Homilie i St Johannes, 4. søndag i alm kyrkeår, år B

Jesus Christ - detail from Deesis mosaic, Hagia Sophia, IstanbulOm eg hadde møtt nokon på gata som peika på meg gjennom folkemengda og sa: «Hei, -du er sonen til far din som eg kjenner!» -ville det ikkje då vere fånyttes å svare: «Hysj! Ikkje sei det til nokon»? Eg meiner, det er jo allereie sagt?! Likevel er det nettopp dette Jesus gjer. I dagens evangelium seier stemmen frå den besette: «Du er Guds Heilage!» Og Jesus ber den ureine ånda om å tie. Og dette gjentek seg i heile Jesu forkynning. Alle demonar han jagar ut or menneske skal teie (Mark 1,24.34;3,11f. etc.). Det skal også disiplane (Mark 8,27-33, 9,2-9 etc.), som til dømes då Jesus spør disiplane om kven han er. «Du er Messias», seier Peter. Likevel får alle ordre om å halde det hemmeleg. Eller då han viser seg som Guds Son under forklaringa på berget. Dei må love å ikkje sei kven han er.

Dette er kva dei kallar den messianske løyndomen. Kva er no dette for ein løyndom? Er det ein tidsavgrensa løyndom? Som om Jesus seier: Berre vent til eg har fullført frelsesverket, så kan de sei kva de vil? Men dette stemmer jo dårleg med dei handlingane Jesus faktisk gjer. Når han let blinde se, lamme gå, døve høyre, og endå til vekkjer dei døde til live, då både talar og handlar han med mynde og makt som ikkje er av denne verda.

På den eine sida seier Jesus at det skal skjulast. Samstundes demonstrerar Jesus si makt heil ope, men heilt utan å peike mot seg sjølv.

Difor må me sei at den messianske løyndomen romer begge delar. Sanninga om Jesus er skjult, men den er samstundes spreidd ut over alle sidene i Evangelia, slik ho er spreidd ut i den samtida Jesus lever i.

«Du er Guds Son» ropar demonane. Og folk står og undrar seg. Men nokre i mengda ser, høyrer og trur! Og dette er den eigentlege løyndomen. I forvirringa som råder finst der ei autoritær røyst, ei røyst som ikkje demonstrerar jordisk makt, men himmelsk velde. Ei røyst som talar, ikkje med politisk pondus, men i gjerningar og til hjarta. Det er dette som får demonane til å skjelve. Og som får farisearane til å forarge seg. Og som får folket til å undre seg. Og disiplane til å prise Gud.

Ved dåpen og trua har me alle fått innpass i denne løyndomsfulle talen til Jesus. Han når djupt inn til våre hjarta, og med ein autoritet som ikkje finn sin like på denne jord snakkar han til oss. Og når menneske opnar seg for den guddommelege krafta, då finn mennesket også seg sjølv. For då får menneske vere menneske, og Gud vere Gud.

Og me har fått eit språk. Eit autoritært språk som trengjer vidare og djupare enn det me sjølv kan ane. Eller som salmisten seier:

Det er ikkje tale og ikkje ord. Stemmene kan ikkje høyrast. Men dei når ut over heile jorda, orda når dit verda endar. (Salme 19,4-5)

Med denne skjulte talen skal me òg gå ut i verda, og med våre levde liv, handlingar og ord skal me spegle Kristus i våre liv. Slik vert me talerør for Herren sjølv, enten me veit det eller ikkje. (Eg trur for øvrig Gud ofte talar gjennom oss utan at me er klar over det.) Slik har me fått profetiens gåve, ein slags hemmeleg tungetale som rører ved hjarta, og som kan forløyse menneske sine djupaste lengsler.

Kva så med Paulus sine ord idag, når han formanar til sølibatet? Han vil det beste. Men me skal ikkje tru at Kyrkja har ein legmannsdivisjon og ein elitedivisjon i sølibats- og ordenslivet. Misjonsoppdraget er gjeven Kyrkja som heilskap, og kvar og ein av oss har si teneste og si rolle i denne heilskapen. For når det kjem til stykket er det kallet til kvar enkelt som blir det avgjerande. Me er alle kalt til å søkje vårt kall, og har me funne det, så er me kalla til å fordjupe oss i det.

Lat oss be om å vekse i våre kall, og lat oss høyre om att den bøna me bad til inngang i dag. For i den bøna ligg heile løyndomen open for oss, når me søkjer einskap med Gud og vår neste i våre liv:

Gje oss å tilbe deg med udelt hjarta og elske kvarandre slik som du har elska oss.

Advertisements