Når marknadskreftene blomstrar visnar folkehelsa

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 20.11.2014

Er EU si handsaming av bruk av maissirup eit teikn på etisk forfall? Mangt er visst til sals på den frie marknaden. Moralsk ansvar og helsevern ligg ute på billigsal medan godt samvit går for ein slikk og ingenting. Og valutaen er menneske sjølv, som vert nytta som vårt tids nye bitcoin, eit betalingsmiddel med mange usikre faktorar.

For nokre veker sidan slo NRK opp at kvoteordninga for maissirup vert oppheva i 2017. Dermed kan produktet nyttast fritt av næringsmiddelindustrien i Europa. Fram til no har det berre vore nytta i 4 prosent av den europeiske sukkermarknaden.

Maisåker i Iowa  (Kilde: Wikipedia)

Maisåker i Iowa
(Kilde: Wikipedia)

I USA er maissirup den langt viktigaste kjelda til søtingsmiddel, og statlege subsidier sørger for at produktet er langt billigare en sukker laga av sukkerroer. I matvareindustrien er produktet etterspurt fordi det er søtare og har ei flytande form som ikkje kan krystallisere, noko som gjer produksjonen meir effektiv. I gjennomsnitt får ein amerikanar i seg 18 kilo fruktosemetta maissirup årleg, då særleg i form av brus og snop.

Den framtidige europeiske oppløysinga av kvoteordninga har fått forskarar i Skandinavia til å reagere. Per Benedix Jeppesen, forskar ved Århus Universitet i Danmark, meiner den vil kunne få negative helsemessige konsekvensar. Ulikt vanlig sukker er maissirup ein type fruktose som allereie er brote ned og difor går rett i blodet. Fruktosen svekker kroppen si varlege kjensle av insulin og gjev heller ikkje same mettande kjensle som glukose, og slik er det lett å få i seg for mykje. Høgt inntak fører til diabetes og stoffskifteforstyrringar. Ernæringsfysiolog ved UiO og rådgjevar i Diabetesforbundet, Anne-Marie Aas, seier at sukkertypen er knytt til overvektsproblemet i USA. Faren for dramatisk auke av bruk av maissirup i Europa er reell. Sidan produktet både er billig og lett å bruke vil det truleg freiste profittsugne bedrifter.

Det er marknadskreftene som rår i denne saka. EU kunne sikkert halde fast på kvoteordninga, men vel å opne for den frie marknaden, sjølv om det er tale om eit produkt som ber alle symptom på helsemessige ulemper. Men skal Europa vinne fram i konkurransen på må vilkåra sjølvsagt vere dei same. Til sist er det folk flest som vil måtte lide for produksjon til lågast mogleg kostnad. Den kortsiktige økonomiske vinninga vert ikkje vurdert opp mot risikoen for auka helseplager. Det hjelper ikkje at Verdsorganisasjonen for helse (WHO) fleire gonger har peika på overkonsumering av sukker som ei primær kjelde til helseproblem, og rår befolkninga i industrilanda til å halvere sukkerinntaket. Det hjelper ikkje at alle veit at overvekt allereie er eit voksande problem, særskild blant dei unge. Kapitalismen er villig til å gå over lik for å nå sitt eige mål, – evig vekst.

Slik sett ber marknadskreftene på dei same symptoma som dei helsemessige konsekvensane av sukkerindustrien: For stort magemål og dårleg helse. Mennesket blir eit middel, i staden for å vere eit mål i seg sjølv.
Det verste med heile dette systemet er at det er du og eg som bidrar til den sjukelege utviklinga. For kapitalismen avlar fram konsumenten sitt ynskje om å betale minst mogleg for varen. Og jo meir pengar me har mellom hendene, jo billigare vil me ha det. Systemet går hardast utover dei med minst pengar, dei som ikkje kan velje fritt i butikkhyllene. Slik aukar skeivfordelinga og diskrimineringa av fattige. Slik praksis slår pave Frans hardt ned på i rundskrivet Gleda i Evangeliet (Evangelii Gaudium): «Me kan ikkje lenger stole på dei skjulte kreftene og marknaden si usynlege hand. Auka rettferd krev meir enn økonomisk vekst.» Paven sitt krav om etisk ansvar provoserer både næringslivet og politikarar. Det vert gjerne slik når heile systemet er fundert på ein grunn der menneskeleg vern og rettferd på ingen måte er eit krav.

Skal me sikre eit samfunn som tek vare på alle må me stå opp mot den blinde pengemaskinen der mennesket er midlet som held hjula i gang. Dette krev medvitne haldningar og politisk aktivisme. Spørsmålet er om me er så velfødde at me rett og slett ikkje orkar å kome oss opp av godstolen.

Advertisements