Biskop Bernt Eidsvigs våpenskjold

Biskop Bernt Eidsvigs våpenskjold

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12.03.2015

Registreringssaka i Den katolske kyrkja vantar forklaring frå biskopen

Den katolske kyrkja er sikta for store feil i medlemsregistret, og oppslaga i media er mange. Som prest og ordensbror i Den katolske kyrkja vil mange kanskje tenkje at eg sit inne med mangt og mykje av informasjon kring registreringssaka som andre ikkje får innsyn i. Sanninga er at eg veit like mykje som ein gjengs katolikk i Arendal eller Levanger. Informasjonen som når ut frå Kyrkja sitt leiarskap er svært avgrensa. Manglande kunnskap gjer kvardagen vanskeleg som prest, særleg når ein som sjelesørgjar skal hjelpe dei som er tynga av situasjonen.

Den manglande formidlinga skapar unødig uvisse både innover i kyrkja sine rekker og utover i media, og manifesterar seg i kraftige mediautspel i båe leirar. Når ein sit med ei kjensle av at informasjon vert halden att dannar det seg eit usunt vakuum som nører opp under frustrasjon, tvil og mistankar.  Det hjelper ikkje å lese siste nytt frå dagspressa eller å høyre på lausrivne rykte.

Som kyrkjas øvste leiar av bispedømet har biskop Bernt Eidsvig eit særleg ansvar for å gjere greie for dei vala som bispedømet har teke. I tider der mange rykte flaumar fritt er det viktig og frigjerande å få tydeleg informasjon. Dette gjeld både for katolikkar og media. Her er nokre nykeltema eg meiner hadde vore til hjelp å få vite meir om:

Utsetjing
Spørsmålet om praksis for medlemsregistrering kom opp lenge før saka hamna hjå Fylkesmannen. Mange spør seg no kvifor leiinga i bispedømet ikkje stoppa ein praksis som administrasjonen og bispekollegiet allereie stilte seg skeptisk til. Biskopen har allereie beklaga dette, og kan hende er det vanskeleg å gjere greie for kvifor det vart som det vart. Samstundes kunne ein kanskje vente at der var meir å sei.

Opprydding
Det er ikkje berre bispedømet som er sikta i registersaka, det er også biskopen og økonomen i bispedømet. Dei som politiet har utpeikt som hovudansvarlege i saka har òg tatt på seg jobben med å rydde opp i rotet. Dette vekkjer uro. Eg har ikkje grunnlag for å hevde anten det eine eller andre om denne løysinga, og det er nett dette som er problemet. Utan tydeleg tale om kvifor ein vel å organisere seg på denne måten står ein att med ei uvisse. Slikt kunne vore rydda av vegen for lenge sidan ved klårgjerande utsegn frå biskopen.

Omdømebygging
I krisesituasjonar har kyrkja normalt eit apparat som skal gripe inn og avlaste bispedømet si leiing. Generalvikaren og Konsultorkollegiet står nært knytt til biskopen, saman med staben. I staden for å bruke desse administrative rollene og organa på aktivt vis, har ein tatt inn kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese for å handtere mediapresset, samstundes med at ein har engasjert ein ekstern administrativ leiar for bispekontoret. Dei ordinære organa som elles er del av bispedømet ser ut til å ha vorte plassert på sidelinja. Igjen står kyrkjefolket undrande og ventar på forklaringar. Kvifor vert løysingar mynta på næringslivet knytte til indrekyrkjelege forhold? Mange sit att med inntrykk av at bispedømet har hamna i ei krise der ein forsøker å bygge opp att omdøme ved hjelp av næringslivsmetodar. Men den kyrkjelege røyndomen er organisert etter heilt andre retningslinjer. Kyrkja er ikkje ein bedrift, men fellesskapet av dei truande. Biskopen er ikkje konsernleiar, men hyrde for flokken, -ein flokk som ventar på ei pastoral røyst som kan forklare kvifor desse grepa er gjort.

Ord frå biskopen
Eg har stor respekt for biskopen og hans stab, og ynskjer ikkje å legge stein til lasta i ein allereie pressa situasjon ved å stille endå fleire krav. Når eg likevel etterlyser tydeleg tale frå biskopen er det av di stilla som til no har rådd grunnen skapar grobotn for mange spekulasjonar, spekulasjonar som kanskje kunne verte unngått ved meir open dialog til omgjevnadane. Eg trur også dette ville vore nyttig i møte med media og det offentlige rom. Som prest og ordensbror får eg mange spørsmål som eg ikkje kan svare på, og det er tungt å skulle prøve å dempe rykteflaumen når ein sjølv ikkje veit kva ein skal tru.

Kan hende finst det gode grunnar for at me ikkje har høyrd biskopens røyst i denne tida. Om så er håpar eg i det minste dette vert gjeven ei forklaring, slik at spekulasjonane som florerer ikkje driv fram endå meir liding for dei involverte og for kyrkja som heilskap.

Advertisements