På trykk Ordskifte i Dag og Tid fredag 10.10.2014

Frank Van Den Bleeken

Den fengsla drapsmannen Frank Van Den Bleeken tek snart sitt eige liv med signing og hjelp frå den belgiske stat. Dag og Tid spør sist fredag kva handling dette er: Statleg avretting eller frivillig eutanasi?

Slike spørsmål oppstår når ein opnar for aktiv dødshjelp. Lat oss heller berre kalle det dødshjelp. Det finst eigentlig ikkje passiv døds-hjelp, det er langt meir riktig å snakke om passiv tilrettelegging ved livets siste fase. Det går nemleg eit stort skilje mellom å ta døden i sine eigne hender, og la han få utfalde seg slik menneskets kår er frå naturens side. Men kva er eigentlig skilnaden?

Me har berre sett byrjinga på eutanasidebatten i Noreg, og argumenta for rett til hjelp ved avliving av seg sjølv står i kø. Dødshjelp-forkjemparane snakkar om verdig død, om at det er ein menneskerett å få bestemme sjølv, og om å bli fridd frå lidinga som sjukdom og aldring kan føre med seg. Det høyrest så rasjonelt og miskunnsamt ut. Det er diverre ikkje det.

Kristentrua, som har satt standard for vestens etikk i tusenår, er på vikande front. Modernitetens oppfatning av menneskeverd byggjer ikkje på det ukrenkelege i sjølve det å vere menneske. Vegard Bruun Wyller, overlege/professor, og medisinsk redaktør i Tidsskrift for Den norske lægeforening, peikar på tre trekk i menneskesynet som gjer seg gjeldande i dag.

For det fyrste kan ein spore eit relativisert menneskeverd der menneskets verdi byggjer på funksjonell kapasitet og sjølvmedvit. Det er berre det utvikla, medvitne mennesket som har fullt verd. Etisk status fell med manglande sjelsevner, ved sjukdom og aldring, og – som me allereie har brei praksis på i Noreg i dag – ved byrjinga av livet. I daglegtale: «Smertene er umenneskelege og uverdige og gjer ikkje livet verdt å leve.»

For det andre vert mennesket avpersonalisert. Eit menneskeliv vert målt i nytte og kostnad, og i helsevesenet vert det menneskesentrerte språket bytt ut med økonomiske vendingar og mekanistisk ordbruk. Dette pregar språkbruken: «Eg er til bry for samfunnet og for dei rundt meg. Frå helsepersonell si side: Denne pasienten er kostnadskrevjande og må nedprioriterast.»

For det tredje vik objektive moralnormer. Det finst ikkje lengre forpliktande sanning, det er subjektive standpunkt som blir normgjevande. «Dette er rett for meg, det er mitt val!»

Til saman er det utilitarisme og motivismen (subjektive oppfatningar av moral) som utgjer det moralske fundamentet. Slik vert vår tids moralsyn vilkårleg og famlande. I all velvilje og miskunn vert det svakaste i alt menneskeleg fordrive. Økonomisk tankegang og snusfornuftig rasjonalisme fortrengjer den kjenslevare haldninga til mennesket. Det opnar ikkje berre for brutalitet, skriv Per Nortvet i ein artikkel, det er brutalitet. Kvar går grensene for liberal individualisme? Skal me bygge ut kondomautomaten med eit alternativ for sjølvmordspiller?

Heldigvis har me ikkje slike forhold. Og det er ikkje berre kristne røyster som ser konflikten mellom menneskeverd og dødshjelp. Humanistforbundet skriv klokeleg om dei mange vanskelege spørsmåla som reiser seg, og sjølv om dei ikkje tek offentleg standpunkt i dette spørsmålet, arbeider dei for at «færrest mulig av våre medmennesker skal behøve å oppleve denne problemstillingen».

Å blande menneskeleg liding med menneskeverd fordreiar båe delar, og driv medmenneskeleg dømekraft ut i ei emosjonell hengemyr. Då er det til slutt mennesket sjølv som risikerer å gå under.

Advertisements