Preken i St Dominikus 2. søndag i advent (år B)

vandring på strendene ved Calais

Då eg las Jesaja-teksten for denne sundagen gjekk tankane uvilkårleg (og litt humoristisk) til mine prestekollegaer i Danmark. For kva tenkjer dei om dei store landskapsgrepa som profeten varslar? «Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast.» Enten har nokon gjort ein særs god jobb med førebuingane allereie, eller så har Herren alt vore her…

Dagens fyrste lesing frå Jesaja går i alle fall ikkje på sparebluss. Orda fell som ein fanfare, i glede og triumf: «Rydd vei for Herren … Herrens herlegdom skal verte openberra, alle menneske skal sjå det». Det er det store møtet som vert skildra, den store forsoninga som forløyser, som utfrir, som gjev fred.

«Miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kysse kvarandre.» Ja, eg veit, -det er ikkje den omsetjinga som står i dagens gradualesalme. Men ærleg tala, me kan jo ikkje la være å bruke denne versjonen. For no inviterer Gud til det mest intime møtet, og me er invitert inn.

Kvar er det dette møtet finn stad? Det finn stad i øydemarka, som for mennesket er det ufruktbare. Dette er eit trekk som går att gjennom heile bibelhistoria, og heile den kristne historia. Guds skaparkraft startar så ofte i tomromet, i det ufruktbare. Heilt frå Genesis kan me spore dette. «Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.» Det er i øydemarka at Moses får synet av den brennande busken og høyrer stemma til han som kallar seg «Eg Er». Jakob både drøymer om og kjempar med Gud i ørkenen. Gudsfolket vandrar med Gud i 40 år, og lever frå hand til munn med dei gåver Gud gjev, i et landskap der alt avheng av Guds vern og gåver. Profetane held til utanfor allfarveg, og til slutt står Johannes der i kamelhårskappa si, den siste av profetane, og ein forgjengar for ørkenfedrane…

Sidan har kyrkja alltid halde fram ørkenen som ein stad for kristen fornying og fordjuping. For det er djupast sett ikkje mennesket som skapar liv. Det er Guds gåve. Den livspusten som Gud anda inn i Adam, den anden bles han til ei kvar tid også inn i oss. Dette treng me truande å minne kvarandre på jamleg. For me har våre travle, og kanskje litt sjølvhøgtidelige liv, med velfylte agendaer. Me har så mykje me skal ha gjort. Så me hastar i veg. Og i vår travle kvardag står me i fare for å haste over sjølve livet. Men Gud kallar i øydemarka i vårt indre. Og han ber oss om å sjå på vårt indre landskap, på topografien som teiknar seg i vår sjel. Kvar held me til, spør Herren. Står me og rotar i bratte lier? Syslar me med vårt i steile skar? Eller har me mista oversikten, rota oss inn i mørke skogar der me ikkje finn ut? Eller hamna nede i djupe juv, der me knapt kan sjå himmelen, stader der fortvilinga rår?

«Trøyst, ja trøyst mitt folk», seier Jesaja på Guds vegne. «Rydd veg for Herren», ropar Johannes. Rydd veg for det spirande livet som spring ut av tomromet, det livet som leier oss og fører oss, somme tider på tvers av vår eigen agenda. Lat Kristus prege vårt indre landskap, lat Den Heilage Ande rydde veg i vår sjel, slik salmen vitnar om: «Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile..» (Salme 23,2)

Så kva med våre danske vener? Har Herren alt vore der? Ja, det trur eg faktisk. For Kristus gjekk ikkje berre ut i øydemarka i 40 dagar, slik me les hjå Evangelistane. Ved inkarnasjonen gjekk han også djupt inn i menneskesjela, og gjorde i stand ein stad der inne. I dag kallar han på oss innanfrå, og brukar røysta til Johannes som talerøyr.

Det er eit nytt Genesis Johannes varslar. I det fyrste Genesis skapte Gud himmel og jord. I dette nye genesis som me går mot skapar Gud nytt landskap i menneskesjela. Herren lokkar og kallar på oss, og rydder sjølv veg så me lettare skal kunne gå han i møte. Og så skal «Miskunn og sanning møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre.»

 

Advertisements