Preken St Johannes menighet, 17. søndag alminnelig kirkeår

medaljeDet er sikkert mange av dykk som har vore ute i sola no, idet herlige veret gjer godt for dei fleste av oss. Men me må vere forsiktige, elles kan me svi oss kraftig. Det gjorde nemlig eg førre veke. I finveret er det dette me kan kalle baksida av medaljen. Med det meiner me at noko har ei skult side, gjerne ei skuggeside, noko som ein ikkje ser i fyrste omgang. Dagens likningar om skatten og den verdifulle perla ber i seg ei slik skult side. Men i motsetnad til korleis me tradisjonelt tenker om denne andre sida, er ikkje baksida av medaljen i dette tilfellet noko negativt. Den baksida me skal sjå på i dag i sanning den vakraste, den mest overraskande, og den viktigaste.

Men lat oss fyrst byrje med framsida av medaljen. Skildringa av mannen som finn skatten eller kjøpmannen som finn ei særlig verdifull perle, er båe uttrykk for korleis mennesket opnar seg for Guds gåver, og korleis det endrar seg når trua finn feste i hjarta. Når mysteriet openberrar seg, når mennesket får augo opp for nåden som Gud gjev oss i sin venskap, då skjer det noko i djupet av sjela. Då byrjar den langsame omforminga me kallar heilaggjering. Å helgast er å gje Gud spelerom i våre liv, både i vårt sinn og i våre handlingar. Det påverkar heile vår eksistens, og me kan ikkje la vere å fylgje den lengtinga som Heilaganden legg ned i oss. Venskapen med Gud gjer oss villige til å gje avkall på alt for å nå det eine.

Men sidan me menneske er litt treige av oss klarar me ikkje å gje avkall på alt på ein gong. Så det hender at me heng litt att i våre bøner. Det blir litt som seksåringen som skulle sei takkebøn for søndagsmiddagen. Og han takka for alle venene sine, for søsken, mamma og pappa, bestemødrer og fedrer, og så byrja han på maten. Han takka for steika og sausen, og så for iskaka som dessert. Men så blei det stille ei lang stund, og alle sat og venta. Da  snudde han seg til mor si og sa: «Men om eg takkar Gud for surkålen og brokkolien, då veit Han vel at eg lyg?»

Vegen til djupare tru går langsamt, og me er ikkje alltid så innstilt på å foreine vår vilje med Guds veg for oss. Men truslivet drivast fram likevel. Og dette peikar mot det andre aspektet av trua. Likninga om skatten og perla handlar nemleg ikkje berre om oss, eller om trua som finn feste i mennesket. Me kan også vende det heile om. Då er det ikkje lenger me som er mannen og kjøpmannen, og det er heller ikkje trua som er skatten eller perla. Det er me sjølve som er skatten, perla, det dyrebare. Og mannen og kjøpmannen, det er Gud som finn mennesket, skjult i sitt eige skaparverk, men uendelig dyrebart. Ja så kosteleg er den skatten som Gud finn, at han går bort og ofrar alt for å nå dette eine målet. Gud gjev det mest dyrebare han har for skatten han vil sikre seg. Han let sin eigen Son betale prisen slik at Han kan sikre seg heile åkerlandet, eller den eine perla som er så umåteleg verdifull for vår Herre.

Slik kan me altså lese likningane me høyrer i dag på to måtar: for det fyrste tilsvarar likninga om skatten vår tru som mennesket oppdagar, og som vert til det som gjev fylde av meining og von. Men endå viktigare: Mennesket sjølv er det som vert skatta så høgt av Herren, og som har så stort verd at Gud ikkje kan gje avkall på det. Herfrå spring jubelen i trua fram, slik pave Frans så vakkert seier det i den apostoliske formaninga Gledas Evangelium:

Dei som tek i mot Guds frelse vert frigjorde frå synda, frå sorger, frå indre kjensle av tomleik og einsemd. Med Kristus vert gleda alltid fødd på ny!» (Evangelii Gaudium, 1)

Slik vert baksida av medaljen til det mest dyrebare, og den vakraste gåva som menneske kan ta i mot. Og når me ser dette underfulle som er oss gjeven veks kallet i oss til å gå på sannings veg og søke å realisere Guds kjærleik i våre eigne liv. Slik hastar me fram mot målstreken til det evige liv, der me skal vinne den store prisen, og få i eige den medaljen som berre vert vakrare jo meir me vender på han.

Advertisements