3. søndag i fasten (år B)

Modell av tempelet i Jerusalem WIKI

Mange av oss har ein eller fleire gonger i livet fått høyre: Ikkje ta det personleg. Det er ikkje alltid lett å høyre. Nokre gonger kjenner ein seg overkøyrd, sett ned på, ignorert. Ein sit somme tider att med kjensla av at den andre ikkje vil sjå saka frå eit anna perspektiv enn sitt eige. Dobbelt ille vert det når det som er sagt faktisk er personleg.

Men nokre gonger kan det òg vere nyttig å høyre. Denne typen abstrahering kan ein til dømes bruke i jobb-samanheng. Lat oss sei at ein førskule-lærar skal rette på ein assistent. For å kome i gong kan læraren starte med å sei: «Det er ikkje personleg meint», for sidan å legge fram eit korreks på den pedagogiske tilnærminga til borna, eller kva det måtte vere. Men både læraren og assistenten veit at skal du snakke med borna, då nyttar det ikkje å snakke slik. For eit born møter verda utan slik abstraksjon. Barnet lever i det.

I dagens evangelium hamnar Jesus heilt klårt i denne siste kategorien. For han er møtet med templet personleg. Det kan faktisk ikkje få blitt meir personleg. Møtet med det gamle templet flyt saman med det verket han er i ferd med å byggje sjølv: Eit frelsesverk som vert til eit tempel for all verda. Det gamle templet som Israelsfolket tolmodig har bygd stein på stein peikar nemleg framover, og ut over seg sjølv. Det spring ut av den gamle pakt, og ber i seg ein profeti om eit nytt, lytelaust tempel, som er Herren sjølv. Og me har del i dette templet, i den kyrkja som er Herrens lekam, og som han handlar gjennom.

Og inst i dette templet ligg den nye paktkista. Dette det nye tabernaklet  inneheld ikkje dei to steintavlene som Gud gav Moses på berget. Ikkje slik å forstå at desse tavlene ikkje var viktige. Det var dei. Desse boda var jo sjølve grunnfjellet for korleis Israelsfolket skulle leve, og i dei enkelte boda vart Gud spegla, og i gjenskinet lyste dei to boda: Du skal elske Gud av heile ditt hjarta, og din neste som deg sjølv.

Likevel er det nye templet fylt med eit endå sterkare Gudsnærvær. For i dette nye tabernaklet kviler Gud sjølv. Kan me få det meir personleg?

Evangeliet i dag står som det midtre leddet i tre viktige hendingar i Johannes-evangeliet. Det fyrste er underet i Kanaan. Vinunderet vitnar om skiftet frå tradisjonen med reinsing med vatn i den gamle pakt, til det reinsande blodet i Kristus. I dagens tekst vert det gamle tempelet fullenda i Kristi frelsande lekam, det nye templet. Og til sist kjem Nikodemus og samtalar med Jesus i natta. Her forklarar Herren at dette templet, med kvar einskild byggestein, skal fyllast med Den Heilage Ande, og slik får tempelet liv frå Gud sjølv.

Denne trilogien av teikn viser til eukaristien, nattverden, til Kyrkja som Kristi lekam, og til det nye livet i Anden. På denne måten viser evangelisten korleis den gamle ordninga vert fullenda av den nye, og korleis tradisjonen som Israelsfolket har bore fram heilt frå Moses si tid no vert fylt med kraft der Gud sjølv er nær.

Det er eit svimlande skifte, og me har del i det. Me står her, på Sions berg, som det står i hebrearbrevet, i den levande Guds by, i det himmelske Jerusalem, omgjeven av dei mange tusen englar, samla til ei høgtidsfeiring! Jfr Hebr. 12,22

Og til dette trur eg Herren sjølv vil sei: Ta det personleg! Me er knytt saman i ein fellesskap som vert halden oppe av Herren sjølv, og kvar og ein av oss er ein viktig byggestein i dette templet. Me har del i det heilage, og det skal me hegne om. Herren viser sin brennande iver når han driv ut handelsfolket og pengevekslarane. Slik formanar han også oss til å sjå alvorleg og sannferdig på det tempelet me ved dåpen og trua er del av.

Dette skal me hugse ekstra godt på i desse dagar, då kyrkja her i vårt bispedøme vert tynga av registreringssaka som har fått så stort eit omfang. Det er mange som lid under det som no skjer. Enkeltmenneske og familiar står i fare for å bryte heilt saman. Mange sørger og lid vondt. Difor må me vere ekstra oppmerksame i desse dagar. Me skal ta vare på kvarandre. Me skal ikkje være snare til å fordøme enkeltpersonar, men be for dei som har det tøffast.  «For dei som er kalla, er Kristus Guds kraft og Guds visdom» seier korinterbrevet (1. Kor 1,24). Lat oss difor vende oss til Han i bøn, både for oss sjølve og for kyrkja, og be om hans leiing og vern.

Og lat oss samlast i Herren, slik B. S. Ingemann skriv i salmen En Gud og alles Fader:

Én kjærlighet, én lengsel, én kamp for palmen hist, én utgang av all trengsel, ett liv i Jesus Krist (Lov Herren 532)

Advertisements