Preken på Lunden kloster, festen for Laterankyrkja sin vigsel

Den heilage Laterankyrkja: mor og hovud for alle kyrkjer i byen (Roma) og i verda. (Kilde: Wikipedia)

Me feirar i dag festen for Laterankyrkja sin vigsel. Laterankyrkja er ein bygning som har vore sentral for Den katolske kyrkja. Ho har alltid vore domkyrkja i Roma, pavens eigen katedral. Ho vert kalla «Alle kirkers mor», og i ein innskrift på fasaden står det om kyrkja at ho er «omnium urbis et orbis ecclesiarum mater et caput»; mor og hovud for alle kyrkjer i byen (Roma) og i verda!

Det er ingen tvil om at Laterankyrkja har vore viktig i kyrkja si historie. Men basilikaen har hatt sine glanstider og sine forfallsperiodar. Då paven sat i Avignon på 1300-talet låg laterankyrkja forlatt, og kyrkjeskipet vart nytta til sauefjøs. Eg trur ikkje det var dette Jesus hadde i tankane når han sa til Peter, den fyrste paven: Vokt mine får!

Så er det vel heller ikkje festen i dag berre spørsmål  om å feire vigslinga av ein bygning. For eit kvart kyrkjebygg peikar utover seg sjølv. Ein katedral peikar mot sin biskop. Laterankyrkja peikar mot sin pave. Slik står Laterankyrkja like mykje som eit symbol på heile kyrkja, den jordiske og åndelege strukturen som Gud har reist som eit tempel på denne jord, eit verk som Paulus seier han har vore med på å legge grunnvollen til. Og denne grunnvollen heiter Jesus Kristus.

Eg vil skyte inn ein liten kommentar av meir personleg erfaring. Det er jo slik at eg er snekkar. Som tømrar var min jobb å bygge hus. Når ein skal gjere slikt må ein følgje visse reglar. Ein må ha ein grunnmur. Ein må legge opp eit bjelkelag, ei botnsvill, stendarar og toppsvill, nokre dragarar, og takstolar. Der er ei ordning for korleis ein skal bygge eit hus. Og som snekkar var det eg som bestemte kor alt skulle stå. Det hendte vel at eit bord ikkje ville på plass, eller at spikaren trefte ein kvist eller hard ved og bøygde seg. Så måtte eg prøve ein gong til, og så måtte bordet bøye seg for overmakta slik at det blei slik eg ville.

Slik snekkaren bygger sitt hus, slik bygger Gud trufast heile si kyrkje. Han gjev ikkje opp om han møter litt gjenstridig kvist. Han har arbeidd med hard ved før. Gud formar si kyrkje etter sin plan. Og me, me er berebjelkar og stenderar og dragarar og panel og listverk og gesims og karnapp og kva veit eg. Me er byggesteinar som Gud har satt inn i denne verda for å fylle ein funksjon. Og slik kvar enkelt byggestein har sin funksjon, slik har også kyrkja som eit heile si oppgåve. Gud har grunnfest og vigsla ei kyrkje som skal vere eit utspring for kjelder som skal gje levande vatn til ei tørstande verd. Det er ikkje byggverket i seg sjølv som veg tyngst, men den funksjonen dette byggverket skal ha.

Me er kalla til å vere ein levande bygning. Eit tempel for den heilage Ande. Me skal sjølv nærast med alle gode gåver som fyller dette huset, og sidan skal me fø alle dei som treng til sann næring i ei verd som berre lever på tomme kaloriar.

Det kristne livet vil alltid bære i seg ein søken. Me er kalla til å lyde Guds røyst. Me er kalla til å la oss forme. I bøn og ved Den Heilage Andes rettleiing søkjer me å formast til å nå den fylden av meining som kvar enkelt av oss er kalla til, og som til saman vert eit byggverk Gud kan bu i.

Når Jesus kjem til templet i Jerusalem ser han med det same kva som vantar. Dei som skulle tene i Gud i heilagdomen har mist av syne kva tenesta skal tene til. Der Gudsforholdet skulle vere som sterkast, der sto det dårligast til. Og når han rasar mot det korrupte miljøet varslar han samstundes eit skifte. Kristi vreide tyder ikkje at Gud trekk seg unna. Nei, no, seier Jesus, skal eg sjølv ta bustad i sjelene dykkar!

Pave PiusPave Pius XII skreiv omtrent på desse tider i 1947 ensyclicaen Mediator Dei, som omtala den heilage liturgien. Han skriv utfyllande om korleis tilbedinga og lovprisinga må ha både ei ytre og eit indre form. Den ytre lovprisinga er naudsynt ut frå menneskets natur. Me er skapt av kropp og sjel, og lever våre liv i ei materiell verd. Og når Gud let seg inkarnere i vår skapning og tek del i våre kår, då svarar me ved å prise Herren i vår liturgi, slik som me gjer her og no. Men viktigast, seier pave Pius XII, er den indre lovprisinga, der me vert eit med Jesus, både i våre eigne hjarta og i den kyrkjelege fellesskapen. For slik oppfyller kyrkja det eine, store målet og si viktigaste oppgåve: å vekse og bli eit heilhjarta, samstemt fellesskap i ein lekam. Og dette skjer, seier pave Pius, når Kristus vert bygd inn i menneskets sjel, og veks der inne, og når sjelene vert bygd inn i Kristus sjølv, og veks i Han. Dette er det eigenlige templet som Gud reiser i denne verda. Og så stor er den gåva som me i trua får ta del i.

I dag kallar Gud oss til sitt tempel, det som me finn her inne i oss sjølve. Lat oss nå, i det me går Jesus i møte i eukaristien, med age og med glede opne oss for den store gåva Gud skjenker oss. For, som Paulus sier, Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.

Advertisements