På trykk i Klassekampen si spalte I god tro den 4. juni 2014 

I transhumanismen vil mennesket vere sin eigen arkitekt. Det går gale.

TranscendenceI desse dagar går Sci-Fi-filmen «Transcendence» på norske kinoar. Den handlar om ein mann som vert lasta over på internett før han døyr. Slik bryt han grensene for døden og lever vidare i cyberverda. Barnslege fantasiar? Ikkje om ein skal tru Vårt Lands oppslag 5. juni. Der kan me lese om transhumanistane som samlast for å finne felles styrke i deira endelege visjon: Evig liv. Men i motsetnad til tradisjonell gudstru, er det teknologien som skal forløyse menneskets draum om helse og liv. Dei kallar seg Humanity+, og spenner over heile verda.

Den teknologiske utviklinga skal sørgje for at me vert sterkare, klokare, lykkeligare, kort sagt, supermenneske som hevar seg over seg sjølv. Og mennesket sjølv er arkitekt. Ved å nytte det nyaste innan mellom anna genmodifikasjon, nanoteknologi og kunstig intelligens vil dei gjere eit sjølvskapt kvantesprang i utviklinga. Transhumanistane har til og med innført ei ny tidsreikning med nullpunkt i «singulariteten» i år 2045. Då reiknar dei med at computerhjernen har passert potensialet for den menneskelege hjerne. Dermed vil det vere mogleg å laste opp personlegdomen til mennesket som såleis kan leve vidare.

Det kan høyrest ut som fiksjon, men ser me nærare på fenomenet hentar transhumanismen næring like mykje i notid som i framtid. For vitskap og teknologi har bråendra vår menneskelege eksistens. Dei siste tiåra har me vore vitne til revolusjon på nær sagt alle plan. Så kvifor ikkje tenkje seg eit cyberliv eller ei ungdomskjelde for evig fornying av mennesket. Enkelte går så langt som til å legge konkrete planar (med store økonomiske investeringar) for å fryse seg ned medan dei ventar på ljosare teknologiske og medisinske tider.

Kva så? Gjer ikkje mennesket rett i å strekkje seg etter det beste? Jau, men sjølv for mennesket går det ei grense. I filmverda, som elles i vår tid, er kriteriet for kva som er menneskeleg svært ofte målt i kva grad kvinner og menn er sjølvmedvetne. Så lenge dette ikkje kan påvisast, finst heller ikkje menneskeverd. I filmen «Limitless» (2011) er lukka fri tilgang til 100 prosent av hjernekapasiteten. I «Transcendence» er det å vere sjølvmedveten sjølve lakmustesten på om ein er eit menneske eller ikkje, anten det er i det verkelege livet eller i cyberspace.

Det er noko som vantar i dette menneskesynet, og vyane for framtida kjem med ein pris. Når mennesket ikkje vil vedkjenne seg sin eigen veikskap og sitt sårbare vesen, blir transhumanismen som å gå ein tur i Vigelandsparken. Båe stader vantar det svake, tvilande, haltande. Det er ikkje rom for såra menneske eller noko ufullkome. Den forførande tanken om det suverene fortrengjer dei faktiske menneskelege kår.

Dette er ikkje fjern framtid. Vår tid er tydeleg merkt av denne ideologien, som speglar seg i dopingdebatten, i abortpraksis, i haldninga til uføre og det ufullkomne og i alt som rører ved det som gjer mennesket – menneskeleg. Francis Fukuyama, amerikansk statsvitar og forfattar, har i ei årrekkje åtvara om transhumanismen, som han kallar «verdas farlegaste idé». I ein artikkel publisert i tidsskriftet Foreign Policy i 2004 peikar han på korleis ideologien vil kunne ramme grunnideen om menneskeleg likskap. Transhumanisme er for eliten, for dei ressurssterke, for dei som allereie er vel rusta i tilveret. Då vil den urettferdige fordelinga av godane som allereie pregar vår klode verte endå større.

menneske

foto: br Haavar S


Men langt meir alvorleg
er endringa av definisjonen av kva som er menneskeleg. Menneskenaturen er ein heilskap av både sterke og svake kvalitetar som utfyller kvarandre og gjer mennesket til kva det er. «Om me ikkje var valdelege og aggressive ville me ikkje kunne forsvare oss sjølve. […] Om me ikkje følte sjalusi ville me heller aldri kunne kjenne kjærleik.» Kan menneske gjere seg sjølv til sin eigen arkitekt? Veit me kva me tuklar med?

Meir enn nokon gong treng me å halde fast i menneskeverdet, ikkje knytt til funksjon eller grad av sjølvmedvit, men i sjølve det å vere menneske. Me treng omsorg for det sårbare, ikkje overgrep. Me treng miskunn, ikkje makt. Me treng sann humanisme, ikkje sjølvsentrert egoisme.

På gravsteinar plar det stå eit kors (+) for dødsdagen til eit menneske. Slik vel eg òg å lese namnet på organisasjonen Humanity+.

Advertisements