Har kjenslelaus porno god effekt på born og unge?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 16.02.2015

I desse Valentines-tider høyrest det snart høglydt stønning frå norske kinoar. «Fifty shades of gray» går sin sigersgang over landet. Med si perfekte blanding av det uskuldige (ho), det litt skumle (han) og det pikante (sadomasochisme) fenger det i så høg grad at enkelte byggvarekjeder i England har sendt ut melding til dei tilsette om å vere særskild merksame på kundar i mørke solbriller som spør etter tau,  tape og bunteband.

Folkepornoen vinn stadig større terreng. Me ler humrande av Oslo-losen når han minner oss på at «i gamledager måtte vi lage porno’n vår sjæl!» Det vil ikkje dagens barn og unge oppleve. Dei opplever tvert i mot ein stadig aukande pornostraum av film og nettvideo. Og kvart eit bilete eller video av unge får «evig liv» på nettet.

Vår tid minner ikkje lite om korleis ein prøvde ut ny pedagogikk før i tida. Alle som opplevde barne-tv på syttitalet vil aldri gløyme Pompel og Pilt. I psykedeliske, mørke omgjevnader virra to sjukelege reparatørar rundt saman med ein endå galnare vaktmester og  skapte grobotn for mareritt hjå titusenvis av born. Ein tek i dag eintydig avstand frå denne pedagogikken. Med «me er då i 2015»-haldninga vår innser me ikkje at syttitalet er tilbake i seksualisert versjon som «Pomp og Pilt». Bakdøra inn til barneromet, klasseromet og kjellarstoga står vid open for eit grenselaust porno-univers, tilrettelagt av mobilbransjen som tilbyr anonym surfing og frie gigabytes. I denne bakgate-sfæren har ingen full oversikt over kva som eigentleg går føre seg.

Forskningstal frå ein rapport lansert i 2008 kalla «Unge, kjønn og pornografi i Norden» viser at porno er ei primær kjelde til sex-undervisning til born og unge, og debutalderen for å sjå porno søkk stadig, den gong nede i 11 år, i dag truleg endå lågare. Det finst mengder av tal og statistikk, og endå fleire tolkingar av resultata. Men den grunnleggande premissen er at sex vert forstått heilt isolert. Sex vert alltid omtala som ein syssel kvar einskild både kan og bør hygge seg med, medan spørsmålet om relasjonar forsvinn. Slik står sex fridd for all menneskeleg kontekst utover den teknisk-fysiske, og eg vil hevde at dermed glipp òg fotfestet.

Mange vil sei at vaksne menneske må få gjere kva dei vil. Men i krysninga mellom porno og unge vert forholdet mellom sex og det sårbare, intime og tillitsfulle både i person og relasjon eksponert. Sjølv om Dagbladet og VG ynskjer at det norske folk skal vere aldri så seksuelt frigjorte seier røyndomen og draumane blant dei unge noko anna. For kva er det vanlege menneske er opptekne av? Dei aller fleste single drøymer om nokon å vere saman med. Og om dei lukkast (-noko som ikkje er sjølvsagt) ynskjer dei inderlig at forholdet skal vare. Om desse sårbare lengslane speglar seg i unge vaksne, kva så med dei heilt unge? Dei er kjenslevare og reagerer på ei kvar krenking. Dei vil bli tekne på alvor, og dei vil bli høyrd og sett. Og dei vil framfor alt verte elska. Kvar vart det av romantikken, den tillitsfulle overgjevinga og vare kjærteikn i pornoen? Ser me ikkje bristen mellom det me som menneske lengtar etter og nedstrippinga av det menneskelege i pornobransjen?

I likestillingslandet Noreg let me gutar og jenter på barneskuletrinnet sjå videoar av jentunge-aktige kvinner som utstøyter gurglelydar frå tåresprengde andlet med rennande sminke, medan menn med vulgær utsjånad og vulgært store kjønnslem skjeller dei ut på det grovaste og spør om dei likar det. Det er vanskeleg å svare med munnen full.

Fornedringa av kvinner i pornobransjen er også ei fornedring av både sex i seg sjølv og verdien av kjærleiken og den intime kontakten mellom to menneske. Den relasjonslause pornoen er ikkje nøytral. Kor langt skal eksperimentet gå før me tek til vett og byrjar å skjerme både oss sjølv og dei unge frå den grenselause og livlause pornoindustrien? I fylgje den tidligare nemnde rapporten ynskjer dei unge sjølv å skjermast betre mot porno. Her må både foreldre og skulevesen, trussamfunn og ungdomsorganisasjonar på banen og gje eit meir heilskapleg perspektiv på seksualitet.

Det er på tide å lyfte fram den fyrste forelskinga, dei raudlette kinna og tindrande blikka mellom to brennande sjeler. Det gjev ein meir spanande fargepalett enn «Fifty shades of gray».

Advertisements