal utfalde seg stadig meir i våre liv inntil det vert fullenda ved oppstoda på den siste dagen.

 

Advertisements