Karikaturstriden har sklidd inn i eit sidespor, der ein ikkje lengre ser skilnad på bruk av karikaturteikningar og ytringsfridom.

TV2 reportasje søndag 15 1 2015

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 15.01.2015

Då TV2 søndag 11. januar skulle lage reportasje om haldninga til ytringsfridom frå offentlege personar og trussamfunn fekk intervjuobjekta ei Charlie Hebdo-plakat i handa, og skulle så seie seg einig eller ueinig i om dette er greitt med omsyn til ytringsfridomen. Denne journalistikken er symptomatisk for korleis både media og det offentlege ordskifte har handsama terrorangrepet i Frankrike. Anten er ein for ytringsfridom, og dermed også for å trykke alle former for karikaturteikningar, eller så er ein mot teikningane, og dermed mot ytringsfridom. Ei slik tilnærming til spørsmålet om ytringsfridom er i seg sjølv ein karikatur.

Då eg sjølv vart intervjua av TV2 hevda eg at det går ei grense for kva som bør kome på trykk. Er eg dermed mot ytringsfridom? Slett ikkje. Å kunne ytre seg har og vil vere ein av dei viktigaste grunnsteinane i vårt vestlege samfunn. I juridisk forstand er ikkje ytringsfridomen absolutt, og er avgrensa ved visse tilfelle som til dømes truslar, diskriminering og hatefulle utsegn.

Eg står ikkje for ei formynderisk haldning til ytringsfridom, men eg etterlyser ansvarlege haldningar. For har ein fyrst fridomen får ein også ansvaret. Det er dette ansvaret det offentlige ordskiftet tenderer mot ikkje å ville vedstå seg. Den britisk-pakistanske historikaren og forfattaren Tariq Ali peikar på dette i eit intervju i Klassekampen laurdag 10. januar: «Forsvaret av ytringsfriheten blir plutselig hellig når det dreier seg om hets mot islam.» Juridisk sett er ikkje blasfemi ulovleg. Men er det alt som tel? Kva med europeiske grunnverdiar som respekt, nestekjærleik, omsorg for dei svakaste? Kva med å lyfte fram ideal om å skape eit minst mogleg fiendtleg samfunn, for alle samfunnsborgarar? Juridisk lovfest ytringsfridom medfører ikkje ytringsplikt til ein kvar pris.

I eit innlegg på Minerva-nett 5. januar 2010 lista redaktør Nils August Andresen opp grunnar for å publisere og for ikkje å publisere teikningar av Mohammad. Andresen og Minerva enda opp med å trykke, den gong og no. Men Andresens argument for å la vere er relevant. Han nemner dei usunne tendensane i europeisk praksis: ynskje om å ville trekke ned i søla det andre set høgast i livet som eit mål i seg sjølv, demonisering av muslimar som samla gruppe, og ynskje om hets. Me har eit samla ansvar for ikkje å provosere fram skadelege konsekvensar for kvar enkelt borgar og for vårt felles samfunn. Om dette siste seier Andresen: «Om det ikke foreligger sterke grunner for, er det for dem som anerkjenner et minimum av konsekvensetikk, uansvarlig å gjøre noe som øker sannsynligheten for slike konsekvenser, også selv om det moralske ansvaret for eventuell terror selvfølgelig bæres av terroristen.» Å praktisere sin ytringsrett utan å ville analysere moglege skadelege ringverknader vitnar om dårleg gangsyn. I beste fall.

Det ikkje er ytringsfridomen eg vil binde, men den utamde og tidvis sjølvforherligande haldninga som kjem til uttrykk både i norsk og europeisk samanheng. Me viser manglande vilje til å sjå heilskapleg på både grunnpremissar for islamsk tru og samansetnaden av dei islamske miljøa. Det er heller ikkje mykje vilje til å sjå sjølvkritisk på konsekvensane av karikaturteikningane og korleis dei rammar dei forskjellige muslimske miljøa.

Eg saknar fleire stemmer som står opp mot krenkingar som rammar islamske truande, krenkingar som kan provosere fram auka ekstremisme. Eg saknar kristne røyster som tek til orde for fredelege verkemedel for å motverke marginalisering av islamsk truande. Og eg saknar eit meir sjølvkritisk norsk og europeisk perspektiv kva gjeld verknad og orsak for muslimsk radikalisering.

Det finst ikkje noko formildande omstende mot dei grufulle drapa i Paris. No sørgjer det franske folk, og eit heilt Europa støttar opp i solidaritet mot terroren. Alle lid me saman med ofra for valden. Europa er no stilt framfor nye val, og i denne kritiske tida ber eg for vegen vidare, og for at me må hegne om og lyfte fram alle gode krefter også innanfor muslimske kretsar. Me treng kvarandre meir enn nokon gong.

Advertisements