Guds ord vender ikkje tomt tilbake, seier profeten, men utfører det Herren vil. Kva slags ord er det tale om her?

Me lever i ei tid som fløymer over av ord. Me skravlar og tekstar på mobil og sosiale media, me les aviser, nettaviser og ei mengd mindre seriøse nettsider.

Reklame

Me høyrer på orda til politikarane, som med sine valløfte og sine vyer vil overtale oss til å stemme akkurat deira parti. Me veit at samstundes som det er alvor er det også eit spel, ein kamp om stemmer, og ein alliansekabal som gjer politikarorda til flyktige setningar som langt frå alltid har hald.

Me er utsatt for ein endelaus straum av reklame som lovar betre dagar berre du slår til NO. Jan Erik Vold sa det så greitt: «Kjøp meg, for jeg er bra. Kjøp meg, for jeg er best. Kjøp MEG, for jeg er bedre enn best!»

Reklamen og dei kapitalistiske store konserna vil ha definisjonsmakta over kva som forløyser oss, kva som gjev oss lykke. Og det er alltid noko utanfor oss sjølv, og alltid av materiell karakter.

Og så må me ikkje gløyme tabloidavisene. Den farlige flåtten. Bli slank på tre dagar. Tren deg til himmels. Ord ord ord.

Og midt inn i dette kaoset står profetens løfter fram: Mitt ord, seier Herren, vender ikkje tomt tilbake, men utfører det eg vil.

På hebraisk er ordet for å seie noko og ordet for å skape eitt og same. Difor er det eit ordspel når me i fyrste mosebok les: Og Gud sa: Bli lys. Og det blei lys. Når Gud seier noko er det derfor ikkje berre lenger ord. Det Gud seier er i same stund som det er sagt.

Når Kristus openberrar seg som Guds Son ser dei tidlige kristne at Jesus, han er det inkarnerte Ordet, Logos. Gjennom Kristus har Faderen sagt alt. Han er den fulle openberringa av kva Gud ynskjer å seie. Og den fulle openberringa av kva Gud ynskjer å gjere!

Ved Jesus har menneska fått det heile og fulle Gudsordet i gåve, og i den andre lesninga i dag høyrer me korleis Paulus lengtar etter forløysing, han lengtar etter at Guds Ord skal realiserast fullt ut. Det er den same lengselen me kristne i dag ber i oss. Me er samla for å høyre Guds Ord, det ordet som skapar, det som endrar.

For Gud sender ikkje berre ut sitt Ord. Han sender det inn i våre hjarta, og han sender det inn i relasjonane som me lever i. Midt i våre liv, slik det er med sine manglar, sine synder, sine sår, midt inn i vårt tilvere og i våre hjarta sender Gud sitt Skaparord, sitt frelsarord. Og Guds løfter står fast: Ordet vender ikkje tomt tilbake, men utfører det Herren vil.

Me treng dette Ordet i vårt liv. Kristus talar i likningar, men seier opent kva han vil. «Eg lengtar, seier Jesus, etter at menneska opnar seg for Ordet, at alle vender om, slik at eg kan lækje dei alle.» (jf. Matt 13,15)

Jesus lengtar etter lækjedom for oss. Er det ikkje fantastisk? Finst det ei vakrare gåve Gud kunne gjeve oss?

Men kan hende sit du no og lurar på kva dette Ordet er. Er det ikkje på tide at presten no seier rett ut kva Ord han snakkar om? Det hadde vore kjekt. Det hadde gjort det heile enklare. Men Ordet som Gud sender, det sender han inn i hjarta. Det er i grunnen av oss sjølv, i vårt indre, at me må leite etter Guds stemme. Gjennom kyrkja sin liturgi, gjennom bøna –både dei me seier og dei stille stundene, og ikkje minst gjennom alle relasjonar som me byggjer i våre liv, det er her Gud talar sitt Ord til oss. Det er her me må leite, og slik samarbeide med Skaparordet.

Copacabana Pave Frans 2013_495 px

Copa Cabana WYD 2013 med 3,5 millionar ungdomar samla.

Då pave Frans tala til 3,5 millionar ungdomar på Copa Cabana i Rio la eg merke til noko eg ikkje har gløymd. Han tok for seg likninga frå dagens lesning, og snakka om frøet som fall på tistelgrunn. Så stoppa han opp litt og improviserte og sa: «Men eg veit at under tistelen og ugraset, der er det god jord. Og så kan du sjølv hjelpe litt til, og luke littegrann, og slik betre kåra slik at Gudsfrøet kan vekse».

Så må de alle ha ein god sommar, og luke godt i bedda både ute og i dykkar indre.

Advertisements