(Preken i St Johannes 6. juli 2014 – 14. søndag i alm kyrkjeår år A)

Kvinnen ved brønnenDet kristne disippelåket er lett, seier Jesus. «mitt åk er godt, og mi bør er lett» (Matt. 11,30). Korleis stemmer dette med røyndomen til Kristenfolket gjennom historia? Var det lett for dei tallause martyrane i den fyrste kristne kyrkja? Eller for misjonærane som vart forfylgde i Asia og elles i verda? Eller for dei kristne i Midt-Austen i dag?

Det ligg ein skugge av smerte over den menneskelege historia, og over dei enkelte truande som har gjennomlevd vonde ting. Uretten råkar alle i form av krig, vald, arbeidslause, sosial naud, politisk undertrykking. Menneske flyktar til ei kvar tid i verda, og prøvar å finne livsrom der dei kan. St Johannes kyrkjelyd er sjølv eit vitnesbyrd om denne vanskelege historia, og mange av Kyrkja sine medlemmer her i Noreg kan vitne om store prøvelsar og tøffe erfaringar.

Sjølv der fred og velstand råder kjempar mennesket. Den utbreidde relativismen og materialismen gjer mennesket rotlaust og søkjande. Det er mange som fortvilar over ikkje å finne fotfeste i eige liv. Me har alt, seiest det. Men mennesket leitar og saknar likevel.  For velstand gjev ikkje nødvendigvis meiningsfylde, retning, livssubstans. Mennesket søkjer feste, men finn ikkje forankring i flyktig lykke.

Og kva med oss kristne? Har me det naudsynte festet i livet? Sjølv me som trur kjempar mot meiningsløyse, mot ei overflatisk livshaldning, og mot synda sine krefter som bryt i vårt eige sinn. Me kjempar med eller mot eigne, indre sår, og me når ikkje alltid inn til kvarandre slik me kanskje skulle ynskje.

Midt i alt dette inviterar Kristus oss til å ta på oss hans åk. Er det endå ein byrde? Er det endå eit krav? Kva slags åk er dette?

Kristi åk er eukaristiens åk, takkesongens åk. Dette er paradokset i Jesu ord i dag. Jesus ber oss om å ta inn over oss det åket som til sjuande og sist er det som ber kvar einskild av oss og heile Kyrkja gjennom tid og rom. Den kristne kyrkja har alltid halde fast ved denne songen.

Kristi åk er lovsongens røyst, i messeferinga, i tidebønene, i feiringa av alle sakramenta.

Kristi åk er den trufaste, indre bøna både i glede og i sorg, både i lykke og i smerte. Kristi åk er eit stille sukk mot Gud i ein sein nattetime.

Kristi åk er omsorga for nesten, og særleg for dei lidande, for dei som ingen andre ser. Og Kristi åk er tolmod, velvilje, audmjuke, von og sanning, slik Paulus så vakkert skildrar det i kjærleikens høgsong i 1. korintarbrev (1. Kor 13,1-13)

Det var dette åket dei truande i tidligare tider bar på sine skuldrer, og som har lyft Kyrkja fram til her me står i dag.

Det er dette åket Kristus ber oss om å ta på oss. Kom, seier han. Kom, og lær av meg. «Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.» (Matt. 11,29)

Dette kjem som eit ekko av profeten Jeremia som forkynner for Israelsfolket: «Still dykk på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv.» (Jer. 6,16)

Vegen til det gode er ikkje ein veg som ikkje let seg finne. Tvert i mot, seier Jesus. Det er i det heilt enkle at me når inn til bodskapen Jesus deler i dag. Sjølv prisar han Faderen fordi det er skjult for dei kloke og forstandige. Visdomen Jesus deler med oss er for dei små, dei opne, dei som held fast ved det barnlige sinn.

Og så skal me minne oss på ein siste ting. Kristi åk er noko kvar einskild av oss ber. Men når me er samla her til messe i dag, då er det eit kollektivt lyft, noko me ber saman, og som ber oss alle. Så lat oss oppmuntre kvarandre på trusvegen, og lat oss hjelpe kvarandre med å bere kvarandre sine byrder etter Kristi førebilete, han som ber oss alle fram til frelsa og einskap med Gud.

Advertisements