På trykk i Klassekampen si spalte I god tro den 31. juli 2014 

Ingen gidd å feire Olavsarven når ho vert strippa for trusinnhald.

Sanctus Olavus Rex Perpetuus Norvegiae  Heilage Olav Noregs Evige Konge.  Bildet hentet fra St. Ansgar katolske menighet i Kristiansand.

Sanctus Olavus Rex Perpetuus Norvegiae
Heilage Olav Noregs Evige Konge.
Bildet henta frå bloggen til St. Ansgar katolske menighet i Kristiansand. Foto: Elisabeth Vetland

Som vanleg har me feira Olsok i vårt langstrakte land. Og som vanleg vert Olav den heilage kritisert for sin valdsbruk. I Vårt Land måndag 28. juli kallar stortingsrepresentant Torgeir Fylkesnes Olav den heilage for ein «sadistisk massermordar» som skapte ei verd av vald og plyndring. Han meiner Stiklestadsenteret (som etter hans meining har i oppgåve å legge til rette for dyrking av St. Olav) underkommuniserer massemordar-dimensjonen.

Rektor ved Menighetsfakultetet (MF), Vider Leif Haanes ser Olsokdagane som «problematiske»: «Det er ikke noe å feire at han var en voldsmann», og hevdar vidare at han ser Olav som ein av mange kongsemne som helst berre strakk seg etter makta. Han åtvarar mot å halde oppe ei romantisk forståing av Olav som nasjonal helgen, og viser til at slaget på Stiklestad ikkje hadde noko med Olav den heilage si kristne tru å gjere.

Stiklestad nasjonale kultursenter på si side hevdar at dei ikkje driv med «ukritisk feiring», og fagsjef Per Steinar Raaen ser verknadshistoria etter Olavs død som ein praktisk anledning for dåtida si Kyrkje til å utvikle ein helgenkult. Det framheves elles at det er manglande forsking ved senteret som gjer at dei fram til no berre har vektlagt helgenrolla til Olav Haraldsson og ikkje vikingrolla.

Det er slike utsegn som får meg til å spørje: Kven er eigentleg Olsokfeiringa mynta på? Når MF’s rektor melder seg ut av festen kan ein rekne med at han er i eit temmelig stort fylgje. Ordbruken til politikar Fylkesnes vitnar om eit temmeleg sekulært perspektiv; slik skriv han seg i grunn ut av både festkomiteen og gjestelista på same tid. Stiklestadsenteret på si side viser ei sekulærstatleg, pragmatisk haldning til heile Olavsarven. Kva er eigentleg poenget då? Kva skal me feire, og kven skal bli med på festen?

At staten gjerne vil la kristenrelaterte kulturinstitusjonar drive helgensenter, men samstundes legge føringar som strippar aktiviteten for trusinnhald, sjå det får stå for statens eiga rekning. Anten må ein la tru og kultur utfalde seg, eller så få ein gje oppgåva til ateistiske kulturfantastar. Eg etterlyser vilje til djupare forståing av kva Olavsarven tyder, og sterkare vilje til å gå inn i den historisk og religiøse konteksten som Olavskulten sprang ut av.

Til Fylkesnes sine meiningsfeller vil eg mane til større historisk innsikt. Olav Haraldsson skapte ikkje ei verd av vald og plyndring, han kom frå den verda. Kristningsverket og realiseringa av kongstanken for kongeriket Noreg fører til eit heilt avgjerande sedskifte for landet vårt, og eg trur både Fylkesnes og eg skal vere sjeleglade for at me slipp å leve under ættesamfunnets kår slik det arta seg i vikingtida.

Til Haanes og hans likesinna vil eg oppmuntre til djupare forståing av kva kriteriet for ein helgen faktisk er. Og då får dei nesten vende seg til dei kyrkjesamfunna som faktisk stiller med helgenar i sine rekkjer. Den kortaste definisjonen har eg funne i eit foredrag som dominikanarpater Arnfinn Haram heldt under Olsokfeiringa i Trondheim i 2010: «Helgenen er ikkje den prektige og plettfrie, men den omvende syndaren, det grove materialet, overgjeve i Guds hand».

Ingen vert helgen i sitt eige liv. Det er fyrst når løpet er fullenda at syndaren kan få helgenstatus, og då er det nær sagt alltid som fylgje av ei grasrotrørsle der folket sjølv krev Kyrkja si offentlege erkjenning for uventa helbred, mirakel og andre overnaturlege teikn som manifesterar seg etter bøn om forbøn frå avdøde. Det viktigaste er likevel korleis trua og fromt folkeliv veks fram, ikkje ulikt vekkelsesrørslene i nyare, protestantisk tid.

Til Stiklestadsenteret vil eg oppmuntre til større frimod kva gjeld ytringar kring det heilage som rører ved Olavsarven. Heimesidas språkbruk er distansert når det kjem til tru. Om dei ikkje sjølv maktar å uttrykke Olavsarven sin åndelege dimensjon til omverda er det lov å sleppe til andre med slik kompetanse. Her burde fleire stemmer frå fleire konfesjonar, og då særlig frå Den katolske og Den ortodokse kyrkja, få kome til orde med sine perspektiv.

Eg vil gjerne ha folkefest med marknad og musikk når me feirar Olsok. Men me må samstundes makte å forankre feiringa av Olavsarven i liturgi, bøn og undervisning. Berre slik vil Olsok i det lange løp gje meining og halde seg levande.

Advertisements