Preken St Johannes 16. søndag i alminnelig kyrkjeår (A) 

AAKERDagens Evangelietekst vitnar om alvoret som trua ber i seg. Det handlar om dei val me gjer i livet, og det handlar om ein endeleg dom.

Me lever våre liv som er bygd på to heilt vesentlige og tidvis motsette føresetnader. På ei side er me alle overgjevne til dei forholda me er fødd inn i, dei relasjonane og dei kåra me ikkje sjølv har vald. Ingen vel sine foreldre eller kor dei kjem til verda, og mykje i oss sjølve som personar er allereie gjeven. Me sit så og sei i ein offerrolle i våre eigne liv, med eit utgangspunkt og ein oppvekst som me ikkje sjølv har vald.

På den andre sida vert mennesket ikkje heilt seg sjølv før det tek ansvar. Det vil sei, før mennesket tek sine eigne val. Me vel utdanning, ektefelle eller anna kall i livet. Djupare sett vel me også på sett og vis kven me vil vere, kva verdiar me vil stå for, og kva me vil tru på.

Spenninga mellom det å skulle velje ansvarsfullt og det å ikkje kunne velje ei rekke ting er eit djupt menneskeleg dilemma som ingen slepp unna. Me er bundne til ei livsramme me ikkje har vald, men skal likevel ta ansvar for det livet me lever.

Det kan vere ei tøff byrde å skulle halde oppe. Me er bedne om å ta ansvar for eit liv me ikkje har vald. Sanninga er at mennesket feilar i denne oppgåva, gong på gong. Me gjer feil val. Me gjer oss til offer og fråskriv oss skuld der me kanskje langt heller burde tatt ansvar. Og ikkje skjeldan prøvar me menneske å ta ansvar for forhold som me faktisk ikkje kan rå med.

Midt i menneska sine kaotiske brytningar mellom ansvar og gitte forhold slår likninga om såkornet og fienden i mot oss. Er eg det gode kornet? Eller er eg ugraset som helst bør hamne på elden?

Før me kan finne svar på gåta om oss sjølv må me søkje å forstå Han som set krava i våre liv. Kven er vår Gud som snakkar til oss? Og korleis ser eigentleg Gud på oss?

Salmen me nett høyrde set ord på kven Gud er:

Herre, du er tilgivelse og godhet,
full av miskunn for alle som søker deg.

Herre, ømhets og miskunns Gud,
langmodig er du, kjærlig og trofast (Salme 86, 5. 15-16a)

Med desse fire linjene har me langt på veg femna Guds hovudtrekk. Når Israelsfolket skulle sette ord på kven Gud er, brukte dei ikkje ei mengd superlativ. Det Gamle Testamentet er heller nøktern i ordforrådet, men dei orda som vert brukte om Gud gjentek seg gong på gong. Det er ord som miskunn. Godheit. Langmodig. Kjærlig. Trufast.

hesedEit av orda som er brukt i dag er hesed. Det betyr trufast kjærleik, men på engelsk seier ein gjerne lovingkindness – på norsk kan me lese det begge vegar: kjærleg venskap eller venleg kjærleik.

Vår Gud er venleg, trufast kjærleik. Det er denne Gud som ved Kristus talar til oss i dag.  Dette gjer noko med korleis me kan forstå dagens likning. Det er ikkje slik at Gud står der som ein nøytral domar, som berre observerer, og som vender tommelen opp eller ned alt ettersom me lukkast eller ikkje. Gud står ikkje på sidelinja. Han engasjerer seg, han tek del i våre liv. Det er dette han viser oss i Sonen, som gjev heile seg som innsats for vår frelse.

Gud ynskjer å lyfte oss fram, og han tek sjølv initiativet ved å gje oss Den Heilage Ande i våre hjarte. For Gud veit at me er ufullkomne. Han veit at menneskesinnet er skada, han ser vår åkerjord som ikkje er fri frå ugras. Men han forkastar oss ikkje av den grunn.

Han seier berre: Eg er Gud. Eg lever i nået. Kom no, kom til meg, her og no. Vala du gjorde i går er gjort. Vala du må ta i morgon kan du ikkje gjere noko med. Men i dag kan du velje. Du er gitt den gode del. Søk den, den skal ikkje bli tatt frå deg. (jf. Luk 10, 42).

For eg er Herren din Gud, full av miskunn, kjærleg og trufast.

Advertisements