(Svar på artikkelen Det starta med Rushdie av Kaj Skagen i Dag og Tid 16. jaunar 2015, på trykk i Dag og Tid fredag 23. januar)

«Det starta med Rushdie» hevdar Kaj Skagen i ein artikkel om ytrings- og trykkjefridom førre fredag. Om ein skal tru Skagen er det underliggjande motivet i karikaturstriden eit oppgjer mellom det autoritære religionsvesenet og moderniten med sin individualisme. Diverre blandar Skagen korta når han seier at det ikkje er «noko uoverkomeleg langt steg frå fordøming av karikaturar til fordøming av religionskritikk i det heile.» Og korleis grunngjev han påstanden om at satirisk religionskritikk eigentleg ikkje råkar trua eller den einskilde truande, det vere seg muslimar eller kristne?

Det kan godt vere at Skagen har eit poeng i kritikken av eit autoritært religionsvesen, men dette er langt frå heile bilete. Å gå inn i debatten med vendingar der blasfemiske teikningar vert omtalt som «noko så uviktig som karikaturar», eller å kalle Rushdies Sataniske vers for «ein skarve roman» vitnar om skylappar kva gjeld nettopp det religiøse. Liknande mentalitet finn me hjå Erna Solberg, som seier til Dagens Næringsliv: «Retten til å gå over grensen som gjør at folk føler seg krenket, også når det gjelder religion, er viktig. Det kan skape en viktig debatt om religiøs adferd». Eg er ikkje ueinig. Men kven er det Skagen og Solberg snakkar til? Og kven snakkar dei om? Når dei relativiserer opplevinga av blasfemi snakkar dei ut frå sin eigen ståstad. Og her nærmar me oss kjernen i konflikten.

Solberg er vårt folkevalde statsoverhovud. Ho er sett til å ta vare på borgarane i vårt land. Det gjeld alle, men språket både ho og Skagen brukar neglisjerer dei som lid mest under konflikten me no står i. For den store skaren av moderate, meir eller mindre praktiserande muslimar i Noreg rammar satiren nettopp både trua og den enkelte truande. Korleis møter dei leiande folkevalde denne gruppa? Med ei kald skulder. Dette må vi tåle, høyrer me frå ei lang rekke offentlige personar og politikarar i media. Den eigentlige bodskapen? Dette må dei tåle!

Heile det offentlege ordskiftet går av skaftet, og blandar saman forståinga av moderate muslimske trussamfunn med valdeleg ekstremisme. Er det dette me treng i Noreg i dag? Vil dette hjelpe oss som eit, felles samfunn? Å kople smerta som muslimane føler over harseleringa med religionen med ynskje om generell fordøming av religionskritikk frå muslimar gagnar ikkje saka. Den kalde skuldra som både media og politikarar viser ein betydeleg minoritet i vårt samfunn gjer vondt verre, og vil truleg medverke til forsterka frontar, som igjen gjev grobotn for auka radikalisering både nasjonalt og i Europa.

Me treng eit nytt Innovasjon Noreg, som arbeider aktivt for kulturell og religiøs folkeopplysning. Me treng kapital, 100 millionar, gjerne meir, som skal nyttast til reportasjar, debattar og offentleg ordskifte som kan gje meir innsikt i kva det vil seie å vere muslim i vårt land. Me treng kritiske reportasjar som lyfter fram muslimsk homo- og jødehets. Me treng Erna Solberg som stiller til samtale i moskeen, og Kaj Skagen som skriv nyansert, med eit perspektiv frå innsida, om korleis muslimar faktisk har det, både i kvardagen og med hetsen kring profeten deira.

Me treng mottiltak mot islamofobien herjar i Europa. Ikkje naivitet og skylappar med motsette forteikn, men vilje til å dyrke fram auka forståing mellom borgarane i landet vårt. Noreg og Europa er eit veksande religiøst landskap som krev auka positiv merksemd. Det kristne einskapssamfunnet er passé. Men religion er kome for å bli. Get used to it!

Advertisements