På trykk i spalten Klostertanker (siste side) i St Olav Katolsk kirkeblad 3/2014

Me har nett feira pinsehøgtida, der dei truande og Kristi kyrkje mottek Den Heilage Ande. Slik utrustar Kristus oss med kraft til å stå fast som misjonsvitne i vår eigen kvardag. Me går frimodige ut i verda, trygge på krafta me får frå det høge. I kyrkjeåret 2014 kjem festen for St. Johannes berre dryge to veker etter pinse.

Paven og Forsoningens sakrament

Kontrast? Ein vil kunne hevde at det er ein viss kontrast mellom jublande pinsefest  med tungetale og døyparen Johannes i øydemarka som svingar ordet som ei øks og formanar til omvending, bot og lutring. Etter å ha vore på ein lengre retrett på Iona har eg imidlertid kome til at det er ein djup og rik samanheng mellom desse to dimensjonane i Kyrkja. Det kan vere krevande å sjå ærleg på seg sjølv, og det er rart med det: Når eg kjem hit til Iona, synest det som om eg har fått den litt ubehagelege nåden å sjå mitt eige tilvære eit fornya sannings ljos. Det er ikkje alltid like lett å sjå seg sjølv på godt og vondt. Kanskje ligg det eit skjult åndeleg samband mellom det eg opplever under retretten og historia til denne øya?

Iona skreiv seg for alvor inn på kartet for åndelege kraftsentra då den heilage Columba slo seg ned her allereie i 563. Han segla frå Irland med tolv(!) fylgjesveinar, og grunnla eit klostersamfunn. Slik akselererte utbreiinga av keltisk trus- og åndsliv, som allereie då hadde utvikla seg over lengre tid i Irland. Gjennom ei stor, monastisk rørsle vann keltisk spiritualitet fram og vart ei bærande kraft, ikkje berre i klostera, men i samfunnet generelt. Me knyttar gjerne visse trekk til denne trusforma, så som det kontemplative liv, mystikken, pilegrimsaspektet og nærleik til naturen. Men ikkje mindre viktig var botstanken, sjølvransaking og dei asketiske ideala. Då Irlands vernehelgen, St Patrick, på sine eldre dagar sette seg føre å skrive sin Confessiones, historia om hans eige liv, starta han med desse linjene: «Eg er Patrick. Eg er ein syndar.»

Tru og sanning.  På våre trakter er vårt syn på synd og sjølvransaking prega av den luthersk trusarven og har ofte ruva som ei mørk sky på vår Skapars blåtindrande himmel. Men St. Patrick skreiv ikkje sine fyrste linjer tufta på luthersk lære. Keltisk spiritualitet hadde røter tilbake til ørkenfedrene og til austkyrkja si kristentru, der dei henta inspirasjon og visdom. Den heilage Cassianus (som enkelte lærde hevdar var av keltisk opphav) budde med ørkenfedrene over lang tid, og i hans nedteikningar skildrar han korleis ørkenfedrene både levde og trudde. Synd var ikkje i fyrste hand sett som eit brotsverk. Det var meir eit teikn på djupe sår i menneskets sinn, noko som krevde lækjedom. Å vere kristen var å søke Gud i tru og sanning. Men sanning gjaldt også ein sjølv, både med dei gåver og med dei manglar og lastefulle trekk som det einskilde mennesket måtte ha. Gjennom askese, studier og dagleg lovprisning skulle trua styrkast, og slik kunne munken gje rom for Anden i sitt indre.

I keltisk åndsliv såg ein behovet for denne indre lækjedomen, og ein utvikla etter kvart ein vegleiar-praksis der det einskilde mennesket kunne komme med sine innerste tankar til sin anam cara, eit gælisk omgrep for sjeleven. Slik utvikla skriftemålet seg mot den forma me kjenner i dag, og som meir retteleg ber namnet sakramentet for forsoning. Denne praksisen førte den einskilde truande mot eit dynamisk trusliv som la til rette for vekst og indre, åndeleg fornying. Å sjå ope på si eiga synd var viktig for å kunne stille rett diagnose, og for å kunne samarbeide med nådens kraft frå Den Heilage Ande. Ved å forsone seg med Gud og seg sjølv kunne ein vinne djupare inn i den evangeliske fridomen som dei fyrste kristne vitna om.

Rom for å handle. Kva skjedde så med meg, der ute på den heilage øya i havgapet? Som ein Jona i kvalen skalv eg meg gjennom tre dagar og tre netter, og fekk kasta over meg den eine skuldinga etter den andre. Syndemyrkret låg tjukk som graut i lufta, og eg fekk mest ikkje puste. Demoniske tankar lugga og reiv, og ville dra meg ned, djupare, djupare … Men til slutt kom eg til eit punkt der eg ikkje orka meir. I staden for å kjempe mot, lot eg meg berre drive med. Om Gud ville vise meg alt dette, då måtte det vere for at sanninga skulle sette meg fri. Plutseleg var det ikkje lengre så skræmande. Å sjå si synd, sine sår, er grunnleggjande godt, for det gjev rom for å handle. Det kan til og med kome til å gå sport i det, slik det gjorde for både ørkenfedre og Columba. Og eg kjenner ei indre stemme som jublar saman med Heilaganden: «Ja, vis meg det som er, for eg vil vidare i livet og i trua!»

Advertisements