På trykk i spalta I god tro i klassekampen 25.09.2014

Prinsessa vinn halve kongeriket medan Kristen-Noreg verkar skindaud.

Kilde: Wikipedia

Kilde: Wikipedia

Prinsesse Märtha Louise er kjent for å snakke med englar. I desse dagar går ho lengre. Ho held på med det ho kallar eit eksperiment. Det går ut på å setje menneske i kontakt med avdøde, som oftast kontakt der menneske som saknar sine kjære får kommunisere med nokon som har stått dei nær. Ho vinn mange tilhengarar i denne andelege søken, og folk blar villig opp for å få del i seansar som kan skape kontakt med dei på «andre sida». For dei som har vore på kino i det siste minnar dette ikkje lite om den siste filmen til Woody Allen, «Magic in the Moonlight». Her er det nett dette temaet som vert drøfta. Utan å avsløre heile plottet kan ein sei at kvinna som verkar som medium ikkje fell best ut, i alle høve ikkje kva gjeld åndemaning.

Prinsessa fell heller ikkje godt ut i møte med media generelt og kongehus-ekspertar spesielt. Kva så med Kristen-Noreg? Nokre vel klokeleg å ikkje uttale seg, andre går i forsvarsposisjon mot dei som ikkje veit forskjell på spiritismekorta og klassisk kristentru, som til dømes Espen Ottosen i ein kronikk i Dagen søndag 21. september. Fleire av landets lutherske biskopar rettar hard skyts mot prinsessa. Bergens domprost og fungerande biskop i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth, meiner prinsessa må ta eit val om ho skal representere kongehuset. Underforstått: Prinsessa må skifte trusbeite eller gi avkall på tittelen sin. Han fell inn i tante Sofie-koret som i sum einsidig jamrar seg og seier: å huffameg, å huffameg!

Men kvar finn me den kristne røysta som positivt uttalar seg om forholdet til dei døde? Frå kristent hald vert heile prinsesse-saka for det aller meste omtalt i negasjonar, tidvis pakka inn i småborgarleg kongehus-forsvar. Har ikkje kristentrua meir å by på?

Eg har syn for Märtha Louises levande forhold til både englar og dei døde. Ho held fram ein røyndom som grip vidare enn det som er vanleg i vår samtid, og ho opnar seg for ei verd som har mykje meir til felles med det kristne perspektivet enn den kyniske, rasjonalistiske og åndsforlatne materialismen som har så stor definisjonsmakt i vårt samfunn.

Kvifor så redd for dette? Sanninga er jo at kristendomen har ein to-tusenårig tradisjon å kvile i og ause visdom frå. Kyrkja har eit levande forhold til dei som har gått bort, sjølv om det har lagt seg eit støvlag over denne røynsla både i folkekyrkja og dei lågkyrkjelege kretsar. Det er i grunn rart. Heile openberringa som me kristne støttar oss på handlar jo om at døden ikkje har det siste ordet.

Fra bloggen Eclectic Orthodoxy

Kilde: Frå bloggen Eclectic Orthodoxy

Når Jesus vert lyft ut av dødens grep og lyft til fullt fellesskap med Faderen lærer kyrkja at han ikkje lét menneska bak seg. Å tru på Kristus er å tru på livet med stor L. Dette inneber eit perspektivskifte på heile historia, der skilje mellom levande og døde vert minimalisert. Samfunnet av dei truande er ein einskap i dette livet som samstundes kryssar dødens grense. Det er også difor kyrkja ærar dei heilage og ber om deira forbøn, forvissa om at Gud høyrer stemmene til dei kristne, på båe sider av vår jordiske eksistens.

I den kristne tradisjonen finn kommunikasjonen mellom levande og døde stad gjennom trua på Kristus, han som opnar for den evige venskapen med Gud og med kvarandre. Eg veit ikkje kva Märtha Louise tenkjer om bandet mellom dei døde og Jesus.  Det veit heller ikkje Notto Thelle, men oppfordrar prinsessa til ei tenkepause før ho går vidare (Aftenposten 16. sept). Og til avisa Dagen peikar han på at ho framleis vedkjenner ei kristen tru, og oppmuntrar til ei samtale mellom prinsessa og ein kristen, for slik å lyfte fram kva ho eigentleg står for.

Eg tek gjerne ein slik samtale med vår prinsesse. Media har kasta seg på ein kritikarstorm, men har halde seg på eit tabloid-messig nivå, utan vilje eller evne til å grave djupare i kva ho står for. Folkekyrkja på si side argumenterer mot prinsessa, men gjer ikkje reie for kva dei meiner om kristne sin relasjon til livet på den andre sida. Men Märtha Louise har mange tankar og eit rikt indre liv som eg trur det er både fint og viktig å bli betre kjent med. Samstundes er det eit godt høve å sjå nærare på kva kristendomen vedkjenner i møtet med døden og dei døde. Om prinsessa vinn halve kongeriket kan kanskje Kristen-Noreg vinne den andre halvparten?

Advertisements