Allehelgensdag, preken i St Johannes kyrkjelyd 

All-Saints
Kjære brør og systrer i Kristus. Allehelgensdag er i mine augo ein av dei vakraste høgtidene me har i året.

For i dag feirar me dei heilage, dei som har stått løpet, dei som fekk nåde til å forkynne evangeliet på ein slik måte, og med ein slik nåde, at dei no står for Guds trone. Der syng dei med Serafane som Jesaja fekk sjå i sitt syn: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.» Og det er nett den same songen me stemmer i under den liturgiske feiringa. I kvar messe opnar ein bit av himmelen seg, og då syng me saman med englane og serafane, dei himmelske herskarar og alle dei heilage i den lyfta høgtidsstunda me kallar eukaristi, -takkesongen.  Dette er dagen då himmel og jord møtest, slik me les i salmen:

«Miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre. Sanning skal spira opp av jorda og rettferd sjå ned frå himmelen.»

Og det er dette møtet mellom det himmelske og jordiske som òg speglar seg i det evangeliet me nett har høyrd. Salige er dei fattige, dei audmjuke, dei miskunnsame, dei som hungrar etter Guds rettferd… I desse orda møtest dei heilage både i himmelen og på jorda, det jordiske og det himmelske, det sakrale og skapningen.

Eit slikt møte er ikkje daglegkost i vår norske, sekulære kvardag. Det sakrale har ikkje ein stor plass i vår tid. Gud er ikkje ein del av planen for å bygge velstands-Noreg. Det sekulære presset kjem også til syne i form av latterleggjering og forteiing av religion i det offentlege rom. Og me vert lett farga av dette presset. Me teier kanskje der me heller burde snakke fritt, me er redde for å stå utanfor fellesskapen. Det er menneskeleg og forståeleg. Likevel kallar Gud oss til å stå frimodig fram i våre liv, med vår tru og våre haldningar. Han kallar oss til å svare eit stort Ja, slik Maria opna seg for Ordet ho tok imot i sitt eige liv. Slik vert me gradvis forma som truande, me vert helga slik at både Gud og skapnaden vert sett i det ljoset som var meint. Eit ljos av takksemd, av audmjuke, av overgjeving, av kjærleik.

Det er dette som er samfunnet av dei heilage. Og det samfunnet kjem ikkje berre helgenane til del. Det gjeld her og no, midt i vår kyrkjelyd, midt i vår kvardag. Me er kalla til å leve med merksemd, ikkje berre mot Gud, men også mot kvarandre.

Denne Gud-vendte merksemda er noko me kan sjå spor av her i vårt sogn, her i St Johannes. Det er lett å få auge på dei evangeliske kvalitetane som pregar miljøet her. Sjå berre på alle dei frivillige som engasjerer seg i liv og virke, som yter kvar sundag, ja dagleg for mange. Her er kyrkjekor, folk som hjelper med katekese, kyrkjekaffe, som tar i eit tak når det trengs, som stiller opp sjølv utan å bli spurt. Det er også berre rett å nemne pater Phu i denne samanheng, som har vore ei berande kraft for å legge til rette for alt liv og virke som har vokse fram her i kyrkjelyden. Men det er kvar einskild som har vore open, som har sagt ja til dei mange forskjellige oppgåvene. Det er gjennom dette felles engasjementet at me bygger vår menighet, vår fellesskap i tru og i omsorg. Og gjennom denne fellesskapen sporar me teikna av eit åndeleg og levande samfunn.

Difor er dagen i dag ei dobbelt feiring. Me prisar våre brør og systrer som har nådd målet, men me feirar også dei rike gåvene som me tek imot, og som formar kvar einskild av oss og vår felles tru og kyrkjeliv.

Lat oss be om helgenane si forbøn for oss alle, slik at det evangeliske ljoset må skine her blant oss, slik det lyser blant dei heilage for Guds trone.

Advertisements