Me må saman styrke vårt felles etiske fundament

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 18.12.2014

Wikipedia: Geertgen tot Sint Jans, The Nativity at Night, 1490Når me nå nærmar oss julehøgtida og inkarnasjonsmysteriet kan det høve godt å gå litt tettare på dette vesle barnet som kviler så stille i sin eigen fred. Det er ikkje berre tru og frelse som pregar den glade bodskapen i byrjinga av Lukas-evangeliet. Når Guds Son gjorde seg til ein av oss prega det også menneskesynet og samfunnsetikken. I dette ljoset kan det høve godt å drøfte vår eiga samtid sitt moralgrunnlag, og reflektere over korleis julebodskapen konfronterer den etiske utviklinga i vår eigen kultur.

Abort- og eutanasidebatten har tidvis prega overskriftene i år, ikkje minst påverka av  Børre Knudsen-filmen «En prest og en plage». Men på same måte som det var på Knudsen si tid ser me at argumentasjonen stadig gjentek seg frå begge hald, utan særleg evne til å lyfte fram dei djupare føresetnadene som genererer meinings- og haldningsbrytningane. Konfliktane kring abort og eutanasi spring ut av praksis, og praksis vert prega av det etiske fundamentet. Kva ligg under den tabloide diskursen?

I nyare tid har det skjedd eit stort skifte i forståinga av kva menneske er. Det er ikkje berre tale om ei langsam omforming. Me ser byrjinga på eit like stort sedskifte i vår kultur som me gjorde i Noreg for tusen år sidan. Den gongen kom Gud inn i samfunnsdanninga og vart premissleverandør for både Guds- og menneskesyn. No er han på veg ut i heile det vestlege samfunn. Og med det svinn forståinga av menneskelivet som ukrenkeleg. Det er ikkje lengre konsensus at det berre er Gud som råder over liv og død. Tvert imot. Det er mennesket sjølv som måler opp livet, -og døden, i namnet åt individet sine totale fullmakter over eige liv.

Den veksande individualistiske tilnærminga har ein del klåre trekk, me kan raskt peike på tre av dei.For det fyrste vert det tydeleg at trua på objektive sanningar smuldrar opp. Når enkeltindividet er rettesnor for seg sjølv vert det opp til kvar enkelt av oss å avgjere kva som er rett for meg. Slik vik objektive moralnormer for kjenslestyrte oppfatningar.

Vidare ser me at utan eit absolutt omgrep om menneskeverdet vert menneskets verdi vurdert ut frå sjølvmedvit og funksjonelle evner. Alderdom, sjukdom og svekka sjelsevner svekker også etisk status, noko som speglar seg både i abortpraksis og handsaminga av menneske med Downs syndrom. Spørsmålet om sjølvbestemt død pressar på, og skriv seg inn i den allereie etablerte grunnhaldninga.

Eit tredje aspekt av endra menneskesyn er avpersonalisering av mennesket. Dette er så og sei ei skuggeside som kryp inn på oss frå kapitalistisk og effektivitens hald, der menneskelivet vert målt i nytte og kostnad. Dette ser ein tydeleg hjå helsevesenet, der ein går frå å ha eit språk sentrert rundt menneske til å få eit vokabular som liknar på marknadskreftene. Dei eldste og sjukaste menneska vert «kostnadskrevjande pasientar», medan helsekøen vert kalla «ordrereserve». Dette smittar over på dei svakaste og dei som ikkje lengre kan yte like mykje som før. Gamle menneske som me yngre skulle respektere og ære føler seg til bry for samfunnet dei sjølv har tent.

Den etiske utviklinga som breier seg ber i seg ei dehumanisering som favoriserer det vellukka og forkastar eller fornektar veikskap. Er det greitt? Eivor Oftestad spør sjølvkritisk i ein artikkel i Vårt Land den 9. desember om ho har noko med å blande seg inn i kva andre menneske gjer, og svarar sjølv: «Fordi jeg ­er ­et menneske, har jeg noe med hva vi som fellesskap kan akseptere.» Om dette er ei grunnsanning, då når også autonomien i individualismen sine yttergrenser, fordi me i sjølve vår skapning er forplikta på kvarandre.

Gudtrua kjem ikkje tilbake med det fyrste. Eg går ikkje med illusjonar om at det norske folk plutseleg renn ned dørstokkane i folkekyrkja eller mitt eige trussamfunn. Men eg har ei fast forventing om at me kan styrke vårt felles etiske fundament. Ved å sjå nærare på konsekvensane av menneskesynet som veks fram i dag kan me saman endre ei utvikling som stormar blindt fram utan å ta dei umenneskelege faresignala på alvor.

Jesusbarnet ligg i krubba si, stille og sårbart, som om heile menneskeslekta er femna i ein person, i eit kryssingspunkt der både individ og samfunn møtes. Sjå lenge på dette synet. For her kan me alle spegle oss sjølve.

Advertisements