Foredrag av p. Haavar Simon Nilsen OP ved Olsokfeiringa i Sarpsborg 2014

Innleiing

Kva kan ein mann som levde for 1000 år sidan tilføre vår tid? For å få svar på det nokre ting som me må få på plass. For det fyrste: Kva er ein helgen? Og kva betyr ein helgen for vår tid? Og korleis kan Heilag Olav vere ei røyst i vår tid? Trass alle forskjellar i kultur og tenkesett finst det likevel ein viktig fellesnemnar mellom vår tid og Olav den heilage.

St OlavSigrid Undset lyfter fram dette i det ho slår fast at trass alt som skil, vil menneskets hjarte alltid vere det same…

Eg vil fyrst sei nokre ord om helgenomgrepet. Deretter vil eg peike på nokre sentrale aspekt i helgenkongen sitt liv og virke, og sjå korleis dette rokkar ved vår eiga samtid. Nokre sentrale tema er:

–         Noregs evige konge

–         Kristenretten

–         Heilag Olav og liturgien

–         Lidinga si tyding

–         Olav som økumenisk brubyggjar

–         Olsok som ei levande feiring

 

 Heilag Olav

Olav Haraldsson: Kvalifisert som helgen?

Det har vore mykje omdiskutert i kva grad ein mann som driv sverdmisjon kan vere ein helgen. I Vårt Land den 28. juli 2014 omtala stortingsrepresentant Torgeir Fylkesnes Olav den heilage som ein «sadistisk massemordar». Slike utsegn visar ei manglande forståing for både Olav si samtid og helgenomgrepet. Olav vert ikkje helgen fordi han talar i mjuke ordelag eller for utprega toleranse. Olav Haraldsson er barn av si tid og sin kultur. Han har ein agenda om å samle Noreg til eit rike. Og det må vere eit kristent rike. Det eine kan ikkje skiljast frå det andre. Det er eit radikalt val Olav set seg føre.

Men Olav Haraldsson er heller ikkje diskvalifisert som helgen fordi han tidvis fær hardt fram. Skal ein forstå Olav sine gjerningar må ein også vise vilje til å forstå den samfunnskonteksten han veks opp i. Det vert ein anakronisme å tenkje på vårt forhold til vald i ei tid som me i dag utan tvil vil kalle eit valdssamfunn. Olav er ikkje ein som skapte ei verd av vald og plyndring, slik somme røyster hevdar. Han kom frå den verda. Han brukar dei midla han ser som naudsynte for sitt prosjekt. Den kristne agendaen som Olav ynskte å innføre braut skarpt med den brutale praksisen og livsførselen som ættesamfunnet sto for. Det er i så måte grunn til å spørje: Er det kristninga av Noreg som bør kritiserast, eller er det den inhumane ættesamfunnsordninga som fortener mest refs? Kristningsverket og realiseringa av kongstanken for kongeriket Noreg fører til eit heilt avgjerande sedskifte for landet vårt, eit skifte me har nytt godt av i 1000 år. Det bør kome tydelegare fram når me snakkar om Heilag Olav og Olavsarven.

Sjølv om Olav hadde støtte frå kyrkja i utlandet gjekk han motstraums på heimlege trakter når det kom til trus- og kulturskifte. Kongsemnet var visjonær, han såg ei ny framtid ikkje berre for sin eigen del, men for eit heilt folk. Sprang denne visjonen ut av hans ynskje om å bli konge? Eller var det trua som var den djupaste motivasjonen? Kvar ligg tyngdepunktet? Dette vil me ikkje kunne få eit fulldekkande svar på. Men det er heller ikkje eit krav for kyrkja som kåra Olav til helgen. Ein helgen målast ikkje åleine i indre fromleik eller i dygder. Helgenkåringar er tradisjonelt resultatet av ei grasrot-rørsle, eit unisont krav frå folk flest om å anerkjenne eit menneske for særs høg grad av heilag virke i si samtid, skjenkt av Gud i nåde. Ein helgen er ikkje eit blankpolert og sukkersøtt glansbilete, sjølv om ein har tendert til slike uttrykk i seinare tid i Den katolske kyrkja sitt liv. Ein helgen vinn ikkje folks gunst ved å kunne vise til eit moralsk lytelaust liv, men ved å la nåden vinne plass i sitt eige liv, og slik fullføre dei gjerningar som Gud gjev den enkelte. Dei mange helgenbiografiane vitnar om innsikt i sine eigne manglar, der ein ofte kan spore erkjenninga av eigen synd og manglande styrke og mot. For å sei det med min medbror Arnfinn Haram sine ord: «Helgenen er ikkje den prektige og plettfrie, men den omvende syndaren, det grove materialet, overgjeve i Guds hand.»

Me må også hugse på at ikkje noko menneske vert helgen i sitt eige liv. Det er fyrst etter døden at helgenstatus inntreff, og då gjerne understøtta av mirakuløs lækjedom og andre overnaturlige fenomen.

Slik er det også med Olav Haraldsson. Han er ein viking, og går gjennom eit stort skifte i sitt eige liv, både i tru og i livsvandel. Helgenstatusen kjem fyrst etter Stiklestad. Før han kjem så langt er det ingen, og aller minst kyrkja, som ventar at han skal kunne leve eit liv utan manglar. Men hans gjerningar og den verknadshistoria han får etter sin død overgår langt dei svake sidene som Olav må ha hatt. Han vert eit reiskap i Guds hand både før og etter slaget på Stiklestad.

Det som skil ein reint sekulær tilnærming til heilage Olav og alle heilage, og den kristne forståinga av kva det vil sei å vere ein helgen, er mellom anna synet på verknadshistoria. I eit sekulært perspektiv går grensa for eit menneskes aktive innverknad på sine omgjevnader ved døden. Derfrå har den avdøde berre indirekte verknad på historia ut frå korleis dei som lever vidare steller seg i forhold til den avdøde. For kristne som trur at livet i Kristus ikkje er bunde av døden vert perspektivet eit heilt anna. Samfunnet av dei truande står ved lag trass døden som skil oss frå kvarandre. Slik speglar det seg då også i etter-reformatoriske kyrkjer i det altarringen er delt i en synleg og ein usynleg del. Slik feirar lutheranarar som lever i den stridande kyrkja nattverd med dei som lever i den triumferande kyrkja, og som har nådd fram til sigerskransen. Det er i ljos av denne rike fellesskapen at me kristne lever og tener vår neste i våre liv. Me er ikkje åleine, men har ein skare av vener som oppmuntrar oss og set mot i oss og ber for oss når me opplever tøffe tider i våre eigne liv. Einskapen i Kristus er grenseoverskridande, venskapsbanda uløyselege!

 

Heilage Olav i vår tid

Kva plass har så Heilag-Olav i vår tid? Eg vil fyrst sei at det er gledeleg å sjå korleis Den norske kyrkja har lyft fram Olavsarven, pilegrimstradisjonen og vår rike trus- og kulturarv frå før-reformatorisk tid. Denne endringa vitnar om ei meir open og anerkjennande haldning til vår felleskristne arv, og det gler meg djupt å ta del i økumeniske feiringar av det slaget som me feirar i dag.

Når våre lutherske sysken i trua opnar for feiring av helgenane kallar det og på ei fornya, positiv og fordjupa forståing av helgenane sin plass både i kyrkja og i det einskilde kristne liv. Men det er ikkje berre helgenar dette rokkar ved. Det peikar mot dei venskapsbanda og den einskapen som alle kristne har,  tross dødens skilje. Den felleskyrkjelege helgentradisjonen inviterer i dag til å børste støvet av venskapsbanda til Heilag Olav.

Tanken om Olav som Rex Perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge, fordrar at me ser han som levande for Gud og for oss. Som konge har Olav eit ansvar for sine landsmenn, sine born både før og no, og eg trur han har tatt si forbøn-oppgåve høgst på alvor gjennom dei tusen åra som har gått! Heilag Olav er òg, og kanskje framfor alt, vår medbror i trua, ein me kan vende oss til både i glede og i tårer, på ein naturlig og liketil måte, slik me ber våre vener om forbøn når det trengst.

Eg får somme tider høyre at Kristus åleine er nok, og folk spør: Kva skal me med noko meir? Eg er einig i at det ikkje trengst noko meir enn Kristus. Men så er det heller ikkje slik at helgenkulten fortrenger Kristi frelseverk. Det er tvert imot som ei frukt av frelsa at Gud opnar for dette rike samfunnet av alle dei truande, både levande og døde. Det er denne fylden av Kristi nåde som vert akta og feira gjennom helgentradisjonen. Men dette perspektivet handlar ikkje fyrst og fremst om helgenar, men om einskapen i Guds Son. Ved den inkarnerte og oppstadne Kristus får alle truande del i Kristus. Alle som lever og alle som før har levd får del i ein og same lekam. Dei som har gått bort er eigentleg ikkje i vesen forskjellige frå oss, for som det står i Romarbrevet, for anten vi lever eller døyr, høyrer vi Herren til (jf. Rom 14,8).

Slik er me bundne saman, ikkje berre med truande med «eit namn» frå tidligare tider, men alle som er døypte og vedkjenner seg Kristus. Det vil som regel inkludere våre aller nærmaste, våre besteforeldre og foreldre, born som har gått tidlig bort, vener som ikkje lenger er blant oss… Me kjenner dette att i vårt indre, når me sender eit hjartesukk til dei me saknar. Då uttrykker me denne einskapen som trassar døden, og som gjer at me kjenner dette skjulte kjærleiksbandet som aldri døyr. Skya av dei dei som har gått før oss er nærare enn me kanskje tek inn over oss, og relasjonane til dei me har kjær lever vidare fordi me faktisk lever i sameksistens, om enn på kvar side av døden.

Når me som Kristi kyrkje feirar Heilag Olav må denne personlege relasjonen og den fordjupa teologiske refleksjonen finne stad om det skal gje meiningsfylde.  Når denne konkrete venskapen finn plass kan me og lettare spørje kva denne relasjonen kan gje oss i vår eiga samtid.

 

Olavsarven

Når me skal sjå på kva rolle Heilage Olav spelar i vår tid må me fyrst gjere det klart at Olavsarven fyrst og fremst er den kristne kyrkja si arv. Olavskulten veks fram i ei tid der heile samfunnet vert kristna, fyrst i namnet, så i kristenretten, og så som ei djupare og meir inderlig omvending hjå den enkelte og i folkesjela. I vår tid har denne kollektive, kristne identiteten svunne, og me lever i eit fragmentert samfunn med svært få element som dannar ein kollektiv identitet. Men for kristne truande ligg einskapen i Kristus som ei samlande kraft, og det kvart enkelt kyrkjesamfunn å hegne om denne krafta, og å foreine kreftene gjennom dei økumeniske banda. Ingen helgen har sterkare samlande kraft enn Rex Perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Denne kongsarven pliktar alle kristne i Noreg å halde fram, og slik vitne om vår eiga historie og dei verdiar som vart grunnfest då landet vårt vart samla til eit rike.

 

Heilag Olav og Kristenretten

Med Kristninga av Noreg vert kristenretten innført. Etisk sett førte dette til eit sedskifte der me må heilt fram til vår eiga samtid for å finne noko som liknar, men då diverre med negative forteikn. Me høyrer mykje om meir eller mindre frivillig dåp då Olav strauk fram over landet på si konge- og kristningsferd. Men det var ikkje dette at dei gamle vikingane lét seg døype og slutte med blot og fedrekult som er det eigentlige store skiftet for folket. Det er langt heller når sjølve loven trådde i kraft at det byrjar å skje ting. Det var også då det byrja å koste. Loven opnar med å sei:

Det er det fyrste i lovane våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist om godt år og fred og om at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår lukkeleg. Han vere vår ven og me hans og Gud ven åt oss alle.

Så fylgjer konkrete for- og påbod som folket skal rette seg etter. Ein skal ikkje lenger sette ut barn i skogen. Ein lettar radikalt på livs og arbeidskåra for trælane, som no skal kunne kjøpast fri kvart år. Det vert slut på fleirkoneri, kriminalitet og vald vert slått hardt ned på, og ein får ein domstol som no ikkje vert ført i den enkelte ætt etter eige syn og makt. Den dømande makta vert handheva av kongsmakta i samarbeid med kyrkja som no blir den offentlege, samfunnsordnande institusjonen.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at den nye ordninga bryt med det gamle ættesamfunnet. Der kvar ætt står for seg og sine, der skal ein no innordne seg under ein felles lov og ein felles praksis som gjeld for alle, både træl, husbond og overklassen. I grunnen for dette sedskiftet låg ein avgjerande viktig tanke: Den svake skulle beskyttast mot den sterke. Den sterke skulle beskyttast mot sitt eige overmot. Skalden Sigvat uttrykker dette i si tids poetiske vendingar når han skriv:

Ovkarar som fór med ufred ville ofte kjøpe seg fri for det røde gull; men kongen nektet. Med sverd, sa han, må luggen stusses på slike karer!

Det er hardt mot hardt under kristninga av Noreg. Heilag Olav fer somme tider brutalt fram. Det er like fullt ein kamp for det gode, i det me veit at dei endringane som fylgjer kristninga er i tråd med dei verdiane som me i dag meiner er rette, og som har nedfelt seg i både grunnlov og i internasjonale menneskerettar.

Me stussar ikkje luggen med sverd på folk i våre dagar. Men Olavsarven formanar oss til å stå opp for dei verdiane som den gongen vart nedlagt. Abort, aktiv dødshjelp, innvandrarhat, det aukande klasseskillet og manglande vilje til å hjelpe dei svakaste i samfunnet (det vere seg tiggarar, rusmisbrukarar eller foster med downs syndrom), er alt saman eksempel på åtak på den kristenretten som vårt land ein gong vart tufta på. Aukande fokus på teknologi og vitskap leier mot eit samfunn der den menneskelege faktoren vert truga. Me er ikkje lenger personar, me er brukarar, klientar, konsumentar.

Olavsarven kallar oss til kamp mot åtaka på dei sanne menneskelege verdiane. Skal me klare det må det mot til. Å stikke hovudet fram i det offentlige rom kan kome til å koste. I tillegg ligg det alltid ein risk i å flagge si sak, ikkje berre fordi ein møter motstand, men fordi ein sjølv kan kome til å trå feil (som til dømes å uttrykke seg på feilaktig måte eller såre andre utan å ha hatt det som intensjon), og dermed måtte lide dobbelt. Å arbeide for menneskeverdet og dei svakaste rett i Noreg i dag er langt i frå så lett og liketil som ein kan verte freista til å tenke. Det er den same gamle kampen mellom gode og vonde krefter som utfaldar seg, om enn i ny ham.

 

Heilag Olav og den sakramentale røyndomen

Skal truande i dag finne kraft og kreativitet til å stå opp mot eit samfunn som verkar stadig meir dehumaniserande må dei faktiske møtestadene med Gud få tyngde. Den kristne kulten og den kristen fellesskapen treng stader der lovprisninga og gleda kan utfalde seg. Og rom der hjartesukk og tårer kan få kome til overflata. Feiringa av liturgien, med gudstjeneste, messe og tidebøn, er møtestaden der Gud gjev av seg sjølv, slik at me skal få krefter til å leve våre liv. Som eg sa i preika tidligare i kveld: Me må søke fordjupinga i det kristne, evangeliske kallet. I det liturgiske livet, gjennom mysteriet i messsa og i bøna, har Gud lagt til rette for at me skal få sjå noko av påskemysteriet der Kristus viser seg i sin fylde.

Den sakramentale røyndomen sto klårt i Heilag Olav sitt medvit. Heilt frå byrjinga av kristningsverket var han fylgd av biskopar som etter hans vilje reiste kyrkjer og administrerte presteskapet over heile landet. Skal landet verte kristna må folket få rom for å be og lovprise Skaparen og Frelsaren. Om me i dag skal få kraft til å virke som Kristi tenarar og forkynnarar må me søke til kjeldene som Kristus openberrar. Liturgiens rom er hjarteromet der Gud gjennom ord og teikn viser oss korleis me skal realisere hans omsorg i våre eigne liv. Det er også her han på sakramentalt og åndeleg vis openberrar seg sjølv.

 

 

Heilag Olav og lidinga si tyding.

Erkjenninga av kven Gud er leier oss også til ei audmjuk erkjenning av oss sjølve. Den erkjenninga vitnar òg Heilag Olav om. Det er ikkje i kraft av styrke og siger at Olav når sitt mål. Hans krossveg er som Kristi korsoffer på Golgata i miniatyr. Det makteslause offeret er jo den sentrale fellesnemnaren hjå alle martyrane, i det det speglar Kristi eine endegyldige offer som blir alle truande til del, men som me i våre liv på ulike måtar tar del i. Kristenlivet ber alltid i seg eit element av offer, ikkje for offerets eige skuld, men i kjærleik til Gud som kallar og viser oss vår livsveg. I dette møter mennesket det hjelpelause og det avmektige i seg sjølv. Det er smertefullt, men i kristentrua kan det bli til noko meiningsfullt og jamvel fruktbart.

I våre dagar ser me tendensar til korleis vårt samfunn fornektar det svake og det ufullkomne. Me vil ikkje sjå dei menneskelege avvika i vårt samfunn. Skiftet frå humanisme til positiv verdisetting av nederlag er det få som maktar å ta i dag. Men sann humanisme vil alltid hegne om og verdsette all form for menneskeleg liv. Også når det gjeld det lytefulle i alle sine former. Kristus ofrar ikkje livet sitt berre for dei lytelause. Det er alt det menneskelege som Gud tek inn under sitt vern. Djupast sett er det dette Kristus demonstrerer ved sin krossdød, og som profeten Jesaia viser til når han peikar på den skamfarne Kristus som sjokkerar med sin groteske utsjånad etter torturen:

Slik mange vart forfærde over deg – så øydelagd var han, han likna ikkje ein mann, han såg ikkje ut som eit menneske – slik skal mange folkeslag undrast, for hans skuld skal kongar lata att sin munn. (Jesaia 52,14ff)

 

Heilag Olav som økumenisk brubyggjar

Me må sei nokre ord om Olav som økumenisk brubyggjar. Det vert så konkret på ein dag som denne, med representantar frå våre forskjellige kyrkjesamfunn samla til fest og lovprisning. Olav lever strengt tatt før det offentlege skismaet finn stad på tusentalet, men aust- og vestkyrkja har allereie i lang tid vakse inn i sine respektive tradisjonar, om enn parallelt  med mykje samanfallande teologi. I Olav sitt liv har den ortodokse kyrkja spela ei sentral rolle, særlig i den siste fasen, då Olav for alvor må gå djupt i seg sjølv for å finne Guds vilje. Eg er overtydd om at den ortodokse liturgien og vegleiinga frå ordensfolk og presteskap har påverka Olav i djupna av han sjølv, og vore med på leie han fram til den endelege avgjerda som gjer at han seglar sitt Ninive-skip mot vest til slutt.

Det er fint å sjå korleis me i Noreg som luthersk land ynskjer å utforske dette felleskyrkjelege og økumeniske landskapet, og korleis den lutherske kyrkja tek initiativ til arrangement som dette. Eg syns faktisk Heilag Olav fortener ein særskild takk for dette aspektet av hans virke, sjølv om denne konsekvensen kanskje ligg langt utanfor Heilag Olav sitt eigenlige virkefelt.

 

Olsok: Ei levande feiring

Eg brenn for å vere med på å gjere Olsok til ei levande og økumenisk feiring. Det er behov for ei tydeleggjering av kva me faktisk gjer på ein dag som dette. I februar 2012 kom Stiklestad Nasjonale Kultursenter med ein fagrapport kalle Visjons og plattformbygging 2030, med sikte på det store jubileet i 2030. I innleiinga, under avsnittet bakgrunn står det å lese at «Et nasjonalt jubileum er et uttrykk for en offisiell identitets- og minnepolitikk som baserer seg på hvordan 1030 tolkes av samtida.»

Det er sikkert mange gode intensjonar med denne fagrapporten. Men i det tankegodset som rapporten lyfter fram manglar det ein heilt sentral dimensjon, og dette er noko som berre dei truande kan leve ut. Me kristne driv nemleg ikkje med minnepolitikk. Me ser på feiringa av heilag Olav som ein levande trusrealitet, eit vitnesbyrd om og teikn på Guds vilje til handling.

Når me som kristne feirar Olsok er det ikkje berre i eit einsidig tilbakeskodande perspektiv. Me har ei refleksiv haldning til historia. Visst tolkar me 1030 i ljos av vår eiga samtid. Men me ser også vår eiga samtid i ljos av Olavsarven og dei retningslinjene som nedfelte seg då landet vårt vart kristna. Me er ikkje forvaltarar av ei arv, me er berarar av ein levande tradisjon som forpliktar.

Festen i dag er ikkje som eit utydelig sus om store hendingar frå svunnen tid. Det er langt heller eit teikn på og eit lyfte om korleis Gud held fast ved sin skapning og menneske som han på nytt og på nytt kallar til  samfunn med seg. Heilag Olav vart vald av Gud til å vere hans trufaste tenar. Prisen for sitt kall var hans eige liv. Men for dette er han krona til Noregs evige konge, og lever i dag for Gud som ven åt oss alle.

Eg vil gjerne avslutte dette foredraget med tre bøner frå 1. vesper til Olsok som me ba i St Dominikus kloster går kveld.

Den fyrste handlar om kyrkjene sitt ansvar å føre vidare den rettferd som Heilag Olav fekk etablert ved kristenretten og kyrkja sitt lovverk:

-For de kristne kirker, at de må gå i bresjen for å tale de fattiges og de undertryktes sak, vi ber deg.

Den andre bøna handlar om det vern som Gud gjev løfte om gjennom Heilag Olavs forbøn:

-For alle som står under hellig Olavs beskyttelse, for våre menigheter og prester og for alle dem som arbeider i Kirkens tjeneste, vi ber deg.

Den siste bøna lyfter fram det frimodige sinnelaget som Heilag Olav står som forbilde for, og som Gud kallar oss til i ei tid der tru og etikk sprikar i mange retningar. Må Gud gje oss alle av denne krafta:

-For hver enkelt av oss at vi hver på vår plass må være uredde bærere av det kristne budskap, vi ber deg.

Advertisements