Under boklanseringa til Cappelen Damm Akademiske kom eg opp i eit oppglødd ordskifte med forfattaren, Ola Tjørhom, sjå artikkel frå Vårt Land HER

Under ligg artikkelen på trykk i Vårt Land den 8. desember, som klargjer kva eg meiner er openbare manglar i forfattarens perspektiv.

Debattinnlegg i Vårt Land mandag 8. desember

Tjørhom tøyer strikken
Kor selektiv kan ein vere i historisk tilnærming for å grunngje sine eigne meiningar utan at det går ut over truverde?

På onsdaginviterte Cappelen Damm Akademiske til frukost der den nye boka til Tjørhom, Fornyelsen som forsvant, vart lansert. Då eg under debatten som fylgde kritiserte den akademiske kvaliteten på boka skreiv eg meg truleg samstundes inn på den lange uven-lista til forfattaren. Eg vil difor klargjere kva eg meiner med kritikken.

Boka har eit enkelt plott. Tjørhom kritiserer alt som luktar av tradisjonalisme, av paveleg hierarki og av kyrkjeleg autoritet. Opp mot dette held han fram 2. vatikankonsil som eit glimt av håp som sidan har vorte fortrengd og dyssa ned av konservative, tradisjonalistiske krefter i kyrkja. Meir presist er det 2. Vatikankonsil sine tekstar og verknad fram til byrjinga på 1970-talet som han vektlegg. Derfrå går det bratt nedover med heile kyrkja, som difor har difor hamna i ei djup krise, meiner Tjørhom.

Den selektive vektlegginga av 2. Vatikankonsil sin fyrste fase (omtrent 7 år!) er bokas svakaste side. Ein får inntrykk av at det aller meste som skjedde før og etter konsilet var ei stor misere, og Kyrkja sitt einaste håp lyser opp i ein glimt frå ein konsilbodskap som snart sloknar ut. Sanninga er at heile konsilet skriv seg inn i kyrkja sitt indre liv. Å tolke konsilet inneber å sjå det i den store samanhengen, sjølv om ein aldri så mykje ynskjer å lyfte fram det ein sjølv finn meiningsfullt eller det eine rette. Då må ein sjå både bakover og framover.

Konsilet sprang ikkje fram or eit vakuum, men frå ei kyrkjeleiing som opna seg for nye behov som nye tider kravde, og som let seg inspirere av Den Heilage Ande. Konsilet definerte kyrkja, men kyrkja formulerte samstundes konsiltekstane. Dette siste aspektet fell heilt ut i Tjørhom sin kritikk.

Ein må også sjå på fruktene av konsilet i si breidde. Verknadshistoria til konsilet er enorm, og strekkjer seg langt utover dei sju åra Tjørhom lyfter fram. Sanninga er at konsiltekstane førte til eit eksplosjonsarta mangfald av tolkingar, der både konservative og liberale krefter sto hardt mot kvarandre. Mgr M. Francis Mannion, ein amerikansk teolog, prest og forfattar, omtala dette mangfaldet i ein artikkel tilbake i 1998, der han mana til ei av-politisering av striden mellom konservative og liberale. «Kyrkja treng ei re-katolisering av reformen, der ein søkjer å forstå og leve ut dei indre dimensjonane av konstitusjonane». Dette viser både kor sprikande tolkinga av konsiltekstane har vore, og kor stort behov kyrkja har hatt for å arbeide vidare med desse dokumenta som kom ut for 50 år sidan. Og det peikar mot at konsilet framleis er i støypeskeia. Konsildokumenta står då også på pensumlista til presteseminaret.

Den selektive vektlegginga frå eit smalt tidsrom på slutten av 60-talet som Tjørhom legg for dagen heng ikkje saman med det vidare bilete av konsilet si rolle og utvikling. Hans syn står fram som så tendensiøst at botnen i argumentasjonen står i fare for å falle ut. Og slike grunnskott er vel noko av det viktigaste som bør gjere seg gjeldande innanfor akademia.

pater Haavar Simon Nilsen OP., St Dominikus kloster.

 

 

 

 

Advertisements