På trykk i Vårt Land 20.10.2014

«Sørger katolikkar over den splittinga som finst mellom kyrkjesamfunna og dermed i Kristi lekam her på jord? Og om dei gjer det, evnar dei å kommunisere denne sorga til truande av andre konfesjonar? Eg er redd eg må svare nei på begge punkt.»

Kongefest 23 november 2013

Økumenisk Kristi Konge-fest med pinsevener, lutheranarar og katolikkar i St Johannes katolske kyrkjelyd 23. november 2013.

Dette var min konkluderande kommentar under open dag- arrangementet på Menighetsfakultetet sist laurdag, der me drøfta det økumeniske miljøet i Noreg. Under tittelen Enige og tro møttest Berit Hagen Agland, Terje Hegertun og underteikna for ei samtale der me handsama spørsmålet om me som kyrkjesamfunn veks nærare kvarandre i vår tid, og korleis endring i dei forskjellige kyrkjesamfunna påverkar kyrkjelege relasjonar.

For eit år sidan skreiv eg ein kronikk i Vårt Land kalla Paven – også for pinsevenene. Eg har aldri tenkt det som eit profetisk frampeik på konverteringa til Ulf Ekman og Mats Hansén frå Livets ord i år. Teksten hadde som mål å legge fram at sjølv om me finn vår plass i forskjellige nominasjonar har me alle del i ein lekam i Kristus, og splittinga i denne eine Kyrkja rammar alle. Som såkalla moderkyrkje spelar paven ei særskilt rolle både som samlande teikn for alle truande, og som talsmann for Den katolske kyrkja. Me har sett mykje av denne talsmannsrolla det siste året, der pave Frans har tatt ordet både formelt og uformelt. Det vakte stor oppsikt då paven i uformell stil spela inn ei helsing på ein iPhone der han strekte ut ei audmjuk hand til pinsevenene og bad om tilgjeving for urett og smerte som kyrkja har påført dei i tidligare tider, og bøn om å finne att søskenbanda.

Det som likevel står som eit ankepunkt mot Den katolske kyrkja er det lukka nattverdbordet. Både lutheranarar og pinsevener ser på nattverden som ei foreining som trosser konfesjonar og knyter saman alle truande i den eine Kristus me tek imot i hans lekam. Sunniva Gylver ytra nyleg at ho er ueinig i denne katolske praksisen. Under semingaret på MF på laurdag peika Hegertun på at sjølv om me ikkje har full kyrkjeleg einskap er me likevel eit folk i einskapen i Anden, som frukta av Kristi kross og oppstode. Han sa vidare: «Nattverden forkynner derfor at fiendskapet er nedrevet og gjelden er betalt. Et stengt nattverdbord forkynner på mange måter det motsatte. Her ligger smertepunktet.»

Det er freistande å gå i forsvar i møte med slike utsegn. Men om eg som katolikk heller går i meg sjølv vert mine eigne haldningar viktigare enn ei forsvarstale. Å stenge nattverdbordet for truande av andre konfesjonar er noko av det mest alvorlege ein kan gjere. I katolsk perspektiv forklarar ein dette med at ein ser på nattverden som feiringa av einskap, og ikkje som eit medel til det. Spørsmålet vert då: Tek me som katolikkar inn over oss alvoret og smerta som fylgjer av å vere utestengt? Eller står me i fare for å bli som Lasarus og den rike mannen? Me har det jo greitt, me får det me treng i dette livet. Men bryr me oss om dei andre? Den som lid mest under kristen splitting er jo Kristus sjølv. Kjenner katolske kristne denne smerta?

Sjølvsagt er ikkje katolikkane i Norge ein felles masse, men består av eit veldig spenn av forskjellige nasjonalitetar som ikkje har noko forhold til norsk, luthersk kyrkjerøyndom. Men for alle som kjenner norske forhold godt og som lever eit aktivt trusliv er det viktig at me klarar å formidle vilje til både forståing og einskap på tvers av konfesjonelle skiljelinjer. Eg trur ikkje me fjernar splittinga ved å opne nattverdbordet. Men eg trur me opnar for meir einskap ved å ta inn over oss sanninga om smerta som verker i Kristi splitta lekam.

Då pave Frans gav si videohelsing til pinsevenene sa han: «I will speak no English, no Italian, but ‘heartfully’». Det språket, heldt han fram, er enklare og meir autentisk. Hjartespårket har sin eigen gramatikk som byggjer på dei to boda, å elske Gud og sin neste. Det er frå dette broderlege hjartespråket at kristen einskap kan vekse fram, og det er Herren sjølv som vil fullende det. Slik håpefull tale frå vår pave burde setje mot i oss alle, og styrke oss i lengselen etter full foreining.

pave Frans

 

 

Advertisements