På trykk i spalta I god tro i klassekampen 23.10.2014

Familiesynoden utfordrar kyrkja og opnar for sunne brytningar.

pave frans og kardinalerNoko av det fyrste pave Frans tok tak i då han byrja sitt pontifikat var å kalle saman til ein familiesynode. Forrige veke møttest eit par hundre biskopar og eit knippe lekfolk til ei ekstraordinær generalforsamling, og den avsluttande rapporten viste at av 65 paragrafar som gjekk til avstemming vart 62 vedteke med to tredjedels fleirtal (dei aller fleste med nær einstemmig oppslutning). Dei tre paragrafane det sto strid om gjaldt nattverd for skilte og gjengifte (§52-53) og dei homofile sin plass i kyrkja (§55). I desse forslaga sto det at desse gruppene ikkje skulle råkast av urettvis diskriminering. Kva er det eigentlig som ligg til grunn for dei interne brytningane i Den katolske kyrkja?

Kyrkja har alltid hatt eit syn for det kollektive aspektet. Korleis menneske lever som individ og som samfunn er ikkje berre ei privatsak, men har også samfunnsdannande effekt. Og eit kvart samfunn ber i seg krefter som kan bygge opp og bryte ned. Når det kjem til seksualetikken er denne eit heitt tema i kyrkja så vel som elles i samfunnet. Det katolske synet er grunna i skaparteologien, med Adam og Eva som det fyrste ekteparet, og i familieidealet der protofamilien er den heilage familien med Jesusbarnet. Trufast samliv og audmjuk kjærleik har vore berande normer i kyrkja sin tradisjon. Desse bibelske og etiske normene har fungert som rettesnor for det kristne, europeiske einskapssamfunnet i mange hundreår.

Men når majoritetssamfunnet går bort frå den kristne kulturarven møter me også på eit etisk paradigmeskifte som er utfordrande for så vel samfunn som kyrkje. Når det under synoden oppstår usemje mellom biskopane har dette sitt utspring i desse endringane. Korleis skal kyrkja møte oppløysningstendensane som pregar familielivet i vår tid? Når levd homofili er ein sjølvsagt del av samfunnet, korleis skal kyrkja kome dette sitat kyrkja er trass alti møte? Kyrkja er jo tross alt ikkje seksualmoralens overvåkningsorgan. Ho er vegvisaren til fornya venskap mellom Gud og menneske. Ho fungerer ikkje som ei overordna definisjonsmakt, men ser på seg sjølv som ein institusjon innstifta av og for Herren, men samstundes bygd på menneske med sine manglar, synder og svakheiter.

Ein stor del av biskopane har vore skeptisk til ordlyden i dei omstridte paragrafane. Men sjølv om desse tekstane vart nedstemt valde likevel paven å ta dei med som grunnlag for familiesynoden som finn stad i oktober neste år. Dette gir eit sterkt signal internt i kyrkja om at tida er mogen for å drøfte problemstillingar som mange opplever som vanskelege. Det er nett i desse meiningsbrytningane at kyrkja må finne fram til ei femnande og samstundes tydelig haldning. Bispesynoden er i så måte mest å sjå som ei slags famling, ein søken etter balanse mellom ei tydeleg lære og ei drøfting av korleis kyrkja faktisk skal møte menneske der dei står. I botn av brytningane ligg det kristne familieidealet som held fast ekteskapet sin ubrytelege karakter mellom mann og kvinne. Det er ikkje til å undrast over at det vert skarpt ordskifte i Vatikanet. Men dette er samstundes eit kvalitetsteikn. Eg er stolt av å høyre til ei kyrkje som vågar å vere usikker, og som ser usemje og brytningar som ei fornya opning mot sanning og nestekjærleik.

Familiesynoden som pave Frans kallar på spring ikkje ut av iver etter å irettesette eller å fordømme, men av naud som veks fram av dei mange teikna på menneskeleg og relasjonell frustrasjon og ulykke.  I ei hurtig endrande verd vert kyrkja utfordra til å lese terrenget slik det endrar seg, -og ikkje definere røyndomen ut frå eit utdatert kartverk. Paven kallar på realisme. Skal kyrkja forkynne evangeliet må ho ha ei god og fintfølande kjensle med den verda ho vil ha i tale. I så måte har pave Frans tatt eit tydeleg initiativ. Bispekollegiet må snakke saman, og kvar einskild må få snakke ut. På det viset arbeider kyrkja for å styrke kåra for familien, som er den viktigaste samfunnsinstitusjonen eit kvart samfunn har.

Advertisements