Eg huskar julekvelden som liten. «Og det skjedde i de dager» las bestemor frå den gamle 1930-omsetjinga, og me vart dregne  langt inn i den bibelske forteljinga, sjølv om me kanskje ikkje forsto omfanget av orda. «Og det skjedde i de dager at det utgikk et bud fra keiser Augustus at all verden skulde innskrives i manntall».

manntaletKeisar Augustus hadde nok ein idé om kva han ville. Men Herren hadde dulde planar som ikkje eit menneske i denne verda kunne tenkje ut. Det vart ei innskriving som fekk overjordiske dimensjonar! For i denne natta, i denne evige frelsarnatta, vert heile menneskeslekta skriven inn i Kristi manntal. Gud omfamnar sin skapnad, og skjenkjer frelse til verda ved å gje oss barnekår i sin eigen Son. I natt er me alle på vandring, mot stjerna som viser veg, mot Betlehem der Herren så audmjukt ventar oss.

«Det folket som går i mørkret, får sjå eit stort ljos» seier profeten Jesaja. Det er dette glitrande, underfulle ljoset me er vitne til i natt. Ja, meir enn det: Me tek del i dette ljoset. Jolenatta er det store skiftet i verdshistoria, som gjer heile skapnaden fullkomen. Er det ikkje underleg? Eit lite born er født, og frå dette vesle barnet strålar Guds ljos, eit ljos så sterkt at det gir et nytt skin over heile vårt tilvere.

Gjennom hundreåra har dette ljoset omdanna og prega både Gudssyn og menneskesyn. Gud openberrar seg på sitt mest sannferdige, og tek oss inn i mysteriet som me kallar den trefoldige Gud. Den Gud som Israelsfolket ikkje eingong kunne nemne med namn, han er no vår fortrulige, vår Far, vår Bror og Ven.

I dette barnekåret veks mennesket, me får sjå oss sjølve i ljos av eit verd som lyfter oss uendeleg høgt, og som omformar heile det etiske grunnlaget. Og referansen er heile tida den vesle nyfødde, det mest sårbare i alt menneskeleg. Her ligg både Gud og menneske, individet og totalsummen av alt menneskeleg. I Jesus møtest både den enkelte og samfunnet.

Når Gud gjer seg så hjelpelaus og sårbar, då gjev han oss samstundes eit ansvar og ei utfordring. Me har eit ansvar for å gjere alt me kan for å hegne om det mest sårbare i det menneskelege. Ikkje eitt individ kan umenneskeliggjerast! For den aller minste blant oss har guddommeleg verdi.

Og her ligg også utfordringa for oss. Me har så alt for lett for å stenge av for kvarandre. Me kjenner kanskje på avmakt over smerte me ikkje kan endre, og vel til tider å vende oss bort, eller innover i oss sjølve.

Men det er ikkje berre avmakt som utfordrar. Me vert òg freista til ikkje å strekke oss mot vår neste, me set oss sjølve fremst. Men Jesus-barnet utfordrar oss, både ved sitt eksempel og ved ordet, slik me høyrer i Matteus-Evangeliet: «Alt de gjorde mot ein av desse mine minste, det gjorde de mot meg».

Men me fortvilar ikkje! Midt i våre menneskelege liv prega av synder, manglar og utilstrekkelege vilje syng englane for heile verda:

Fredsfyrsten er komen, og me er innskrivne i manntalet! Me har del i Gudsriket!

I vår veikskap har me fått ei stjerne å fylgje, ein frelsesveg som leier oss til venskap med Gud og med vår neste. Den liturgiske feiringa i natt er møtestaden som Gud har gjeve oss for at me i denne stund kan ta del i Kristi nærvær. Me stemmer i med englane, og i messa me no feirar stemmer også englane i med saman med oss! For no står me i møtepunktet der himmel og jord famnar kvarandre. Himmelen gler seg, jorda jublar, medan me syng med felles røyst:

Ære vere Gud i det høge – og fred på jorda for menneske av god vilje!

Adoration of the Magi for the Spedale degli Innocenti (1488)

Advertisements