Homilie St Dominikus 6. søndag i det alminnelige kyrkjeåret (B)

På 90-talet studerte eg i Bergen, og på den tida budde eg like ved Lepramuseet St Jørgens Hospital, der Armauer Hansen oppdaga leprabasillen i 1873. Kanskje var det forsynet som ville at eg skulle bu i i Pontoppidansgate, oppkalla etter danske Erik Pontoppidan som var biskop i Bergen på 1700-talet. Eg lærte meg aldri svara på dei 759 spørsmåla i Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme. Det var kan hende like greitt, eg kom til å sjå eit døme på eit av dei, som sa:

Hvilken er den første Aarsag?
Guds retfærdige Vrede og Nidkiærhed, som truer med å straffe alle modtvillige Overtrædere. (spørsmål 273)

Eg trur heller eg held meg til den katolske katekismen.

Det er liksom ein gamaltestamentlig klang over dette. Lik lesninga frå 3. Mosebok i dag. Vert du råka av sjukdom og eksem ryk du rett ut. Du er ikkje lengre ein del av fellesskapen, du høyrer ikkje til. Altså det verste eit menneske kan oppleve. Mangel på å høyre til. Det ureine har ikkje del i det reine.

Denne praksisen skriv seg inn i ein logikk me alle er godt kjent med, ja, kanskje litt for godt kjent med. For det er djupt menneskeleg å dele verda i reint og ureint. Og det er alltid slik at det som er reint må vergast frå det ureine. Det ureine er alltid trugande, anten det gjeld miljøforureining (tenk berre på kor mykje engasjement miljøvern vekkjer, både i lokalsamfunn og globalt!) sjukdom (slik som me høyrer om i dagens lesning) eller forholdet til Gud (Me hugsar kva Peter sa då han vart kalla av Herren og fekk båten breddfull av fisk: «Vik frå meg, Herre, for eg er eit syndig menneske!»)

Med Kristus er det annleis. Han viser ikkje den spedalske bort. Han rekker ut handa. Han rører varlig ved den sjuke, den smitteberande, og seier: «Bli rein!»  Det heilage vert ikkje smitta av det ureine. Det er det ureine som vert «smitta» av det heilage. Dette er eit radialt skifte for heile Gudstrua, der Kristus vender om på heile den gamle pakt. Det reine vert ikkje ureint, det moglege vert forbigått av det umoglege. Og kva seier Jesus sjølv? Gong på gong gjentek han: For menneske er dette umogleg, men for Gud er alt mogleg.» (Matt 19,26; Mark 10,27). For Gud er alt mogleg.

Ja, svarar me lydig, alt er mogleg for Gud. Men i vårt indre tenkjer me så lett: -men det gjeld ikkje for meg. Mange av oss ber rundt på ein liten, ung Peter, ein som ser seg uverdig, og som ikkje tør våge. Som ikkje tør håpe. For kvifor håpe på det umoglege?

Tomáš Halík, ein tsjekkisk katolsk prest og forfattar, kallar dette for Guds umoglege rike. Vil eg søke Gud, ja då må eg vere villig til å gå ut over mine eigne grenser, for Gud lever og handlar og formar oss på måtar som overgår våre evner. Og her ligg paradokset: Det er i Guds umoglege rike at nett det umoglige vert gjort mogleg. Kristentrua har vitna om dette i to tusen år. Kyrkja har bore vidare eit håp som går ut over menneskeleg makt og avmakt. Helgenane har spegla Kristus på eit særskild vis i sine liv. I tillit til Gud, og på tross av eigne manglar, har kristenfolket satt sin lit til Guds virke.

Ei slik levande tru står rotfest i håpet, og bryt med dei fluktrutene me måtte dragast mot, anten me snakkar om kald kynisme, om ei laisse-faire-haldning der ein let seg drive med strøymen, eller om det er snakk om å dope seg bort frå alt (og hugs, «dop» femner alt frå kjemikaliar til net-flix). Det kristne håpet sprenger grenser. I dag utfordrar Gud kva einskild av oss. Korleis møter vi våre eigne, skulte grenser? Er det noko i vårt indre som me enno ikkje har overgitt til Gud? Kva er det me ikkje vågar å be om?

Kjære brør og systrer. Gud er ikkje utilgjengeleg. De er me som lever i det umoglege riket. Sjølv Peter innsåg dette, både seint i livet men også den fyrste gongen då Jesus kalla, han svara: «På ditt ord vil eg setje garna.» På Guds ord er me òg samla her for Herren i dag. Me deler Kristi lekam og blod, det umoglege offeret vert oss til del. Kristus kjem oss i møte, og rører ved oss.  Lat oss i bøn og overgjeving trosse våre eigne grenser, så me ved Guds nåde let oss femne av det riket det det umoglege vert gjort mogleg.

Advertisements